Mange lukkast med forbikøyringa. Nokre blei det svært så dyrt for. På Haukeli låg jo Utrykkingspolitiet i grøftekanten. Plar ofte gjera det der på langslettene. Bergens Tidende skriv slik om saka idag:
"På E134 ved Haukeli beslagla politiet 17 førerkort og skrev ut 60 forenklede forelegg.
To bilister ble stoppet etter å ha kjørt i 158 kilometer i timen i 80-sonen. Det er en svært grov overtredelse, sier operasjonsleder Erik Gjesdal ved Hordaland politidistrikt til bt.no.
Vanligvis blir det fengselsstraff for slik råkjøring".
Eg er glad eg hadde plater på taket. Slikt gir ei uvisse, noko som reduserer farten. Kanskje platene bles av og valdar død og det som verre er, tenkjer eg. Men det er klart, hadde eg halde 158 km/t istaden for 80, ville turen vore unnagjort på rundt halve tida.
Eg, i motsetning til mange andre i bil, hadde god tid igår. Eg var innom Haukeliseter og drakk kaffi. Inspirerande å sitja der å observera fotturistane, som det var mange av. Dei hadde og god tid, og ikkje minst gode tider. Nokre var nett komne nordanfrå Hellevassbu. Dei deler turoplevingane over ein middag med raudvin til. Andre er ivrige over kartet i planlegginga av morgedagens fottur sørover til Holmavasshytta. Denne turen har eg sjølv gått både på sommars- og vinterstid. Ei flott oppleving, som kom tett innpå meg igjen mens eg sat der med min kaffi og mi Haukelibolle. Eg må ta oppatt fjellgåing, tenkjer eg. Kven veit, eingong veret er lagleg og kroppen er villig, pakkar eg kanskje sekken, tenkjer eg og.
Eg går til bilen og svingar meg ut av parkeringsplassen. Må venta litt i utkjørsla til E134, der det året igjennom står skilt om å venta på brøytebil. Eg slapp det i går. Men traffikken var tett og køyringa var aggresiv, så det var ikkje lett å svinga seg utpå.
Haukeliseter er ein merkeleg stad. Her møtes to univers. Det moderne menneske som svingar innom for å styrkja seg på ein kaffikopp, for ikkje å sovna bak rattet, før ein rasar vidare. Dei skal spara tid og hamnar kanskje rett inn i ein radarkontroll. Og så det moderne mennesket som synes at tida ikkje skal sparast på, men sløsast med saman med vener.
Livet er så rikt på kontrastar, tenkjer eg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar