Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 24. oktober 2010

Bergenstur

Tyrving har WiFi og eg har litle Asusen min med meg på tur. Eg er på veg heimatt nå. Har vore på teatertur i Bergen og samstundes fått med meg mykje anna urbant i Hansastaden.
"Min Familie" av   Tracy Letts var opplevinga i går kveld. Ei stor oppleving som både var til å le og gråte av. Anne Marit Jacobsen er strålande. Hennar rollefigur sin omgang med mann og barn er eg likevel overmåte glad  for at eg ikkje kjenner att i eigen familie. At ei så  pilleetande og "utanfor-livet" kvinne likevel følgjer med og kjenner alle  løyndommane til alle  i familien, er skremmande.  Utruleg kva kvinnfolk får med seg, tenkte eg.
Torgalmenningen var møblert i helga. I samband med innsamlingsaksjonen var folkelivet rikt i alle telta som var rigga opp. Spennande å vandra rundt blandt bergensarar og strilar igjen. For å friska opp gamle minne, blei det og ein tur med bybanen. Eg køyrde jo trikk i Bergen tidleg på 60-talet, så eg meinte jo å kunna dette med skinnegåande trafikk. Dessutan budde eg like ovanfor Nesstun første studieåret mitt og skulle difor vera godt kjend med banetraseen.
Litt trøbbel blei det likevel allereide ved billettautomaten. Eg skulle betala med Skysskortet mitt, men det kom ingen billett ut. Etter mange forsøk fann eg ut at systemet ikkje var så kjapt som det er i London. Med Oystercard på buss eller undergrunn der er det berre å tangera kortet mot lesaren. Skyssautomaten forventa ei lengre  og meir intim berøring, før han fekk det for seg å støytta ut billetten. Men til gjengjeld gjorde han det grundig. Kona fekk honnørbillett utan at automaten spurde om alder. Eg fekk ikkje slik billegtur. Det vart likevel ein fin tur.
Bristol Hotel på Torgallmenningen er ein framifrå stad å bu. Sentralt, både i høve til DNS og Polet. Ein kan gå til teateret i berre trøya. Slik sparer ein garderobekostnaden. Denne innsparinga kan ein så legga inn i raudvinkjøpet i pausen mellom 1. og 2. akt. På det viset vert 2. akt enda betre.
Me kryssar mellom holmane nord for Hufthammar nå. Stemninga ombord er god. Kona strikkar og sola skin. Ho glyttar stundevis over for å sjå kva eg skriv, men refleksen i skjermen hindrar henne i det. Så eg har frie litterære tøylar idag.
Jammen er det godt å reisa kollektivt i solskin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar