Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 27. mars 2011

UTC+2

Tida er transformert. Det skjedde klokka 02 sist natt. Då gjekk me frå UTC+1 til UTC+2. Me la oss 2 timar etter den universale koordinat tida. Mange av klokkene mine står i kontakt med høgare makter, og ventar ikkje på at eg skal stå opp og skrua dei fram ein time. Det har vore krefter i sving i stova i natt. Både mobilen, pc-en og tv-en glimtar mot meg med korrigerte klokkeslett, idet eg tek dei fram for å stilla om til den nye tida - sommartida. Omstillinga er alt utført på ein for meg lettvint måte.
Verre er det med det biologiske uret. Det som ligg i hypothalamus, og som synkroniserer seg med sola. Vår Herre har ikkje gjort noko med soloppgangen. Det gjorde ikkje Odvar Norli heller, då han som statsminister gjekk saman med resten av EU-landa og innførte sommartida på nytt i 1980. Sjølv ikkje Gro som overtok etter Odvar i 1981, fiksa på det. Det hadde nok Gro klart om ho hadde lagt godviljen til.
Eg er av bondeætt. Bønder likar ikkje sommartida. Dei grunngir det med at kyrne ikkje vil ha slik  klokkeskruing. Dei rautar ikkje etter å bli melka før deira biologiske ur, som ligg i juret, ringer. Ingen høyrde etter kva bøndene sa. Å skjula seg bak kua, holdt ikkje i denne saka.
Eg var lærar. Lærarstanden satte stor pris på sommartida. Særleg klokkestillinga i mars var gode greier. Då kunne læraren få dosera i fred dei første timane på dagen. For anten møtte svært få elevar fram så tidleg, og dei som var der, var i ein tilstand av skråsitjande slumring. Om læraren sjølv ønskte å ta det litt med ro framme ved kateteret, syntes elevane det var behagleg med litt ro og fred.
Eg er pensjonist. Gamle menn søv ikkje om natta, sa Jon Hervik Karlsen til Kjell Kristian Rike under ei skiskyttarsending på NRK for ei tid tilbake. Dei karane hadde greie på så mykje, og eg har altid festa stor lit til dei. Difor syns eg omstillinga til sommartida er ei velsigning. At klokka gir løyve til å stå opp ein time før normal UTC+1 tid, gjer pensjonislivet lettare. 
Men så er det dette med nomenklaturen då. Å skildra tida me nå er gått inn i med ordet sommartid, blir så feil. Å stå opp til denne såkalla sommartida, siste helga i mars, når snøen dryss frå innkontinete nedbørskyer, og kvikksølvstripa i gradestokken treng Viagra, gir meg ingen sommarassosiasjonar. Me må slutta å bruka dette namnet på denne tida.
Om ikkje betre forslag dukkar opp, velgjer eg å kalla perioden me entra i natt, for UTC+2. Enkelt og greitt.

1 kommentar:

  1. Men så herleg det er om hausten når me kan skru klokka tilbake og dra oss i senga ein ekstra time!

    SvarSlett