Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 19. oktober 2010

Vaksinasjonen

Å sitja i vaksinasjonskø, er trivlege greier. I går fekk eg igjen denne årlege trivnadstunda. Happeningen som samlar mange av oss som er i "utsett gruppe". Folkehelseinstituttet har valgt å kalla oss det, me som er over 65 år.
Eg er usikker på kva eg er utsett for. I fjor kalla dei det svineinfluensa. I år er det sesonginfluensa sprita opp med H1N1-, H3N2- og eit B-virus. Den injeksjonen vil eg ha, tenkte eg, og hasta avgarde til klinikken.
"Du må trekka eit lodd", sa dei som sat der før meg."Men det kostar 50 kr". "Lodd?", sa eg litt stiv i maska og undren i røysta. Dei lo. "Ja kølapp då, kjappen", sa dei.
Eg har sett dei før. Desse pensjonistane som ikkje gjer anna enn å tulla og tøysa med skikkelege folk. Etter å ha bana meg veg mellom strikkande kjerringar og parkerte rullatorar, finn eg til slutt ei pitte lita blokk av den typen ein nyttar på basarar Den ligg og sleng i ei heimesnikra kommunehylle. Like ved sida av står ei pappeske med påskrifta "gratis utdeling av kondomar". Eg trekk ein lapp, men står over det andre tilbodet. Nr 53, fekk eg. Kven som har nr 52 hadde vore kjekt å vita. Helsesøstrene som kom ut og sa: "Neste", hadde jo ikkje peiling. Her er ein sjanse til å korta ned ventetida, tenkte eg. Så ved neste "Værsågod neste", reiste eg på meg. "Nei nå er det nr 45", kom det bryskt frå eit hjørne innst i lokalet. Eg kunne jo ikkje vita at det var spanarar til stades. Men det var det. Sjølvbestalta køpoliti.
Eg synk ned att på stolen. Tenk å snika i eldrekøen. Dei hadde taket på meg nå, dei andre. Folk rista på hovudet, smulka og lo. Eg tok av meg regntrøya. Det vart varmt i rommet. På ein skala frå 0 til 10 kjende eg at verdigheita mi sank til under 0.
"Tålar du egg", spurde helsesystera. "Eg elskar egg", sa eg. "Då er du på rett stad", sa ho og injiserte denne trippelblandinga oppala på hønseegg. "Å det var godt", sa eg. Men med meg sjølv tenkte eg at: takka meg til eit blautkokt frukostegg.
Så sette eg meg til tørk ute på venterommet. "20 minutt må du sitja", sa dei. Etter 17 minutt reiste eg meg. "Du har ikkje sete i 20 minutt ennå", seier ein borte i kroken som og sit på tørk. Eg blir forbanna over at det sit politi i alle krør. "Du går jo same veg heim som meg, så om eg ligg dau opp i gata, så vær så snill og plukka meg opp", seier eg. Gispet gjennom forsamlinga var meir høglytt enn då Jagland kunngjorde at Obama skulle få fredsprisen. Jagland sto på sitt i fjor. Det gjorde eg og i går, eller rettare sagt eg gjekk med mitt. Vel nøgd med å gå ein ny vinter i møte rusta til å møta sesonginfluensaen.
Men den beste vaksinasjon, seier Per Fugelli, er å gi folk verdigheit. Den injeksjonen vart ikkje sett på meg igår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar