Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 5. februar 2013

Tre kalendrar - tre nyttårsfestar.

Den thailandske månekalenderen:
 For dei såkalla therewada buddhistane, det vil seia dei som bur i Thailand, Laos, Cambodia and Burma er det nyttårsfeiring i midten av april. Det er i den  "varme årstida", som er ei av dei tre årstidene her i dette tropiske landet. Nyttårsfesten går over 3 døger, og vert kalla Songkran-festivalen. Då spring folk rundt med vatnpistolar, bøtter og spann. Det er om å gjera å veta ut dei andre mest mogleg. Kalenderen deira viser at år 2556 startar ved den komande Songkran-festen. Dei ligg altså 543 år før oss i løypa. Det er 2556 år sidan Buddha sin dødsdag, trur dei. 
Den gregorianske kalenderen:
I følgje pave Gregor den XIII sin kalender, den eg har på kjøken-veggen i Haugavegen, er det 2013 år sidan Jesus vart fødd. Buddhistane her i landet nyttar også denne kalenderen. Det er nok for at det skal bli greiare for oss turistar å skjøna at sjølv om me reiser halve kloden rundt, og sjølv om me må stilla på klokka etter reisa, så skal me ikkje stilla ho 543 år fram. Dei siste åra har 1. januar såleis vore offisiell fridag også her. Men kva 2013 står for, vil ikkje thaiane snakka så mykje om. Det har ikkje noko å gjera med deira heilage tru.
Den kinesiske månekalenderen:
I Thailand kryr det med kineserar. Ikkje i same grad som i Kina sjølvsagt, men dei har opp gjennom åra strøymd på frå nord for å søkja grønare gras på denne sida av gjerdet. For å overleva. Og i Thailand har denne minoriteten ikkje blitt forfulgt, slik som i mange andre land. Kinesarane her er godt integrerte. Dei lærde seg raskt thaimålet, respekterte buddhismen og formerte seg greitt både med eigne og nye landsmenn, vert eg fortald. Ein stor og uoversiktleg  minoritet  med kinesiske gener i større eller mindre grad, ligg rundt mellom 10 - 20 % les eg. Og kineserane har med seg sin eigen kalender. Wan trut chin kallar thaifolket den kinesiske nyttårsdagen. Den kjem på den andre (stundom tredje) nymånedagen etter vintersolverv, og skal i tillegg vera mellom 21. januar og 19. februar. I år kjem denne kinesiske nyttårsdagen den 10. februar. Då startar slangen sitt år i denne 60-talsykliske kalenderen.
Den beste plassen å oppleva den kinesiske nyttårsfeiringa i Thailand, er i China Town i Bangkok. Også her i Hua Hin har ein begynt å pynta seg til festen i slutten av veka, noko eg tok bilete av på handlesenteret idag. Likevel  reiser eg og mi kjære på ein weekendtur inn til Bangkok fredag til sundag.
Då skal me feste. Kinafeste,  med 7 andre millionar minst.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar