Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 3. januar 2013

Suvarnabhumi

Eg har alltid slite med å uttale namnet på hovudflyplassen i Bangkok - Suvarnabhumi. For ikkje å snakke om å hugse dette merkelege namnet. "Eg skal flyga til Bangkok", seier eg til folk. Sjølv om eg veit at uttalen er  สุวรรณภูมิ. Ordet kjem visstnok frå sanskrit og tyder "Det gyldne landet". Det er eit vakkert namn på ein flyplass.
Thai Airways frå Oslo landar der. Kvar dag, så også nyttårshelga 2012/2013. Me var med på den turen, mi kjære og eg pluss rundt 400 andre folk. Dei fleste passasjerane var norske, men mange av dei var middeladrande og eldre norske menn med sine thailandske kvinner. I grunnen ei praktisk løysing det der. Dei thailanske kvinnene er drivande kvinnfolk som alt etter boardingen av flyet tek over kommandoen. Nett som flykapteinen styrar over flyet, styrar thaikvinna over sin norske mann i kabinen. Spesielt når han slit med å få tinga den rette drykken hos det thailandske personalet ombord, er dette nyttig hjelp å ha med på tur. Også støtta ein kan få ved disembarking og gjennom emmirasjonskøen på Survarnabhumi gir problemfri ankomst til "Det gyldne landet".

Mi kjære og eg er utstøe i thaispråket, og slit med å skjøna thaiane sin engelsk. Men her er det om å gjera gode miner til allslags spel. Stikkordet blir å smila, smila til heile verda og prøva å minnast kor greitt det gjekk sist me var gjennom systemet på denne flyplassen. 

Vår Thailandske vertinne, Nuna, skal vera ved utgangen med bilen sin. Ho skal ha eit skilt med mitt namn på, slik at eg skal kjenne henne att. Men då flyet vårt landa 45 min før tida, vart det ei tid å vente før ho dukka opp. Ventetida bruka eg til å forklara pågåande taxisjåførar at eg ikkje skulle ha skyss. Eg gjekk berre rundt og såg ut som om eg trengde det. Siden smart-telefonen min i sin smarthet hadde latt seg låsa av Mcafee-virusprogrammet, blei det vanskelg å finna ut kor Nuna var i løypa. Telefonen trudde han var stjålen av asiatar, sidan han med eitt befant seg på 13°45′00″N 100°31′00″Ø. Eg har godsnakka med han nå, og heldigvis fått han til å akseptera vidare drift.
Nuna køyrde oss til Hua Hin, nærmare bestemt til Norway Garden. Før vart dette kalla University Garden, sidan universitetet her er ein nær nabo. Men sidan Universitetet ikkje kunne halde ut med at så mange normenn budde i hagen deira, vart det namnbyte på denne buplassen. Norway garden er busett, ikkje overraskande, av berre nordmenn. Det er greitt nok, så treng ein ikkje gå rundt å smile heile tida. 
Her vil eg bu med mi kjære til landet med fjordane, midnattsola og nordlyset, har slite seg igjenom vinteren 2013. Då reiser eg heimatt med trua på at heime er best. Den trua har eg ikkje fått enda...

1 kommentar: