Gamle Lensmann Berge i Rosendal hadde knappast høyrd om slik uvettig bruk av pengar i Kvinnherad kommune før. Han visste ikkje si arme råd når han blei spurd om krav til tryggleik for slike hageinnretningar. "Du får høyra med direktøren på aluminiumsverket", sa han. "Såvidt eg veit driv han også og badar seg i hagen sin".
Så det blei til at eg måtte finna utav det sjølv, og konstruera mine eigne løysingar. Sjølv gjort er velgjort. Ingen har drukna der ennå, anten badinga har føregått i dagslys eller i seine nattetimar. Oppteljinga før og etter badinga har aldri vist svinn.
Og kaldt er det. Utan at eg har statistikk på det, minnes eg ikkje å ha lese av så låg temperatur i bassenget den 12. mai før. Det blir gode tider for Kvinnherad Energi nå når eg skal heva vasstemperaturen frå 9 til 25 grader. Eg trur eg drøyer nokre dagar før eg trykker på varmepumpebryteren. Med framleis stabil nattefrost, blir dette for drøyt.
Kan du ikkje temme nokre av desse stakkars solstrålane me får, til å auke tempen i brønnen din? Pluss ei vindmølle og gassen frå komposten? Eg er så glad me har badekar. Forresten brukar eg nesten aldri det heller lenger. Me har dusj og.
SvarSlettSett badekaret ut på plenen. Då er du igang og kan boltra deg i velværa.
SvarSlettInne klarer du deg med dusj, slik eg gjer. Og ingen har nokon gong klaga på reinsemda mi.
Nei, tvert imot. Med så mange tusen liter ... Ikkje høyr på meg, eg er sikkert berre misunneleg. Forresten treng eg kun eitt minutt for å kome til stupebrettet og bade i Høylandsundet. Men eg tek meg ikkje råd til å varme det opp til passeleg lunk for meg.
SvarSlett