Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 11. august 2010

Sjørøvaren

Eg var i Bergen med snøggbåten ein dag i sist veke. Mandag, tirsdag og onsdag reiser seniorane til byen med båt. Alle over 60 år, får reisa nesten gratis då. Hundre kroner ein veg Sunde - Bergen er ingen blodpris. Eg betalar med ei kjensle av å røva selskapet for overskotet den dagen. Eg får mest vondt samvet, det går jo ikkje så godt for Tide nå lenger.  Den gamle glanstida då Tide heitte HSD, er over. Då kunne alle med aksjer i selskapet få reisa gratis til Bergen, for å ta del i den årlege generalforsamlinga i selskapet. Og difor hadde både Gud og kvermann aksjer der. Ein gratis bytur let ein ikkje gå frå seg. Eg som innflyttar i dette HSD-riket, hadde ikkje slike aksjer. Di meir fantastisk syntes eg difor det var, den dagen eg vart 60 år, og kunne få slike subsidierte frynsegoder.
Men i Tide er dei lure. Dei har drive research, og funne kvifor mange sunnhordlendingar reiste til byen. Etter gammalt var det jo for å få seg ein tår, og ein begynte gjerne alt på båten. Ein nytta høvet til å skjenkja seg heile vegen til byen, og ikkje minst på Børs kafe på Strandkaien i Bergen. Men på heimturen, då gjaldt det å drikka seg edru. Hiva innpå med kaffi og andre mjuke drikkar, slik at ein kunne vera respektabel i gangen over landgangen på heimekaien. Gode vanar er vonde å venda, tenkjer Tide. Dei over 60 år gjer det sikkert på same måten framleis, tenkjer dei og. Det me tapar på billettprisen, kan me ta innatt i kiosken.
Lite visste eg om denne forretningsideen, før eg var i byen i forrige veke. Eg vart tørst på heimturen. Dehydrert. Måtte berre få i meg væske, og gjekk til kiosken. Bilen min som stod parkert på kaien, avgjorde alkoholinnhaldet på det eg kunne innta. Viftande med ein femtilapp, tinga eg ei lita flaske Fanta. 
Den kostar 85 kroner, seier dama på klingande siddisdialekt. Nei, sa eg . Det er i lita flaske Fanta. Jo det er slik det er, sa ho. Eg fekk kjensle av at mellomgolvet hamna oppunder hjarterota, og sveitten pipla på panna verre enn hos Terje Riis-Johansen når han skulle forsvara luftspennet. Kva svarten. 85 kr for ei lita flaske brus. Dette er sjørøveri, sa eg. 
Dei andre i kioskkøen, såg medlidande på meg som ikkje kjende denne buisness visjonen: Ein sunnhordlending på retur frå bytur, er dehydrert.  Tide skal stetta det behovet som oppstår. 
Dette konseptet er til å gå frå konseptene av. Men Tide treng jo pengar i kassen. Og når ein får billetten for ein slikk og ein ingenting, er det vel greitt at ein må betala blodpris for litt appelsinbrus? Skulle tru den var framstilt av blodappelsiner. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar