Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 28. oktober 2010

Lågkarbo kveld

Det er inn å jobba med bilringar for tida. Eg tenkte, sidan eg likevel heldt på med dette dekkskiftet på bilen, at eg kunne prøva å legga om litt både her og der. Ein gammal kollega, som etter mitt syn sjølv har alt for mykje å fara rundt med, kommenterte då han såg meg att etter 2 år: "Same karen som før, ja bortsett frå litt meir framtung då". Eg hatar når folk seier slikt til meg. Slike sanningar har betre av å forbli usagde.
Men når slikt er sagt, kan det ikkje trekkjast attende. Då har det alt bite seg fast i hugen, og gnege seg  inn i ryggmargen. Stadfestinga på at det nok var ei utsegn med mykje sanning i, fekk eg i buksebutikken i Bergen. Trøysta om at Hennes og Maurits sel klær som er små i nummeret, gjekk ikkje heilt inn hos meg. "Du seier det for å trøyste du", sa eg.
Dr Hexeberg hjalp meg. Lågkarbo-kost er tingen. Et gjerne mykje og feit mat, men held deg unna karbohydrat. Så idag har eg baka. Lågkarbobrød:
  • 4 egg
  • 1/2 beger creme fraiche
  • 3 ss olje
  • 1 ss bakepulver
  • 50 g linfrø
  • 60 g kruskakli
  • 50 g sesamfrø
  • 50 g solsikkefrø
Av dette blei det eit lite men flott brød. Eg skal straks på kjøken og skjæra den første skiva av det, og gler meg.
Så var det den lågkarbovinen då. Er den oppfunnen mon?

3 kommentarer:

  1. Eg tykkjer at kulemagen din og dei svære bilringane kler deg, ein gammal gubbe skal ha litt å gå på. Før i tida laga folk vin av vatn, den var temmeleg lågkarbohydratisk, trur eg.

    SvarSlett
  2. Vin av vatn er noko skvip. Det drikk ein vel berre for å bli full.
    Kona seier og eg skal bevara kulemagen. Den er ein god kvalifikasjon for å få jobb som julenisse iår

    SvarSlett
  3. Feil. Vassvinen var skikkeleg god, sa kjøkemeisteren i Kana. Han var forbanna på brudgommen som venta med den vinen til folk allereie var godt i farten.

    SvarSlett