Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 15. mars 2011

Tankar i dusjkøen

Det har lenge vore graving på andre sida av gata. Byggservice har fått ein jobb hos kommunen, og driv på i rykk og napp. Kommunen skal setja opp bustad for narkomane eit stykke oppe i gata. Dei vert næraste nabo til helsesenter og sjukeheim på eine sida av gata, og til gravferdbyrå på andre sida. Våre folkevalde tenkjer funsjonalitet og rasjonalitet. Ei slik plassering gir handterlige transportkostnader, og kort veg til medisinskapet i legekontora på nattetid.
Mange gruar seg til desse nye naboane. Dei som har fått nabovarsel i saka, har og fått tilbod om kommunalt kurs i korleis ein skal "møta" slike naboar. Eit kurs i folkeskikk relatert til narkomane. Dette tilbodet har falle på steingrunn. Ein av dei eg snakka med, ein nordlending, banna foraktleg over  kursinnvitasjonen. "Ka f...", sa han . "Det er vel ikkje me som treng kurs". I eit lite sekund virka som om han heller ønskte seg våpenløyve.
Eg skjønar at folk vert usikre og engstelige når dei får avvikarar tett inn på kvardagen sin.  Synet på kven som er avvikarar har endra seg opp gjennom åra. Eg berre nemner i fleng taterar, nordlendingar, ml-fanatikarar, innvandrarar og Jehovas vitner. Å få slikt pakk i nabolaget, har øydelagt nattesøvnen for mang ein rettruen statskyrkjeleg borgar.
Nå er det sjuke folk det gjeld. Folk ein ikkje kan stola på, men som likevel treng omsorg og husvarme. Eg minnes ei anekdote om ein samaritan som ikkje berre stelde såra til den forulykka, men og betalte for opphaldet hans på eit vertshus.
Så får det heller kosta meg litt å akseptera at og slike folk må få leva, og at eg er nøydd for å sjå på slikt i nabolaget.
Men ein ting er eg galen for: Kommunen varsla vatnutkopling kl 8 i dagtidleg. Den dusjkøen som oppstod i huset frå kl 7.30 var uuthaldeleg. Enda surare blir eg når eg ser at vatnet i skrivande stund kl 11.00, ennå ikkje er utkopla.
Trøysta får bli at sjølv om dei narkomane kanskje kan skremma vatnet av nokon kvar, så sender dei ikkje falske varslingar om vatnstenging.

1 kommentar:

  1. Flott, Gunnar! Og det med vassutkopling er noko herk. Håpar me slepp det, iallfall i dusjtida. Men kva har du oppe å gjere så tidleg om morgonen, du din gamle pensjonist?

    SvarSlett