Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 1. november 2010

Sekstitalisten.

Dette seier Statistisk Sentralbyrå (ssb) om året 1967:
  Folketalet i Norge er 3 768 298.
  66 779 barn blir fødd.
  1,5 prosent av nyfødde døyr før dei fyller eit år.
  Ein nyfødd gut kan venta å bli 71 år, ei nyfødd jente 77 år.
  Dei mest populære namna på nyfødte er Anne, Hilde, Nina og Kristin for jenter og Jan, Bjørn,  Geir og Per for gutar.
  Det er 29 154 par som gifter seg og 2 876 som skiljer seg.
  Gjennomsnittleg alder ved første giftemål er 22,9 år for kvinner og 24,9 år for menn.
  Det er 134 personbilar per 1000 innbygjarar.
  Eit kilo kjøtdeig kostar 15,93 kroner.

Sonen min som fyller 43 år i veke 44, hadde i følgje ssb eit betre land å skrika seg inn i enn eg sjølv hadde. Det går fram av innlegget som kjem i morgon.  Oljealderen låg i startblokka, sjølv om første borebrønn på norsk sokkel i 1966 ikkje gav positive funn. Det tok seg opp etter kvart. Slik var det og med 43-åringen. Han hadde ein trang fødsel, og utsiktene var dystre dei første levedagane. Rett frå mors skjød til Barneklinikken på Haukeland sjukehus gjekk turen. Eit "Rh minus barn" med antistoffproblem. Slikt var trasige greier å takla i 1967. Det var å tappa ut blod og å fylla på med nytt. Bilirubinverdiane måtte haldast i sjakk. Guten stod det over, og blei såleis ein av dei 98,5% som ikkje døydde det fyrste leveåret i 1967. Det var den første av alle dei gledene denne karen gav oss. Han gav oss mykje av slikt i åra som kom.  Det olja blei for Norge, det blei guten for oss. Me blei glade og me blei rike. Han fylte hovudet mitt med positive tankar, og auka innskotet i den mentale banken min. Det gjer han framleis, særleg når han dukkar opp med familien sin og ofte og med ei raudvin i ermet.
Det var 134 personbilar per 1000 innbygjarar i 1967. Idag er dette talet auka til 541. Det skuldast ikkje sonen min. Han var ein sinke når det gjaldt å skaffa seg sertifikat, og bil disponerte han ikkje før rundt tusenårsskifte. Rett nok hadde han køyrd MC i nokre år før han kjøpte seg denne svarte Golfen. Den slit han med ennå. Om vinteren må han tidvis setja ein vifteomn under panseret for å tina isen som legg seg i oljekanalar og hindrar motoren i å starta. Men han er ein tolmodig mann. Han bannar ikkje den karen.  
Guten gifta seg i høg alder. Han fekk seg Golf før han fekk seg kone. Akkurat korleis det gjekk føre seg er eg usikker på. Kanskje det var kona som fekk seg han. Iallfall fekk ho seg ein gastroseksuell mann som grislar på kjøken både med og utan treningsdrakt. Og  eg trur det blei bra for dei begge. 
Også andre flotte folk blei fødde i 1967, t.d.:

Simen Agdestein, Jon Almaas, Pamela Anderson, Bjørn Dæhlie, Jan Åge Fjørtoft, Paul Gascoigne, Faith Hill, Nicole Kidman, Matt LeBlanc og Julia Roberts.

Men ingen på lista kjem opp mot Roar. Iallfall ikkje for meg. Gratulerer med tirsdagen!

2 kommentarer:

  1. Overlever nokre hjarteleg velmeinte lykkeønske frå hans gamle klassestyrar og norsklærar og.

    SvarSlett
  2. Lever godt med det og ja... Takk.

    Roar

    SvarSlett