Eg var i Thailand då Kong Rama IX feira 80-års dagen sin. Det var i 2007. Han feirer alltid bursdagen sin i Hua Hin. Her har han feriepallasset sitt. Han var begynt å skranta alt då 80 åringen, slik 80-åringar ofte gjer. Han hadde vore innom sjukehuset nokre gonger, og folket ottast for kva som kunne koma til å skje. Alle kledde seg i gult, for å heidra kongen sin. Han er fødd på ein mandag, og sidan kvar vekedag i Thailand har sin farge, blei dette Rama IX sin farge.
Nå er kongen blitt 85 år, og dagsformen er ikkje god. "Korleis er det med kongen?", spurde eg varsamt ei lokal thai kvinne. Ho blei sorgfull, og lei seg. "Det er ikkje så bra med Kongen min", sa ho. Er kronprinsen klar til å ta over om noko skjer, undra eg. Ho ville ikkje snakke om det.
Seinare har eg skjøna at dette med krompen, er eit ømtåleleg tema. Han er ein playboy som thaifolket ikkje har tiltru til. Den statusen som kongen har i Thailand, er knytt opp mot personen Bhumibol Rama IX, og ikkje opp mot sjølve kongehuset som institusjon. Det er dei 17 militærkuppa og 26 statsministrane han har overlevd, og det plettfrie levesettet hans som gjer at han har oppnådd slik respekt hos thaifolket. Det er forventa at turistane også viser vørdnad for han. Til dømes må bilete av kongen handsamast med respekt. Og sidan han er avbilda både på myntar og på pengesetlar, skal ein ikkje bære pengeboka på baklomma. Då har ein kongen under ræva når ein sit, og slikt er majestetfornærming. Vert dette avslørt, kan ein risikere at thaismilet stivnar.
Heime har vår Harald klart å styra unna problemet, iallfall på setlane. Eg har såleis aldri merka noko reaksjon på handleturane til Storsenteret heime, sjølv om eg der dreg pengeboka opp av baklomma.
Då spørst det om du respekterer Edvard Munch, som prydar tusenlappane dine!
SvarSlettJo Edvard er sjølvsagt grei, men han er ikkje av kongeætt - trur eg. Så noko majestetfornærming kan det ikkje bli snakk om då :-)
SvarSlettMen me må heller ikkje gløyme den Edvard'n som er avbilda på visakortet ditt!
SvarSlettDen var god. Jo når eg har det kortet med meg, er eg sjølvsagt respektfull. Vanlegvis nyttar eg Visakortet eg fekk av Kjos, og det er utan bilete. Når eg er på reise ber eg det i armhuleveska mi. Der luktar det stundom vondt...
SlettI have to let google translate this......what I do know is that you're travelling the world.....good for you!!!!
SvarSlettI have to let google translate this......what I do know is that you're travelling the world.....good for you!!!!
SvarSlettI doubt that a Google translation will make any sense. I am using what we call nynorsk (new norwegian?)when I am writing, and Google only offer translation of the other norwegian "dialect" called bokmål. Many years ago I explained your father the origion and bacground for this. It's complicated. Such a small country like Norway, and we still can't agree about one common language or dialect. It's insane.
SlettAnyhow, thank you for letting me hear from you. I and Svanhild are staying for 2 months in Thailand (Hua Hin) this year, as we have done several times before also. It's kind of warmer here than it is at home:-) We also plan to make a journey to Vietnam when we are still in this part of the world.
By the way, tantePetra is a lovely name.It suits you...
Tell us more about this mysterious Tante Petra!
SvarSlettdet er ei tante Petra som kjem inn her, kven er det?
SvarSlett"Everybody" wants to know who tantePetra is. It's up to tantePetra to decide if she wants to come out of the closet.
SvarSlett