Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 2. oktober 2010

Sitron frå eigen hage

I Thailand for 3 år sidan traff eg ein sitrusfrelst guide. Frelst i den meininga at han hadde full tiltru til at sitrona er ei saliggjerande og sunn frukt som hjelper kroppen mot allskens styggedom. Sitrona hjelper mot alt, sa han. Om enn kanskje ikkje som prevensjonsmiddel, la han til. Den norske lege Bernt Rognlien støttar langt på veg desse utsegnene i ein artikkel du finn her.
Min sitron busk kjem frå Italia. Eg fekk han av svigerinna mi på Sotra. Etter ein laussluppen handlerunde i eit italiensk hagesenter, kom ho heim med meir enn ho hadde tenkt. Bananpalma som eg fekk av henne, trivdes ikkje med å overvintra i garasjen min. Sitron treet derimot, fann seg til rette og satte blom alt lenge før eg bar det ut i friluft i mai. Sommaren igjennom blømer det med kvite kronblad som er lyseraude på utsida. Det har både blomar og frukter samstundes. Sjølv nå i oktober konkurrerer blomane og fruktene om plassen på dei tornefulle greinene. Og eg konstaterte ved sjølvsyn i forrige veke at sitronene på dei spanske trea på solkysten ikkje såg frodigare ut enn mine.
Alle blir kanskje ikkje gule. Men kva gjer nå det berre dei er sure og saftige nok. I går kveld plukka eg meg eit prakteksemplar som eg skiva opp og blanda min eigen limonade av sitron,  gin og tonic. Smaken var så framifrå at eg gjentok operasjonen nokre gonger. Bernt Rognlien har rett i at sitrona virkar appetittstimulerande.
Men i dag tidleg kjendes det ikkje så bra ut for hovudet. Det sa han ingenting om, at sitron kan gi hovudverk.  Kanskje eg skal bruka resten til sukat.

2 kommentarer:

  1. Ne, det skal du ikkje. Hald deg til den blandinga du fortalde om. Kanskje du hadde i litt for lite gin?

    SvarSlett
  2. Mogleg du har rett. Det må prøvast ut.

    SvarSlett