Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 27. oktober 2010

Nettet ligg nede

Idag vart eg avstengd frå verda. Ingen internett-tilgang står det over eit ikon i nederste høgre hjørne på pc-en min. Eg er fortvila. Dette torpederar alle mine godt innarbeidde rutinar. Navlestrengen til verda var broten.
Eg kastar meg over mobiltelefonen og surfar litt med den. Men det blir for puslete. Mobiltelefonar er best til å ringa med. Eg ringer 05000 til telenor. Er du berdiftskunde, tast 1, er du privatkunde tast 2. Eg tastar 2. Nye spørsmål, nye tastesvar frå meg. Eg driv på slik i halvanna minutt. Så seier Telenora, eg kallar henne det ho som snakkar om tastetrykk, at køen er lang. Ho spelar musikk for meg og ber meg ein gong i minuttet å halda humøret oppe for eg rykk stadig fram.
Eg går rastlaus i oscillerande rørsle over stovegolvet. Rykk både fram og attende. Ventetida er under fem minutt nå, kvitrar Telenora. Men før ho får snakka frå seg overtek ein mannleg kundekonsulent med møredialekt. Nettet mitt, seier eg. Det ligg nede. Kva nett er det, seier han. Det optiske over fiber, seier eg. Å det ja, seier han. Ja slik er det over heile landet idag. Javel, kva tidsplan har dokke, spør eg. Snarast råd, trøystar han.
Kva gjer eg nå? Eg koplar mobilen til PC-en med USB-kabel. Koplar til internett gjennom den. Brukar mobilnettet altså. Litt tregt og alt for dyrt. Men det funkar. I nauda et fanden floger. Det gjer eg og for å få nett-tilgang.

1 kommentar:

  1. Huff! Eg gys ved tanken. Eller "det rys i holdet," som nordfjordingane ville ha sagt. Enn om det hadde vore meg! Men eg har Kvinnherad Breiband! Ha, ha!

    SvarSlett