Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 17. mars 2011

Å hei! Å hi! Å tiriliti!

Når gata er snøfri og strøsanden ligg einsam att på asfalten, dalar kostebilen ned. Han er ein av trekkfuglane våre som overvintrar sør i Europa i vinterhalvåret. Ja, så langt sør som i Sahara, har ein observert dei på vinterstid. Der har dei rikleg tilgang på næring, og der et dei seg skikkeleg opp før den energikrevjande reisa mot nord. 
Turen nordover går over Gibraltarstredet der dei slår seg ned eit par kviledøger for å feia opp billege kvasi Eu-sneipar langs fortauskantane. Turen nordover går greiare om dei får bygd energireservane sine med basis i variert ernæring.
Så ein dag tidleg i mars vert dei observerte på veg innover Jæren. Stavanger Aftenblad skriv:
"En glad leser fra Ytre Tasta melder at han for første gang i år hørte kostebilene mandag morgen. Det skjedde klokka 06.20. Det var til og med flere eksemplarer som priste våren med sin muntre sang. Tidlig hver vår skjer dette på de samme Tasta-jordene."
Så etter nokre dagar nordover langs vestlandskysten, landar dei på Husnes. Dei kvitrar seg oppover Haugavegen med våryre kosterotasjonar, og eg kjenner ei indre glede som eg jublande deler med alle: 
Våren er her. Å tiriliti!  


2 kommentarer:

  1. Randi M. Sandvik17. mars 2011 kl. 20:36

    Lite kostebilar her på Stange. Me pleier å se etter Vipa.. og den er observert!

    SvarSlett
  2. Bra. Då har vel vipa og kostebilane floge saman nordover......

    SvarSlett