Pinsen er over. Det er familietreffet også. Dei to dagane då det aula med familiefolk i alle rom, gourmemat på alle bord, latter i alle struper og yr glede i alle sinn , er nå forbi. Det gjekk så fort, men slik er det jo med tida når energien er stor og aktiviteten er høg.
Nå sit dei gamle aleine igjen. Mest som om dei må setta seg ned og venta på sjela si. Venta på at ho skal nå att kroppen etter denne helga. Det tek tid å tenkja gjennom alt som skjedde. Tenkja på alle refleksjonane i sola på terrassen, ungane på plenen, turen på stranda der dei yngste bada. Picnicken i sjøkanten med grill, jordbær og Saracco. Middagen i heimen for heile gjengen. Tre rettar med tusen desertar som eg har ete på resten av veka. Makalaust. Idag måtte eg langt til fjells for å forbrenna kaloriane. Særleg dei etter multekremen og karamellpuddingen. Eg måtte og finna høvlege rom å gøyma minnene i, nokre i hovudet andre i hjarta.
Kjekt når dei kjem, og kjekt når dei går, hugsar eg svigermor sa. Det er desse kontrastane som er så bra for mennesket. Sjølv må eg få pusla aleine ei tid, før noko i meg etterspør sosialisering igjen. Må liksom fordøya den sosiale dosen eg har inntatt, før eg blir svolten på ny.
Så nå er kvardagen attende. Den dagen det er flest av i året. Den er og god. Men slike høgdepunkt som eg opplevde i pinsen, vil eg ha fleire av. Dei fyller meg med energi og glede.
Eit ikkje ukjend fenomen på den 50. påskedagen. Men apostlande begynte jo også å tala på andre tungemål den dagen. Det gjorde ikkje eg. Eg holdt fast på min avslipne Haugesundsdialekt både før, under og etter høgtida.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar