Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 10. august 2010

Våre Eiffeltårn

Idag har eg inspisert luftspennet som fraktar straum frå Blåfalli til Søral. Straumen vert transportert i 300kV linjer gjennom turområdet mitt i Sunnhordlandsfjella. Mastene står som staute symbol på norsk ingeniørkunst frå midten av forrige århundre. Husnes- og Valenfjella er vakre turområder der innbyggarane hentar inspirasjon, energi og livsglede. Luftspennet har i ein mannsalder vore eindel av denne naturopplevinga.
Idag merka eg meg av ein eller annan grunn, kraftlinja gjennom området spesielt. Over hovudet mitt bokstavleg tala. Hadde VG sett dette, trur eg avisa ville sett opp ein blogg der folk kunne skriva for og imot: Gammaldags og miljøskadleg, kunne folk skriva. Me må ha staum, kunne andre skrive. Forferdeleg, maktarroganse og fy, ville vi sett. Journalistane i Oslo veit å få fart på debatten. Desse monstermastene, vil vi ha dei? hadde dei spurd. Nei, turistane likar dei ikkje heller. Utlendingane vil ikkje finna seg i at vi bygger slikt. Dei kjem ikkje hit lenger då, seier hotelleigarane.
Eg syns høgspentmaster representerer framifrå arkitektur. Vakrare, enn Eiffeltårnet i Paris, berre mykje nyttigare. Dei gir landskapet ein visuell dimensjon, der symmetri og orden bryt på ein spennande måte med naturen sitt kaos og si planløyse.  I tillegg kjem den auditive opplevinga av syngjande elektron som dansar i alu-kablar. Eit underleg supplement til dei sildrande bekkane og dei kvitrande fuglane.
Dette er og natur, eller iallfall naturleg, for ein naturelskade fysikar.

2 kommentarer:

  1. Kanskje ikkje natur, eg ville heller seie kultur. Og eg er ofte gladare i kultur enn i natur. Ein gammal steingard eller ein husmur i utmarka.
    Og desse hardingane, monsterbru vil dei ha, men ikkje Eiffeltårn i fjella sine.

    SvarSlett
  2. Nei der har du hardingen. Einaste kultur dei synes å ha greia på, er sider. Dei treng verkeleg ei bru for å koma seg rundt og få utvida horisonten sin.

    SvarSlett