Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 8. mars 2011

Ei åtferdstudie

Når eg ser på uteværet idag, er eg svært nøgd med at heimreisa frå fjellet var igår. Me starta i overskya men stille vinterver, noko som holdt seg til Vågsli. Over Ulevå friskna det på med vinden, og like før innkøyringa i Haukelitunnelen var det på grensa til kolonnekøyring. Men me kom oss gjennom med eige syn. Det hadde me ikkje klart idag, ser eg på vegmeldingane.
Likevel blei det kluss på vestsida. Oppe i Austmannalia stod ein semitrailer på tvers i vegen. Ein svenske. Det var mest som å sjå Marcus Hellner på 30 km i Kollen. Feil skodd i vinterværet. Vår svenske køyrde på kjettingfrie gummidekk.
Det er ei studie i menneskleg åtferd å sitja i bilen og observera aktiviteten i slike situasjonar. Eg meiner å kunna dela folket i køen som straks oppstod, i følgjande kategoriar:

  • Dei som straks er ute av bilen sin på veg mot det sperrande køyretøyet. Dei har verken tanke for eller kunskap om  korleis ein legg kjetting på ein trailer. Dei vil dit primært av to grunnar: Mobba svensken og vera den som etterpå kan gå langs bilradene å informera om kva dei sa han.
  •  Dei som vert sendt ut av ektefellen for å samle inn data, og raskast mogleg returnera for å dela desse med henne.
  • Dei som har ei velmeint hensikt om å hjelpa til, men som berre vasar i vegen og seinkar arbeidet.
  • Dei som ikkje går ut av bilen sin, men sit inni, bannar, slår i rattet, i dashbord og på ungane.
  • Dei som ikkje går ut av bilen sin, men tek fram termos og matpakke og kosar seg over den smule underhaldning som heilt uventa og gratis dukkar opp på heimturen frå hytta.
  • Og til slutt, dei som har kompetanse på området. Norske trailesjåfører med gule refleksvestar, hender som tåler høgfjellskulde og som veit opp og ned på ein piggkjetting. 
Det var slike folk som løyste situasjonen for oss i går. Det var dei som viste at det ikkje berre er Northug som er rå i bakkane. Eg skal aldri meir nytte eidar mot desse cowboyane. Sjølv om eg skulle hamne bak dei frå Røldal til Hordadalen - trur eg.

2 kommentarer:

  1. Og du påstår at du høyrde til i nest siste kategori, eller ...?

    SvarSlett
  2. Nei påstår eg noko som helst? Nå trur eg du les mellom linjene

    SvarSlett