Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 4. oktober 2010

Brevet frå NAV

Eg har innsett det nå. Eg er ingen ungdom lenger. Veit ikkje heilt kva tid eg begynte å merka det, men lenge sidan er det ikkje. Eg trur folk eg traff sporadisk, merka det for lenge sidan. Skal seia du held deg godt, sa dei. Til å vera snart 60 år,  har du ein spenstig kropp, høyrde eg i forrige århundre. Du er så ung til sinns, sa nokre. Eg likte dette lite. Alle desse signala som gav bod om at blada mine nok var i ferd med å falla.
Eg kjende det ikkje slik. Ikkje innvortes. Og når eg såg meg i spegelen, var det liksom noko som ikkje stemde. Teikn på at tida tæra på kroppen. Grått hår har eg hatt lenge. Det fekk eg i 20-års alderen. Det var ikkje det som var tema. Eg såg aldri på det som å verta gammal. Det var andre ting eg såg. Djupare linjer mellom augnebryna og meir heng i kjakane. Ein frodigare hårvekst i nase og øyrer. Og ikkje minst: hengebryst og ølvomb.
Og så kom brevet som stadfesta kor langt eg eigentleg er kommen i dette livslaupet. NAV stod det på konvolutten, som eg opna med skjelvande hand. Det gjer eg alltid når eg opnar brev frå NAV. Kven veit kva dei nå har funne på. Skal dei ha attende AFP pengar, eller er det frikortet som er misbrukt?
Det var ikkje det. Du vert 67 år i november, stod det. Du har rett på alderspensjon. Eg måtte setja meg nedpå litt, og la dette siga inn over meg. Eg lot hjernen min jobba gjennom dei mentale kapasitetane og dei dugleikane eg framleis er trygg på at eg har. Kva skal eg med slikt lenger, tenkte eg. Kva skal eg bruka kunnskapar om vektorrekning, integrasjon og romgeometri til då. Kva skal eg med kjennskapet til relativitetsteori, kjernefysikk og elektronikk.
 Eg fann ingen svar, skauv tankane frå meg og reiste meg igjen. Eg er gammal nå, eg må finna roen omkring dette at tida ikkje berre kjem, ho går og. Eg likar ikkje båsar. Båsar og bur er ikkje  ”in” i jordbruket heller lenger. Kyr og høner skal vera frittgåande. Det meiner eg hanar skal vera og. Og pensjonistar.
Sjølv blind høne kan finna eit korn, heiter det.  Så lukka er blind og kan ramma kven som helst. Eg vart ramma av eit brev frå NAV. Lite ante eg om at eg snart vart 67. Godt me har NAV.

3 kommentarer:

  1. Då seier eg berre: "Konrad Adenauer!" 73 år gammal: forbundskanslar i Tyskland, og der sat han i ...14 år! Sidan han slett ikkje kjende seg så gammal som 87-åring, heldt han fram eit par-tre år til som partileiar. Ikkje tenk så mykje på NAV, tenk på Adenauer!

    SvarSlett
  2. Takk Reidar. Dette likte eg, sjølv om eg veit at du seier det for å trøyste...

    SvarSlett
  3. Tja, spørst om det ikke gikk på "kameraderi" den gangen Adenauer virket og. Se på politikerne, f.eks. Inge Lønning - 75, det gjelder å opparbeide gode pensjoner. Er nok mye grådighet med i bildet og. De "avgåtte" som ikke får seg en jobb i FN's "MANPOWER-KLUBB" sitter jo der så lenge de kan.

    Men jeg synes jo at det har blitt et misforhold mellom de lange utdannelsene (enkelte langt over 30)og den yrkesaktive tidshorisonten.

    SvarSlett