Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 16. august 2010

Hola mine

Skuletannlegen min var ein farleg fyr. Eg som gjekk på folkeskulen i 1950-åra, måtte inn under den ordninga. Han holdt til i Haugesund, nord i Haraldsgata. Han drakk. Han fekk som alle tannlegar, kjøpa billeg, rektifisert sprit. Den inntok han ikkje gjennom rektum. Han kosa seg med sitt fludium i den ekstra ventetida som det oftast blei mellom forrige og neste pasient.  Tennene mine fylte han med amalgam, dei gongene ikkje mor mi reiv meg utav stolen og drog meg ut i gata, utan at eg heilt skjøna kvifor ho fann på slikt. Då er me iallfall samde om ein felles ting eg og mor mi, tenkte eg:  tannlegar skal ein halda seg vekke frå. Sidan skjøna eg at det vel var det eg kalla "den rare tannlegelukta", ho rømde frå.
Gjennom dei åra på folkeskulen og realskulen då eg var pasient hos denne glade mannen, vart tallause hol tetta med amalgam. Det hadde jo vore tettingsmateriale like sidan starten av 1900-talet, og var like verdsett i odontologi-verda som Tec7 er i mi eiga verd. Ingenting kan måla seg med dette når det gjeld styrke. Denne legeringa av kvikksølv, sølv og tinn, står for ein støyt. Det vil mange tannlegar gi meg rett i, og gir meg rett i, under bordet. Men over bordet er det ikkje lov for dei å seia slikt lenger. Langt mindre å bruka stoffet, sjølv om eg har prøvd å tigga meg til det. Kompositt, seier dei då.
Men eg med mine amalganfyllingar, har bite frå meg i ein mannsalder. Tennene mine har gjort jobben både som nøtteknekkar og flaskeopnar. Eg har bite frå meg, og bite i meg. Bite i graset, og i det sure eplet. Men nå røyner det på. Eg er ikkje så sterk i kjeften lenger.  Dei gamle amalgam fyllingane sviktar meg. Det er lenge sidan dei nymotens komposittfyllingane datt ut og måtte fyllast på nytt, men nå ser det ut som det meste dett frå kvarandre, i allfall i kjeften.
Odontologi var det eg hadde sikta meg inn mot, før eg eg tok eit sleivspark på utdanningsvegen og blei realist. Tenk om eg hadde blitt tannlege. Då kunne eg drukke rektifisert sprit og lagt amalgam i mine eigne tenner etter kvart som dei gamle plombene datt ut. Eg kunne omgitt meg med kvalitetskvite tannlegesekretærar, mens eg sjølv stod og glisa i skjul bak den kvite maska.
Slik gjekk det ikkje. Men eg er likevel priviligert. Med gode kontaktar og nær nabo til tannklinikken, slepp eg alltid raskt til. Eg ringde dit idag, og er velkommen i morgon.
Då skal tunga mi få fred igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar