Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 16. mai 2010

Nå har eg berre salutten

Kommunesalutten om morgonen  17. mai, er ein fredfull og humane måte å bli vekka på. Ikkje avdi dei lokale heimevernsfolka sparar på kruttet. Men det at klokka er så mykje som 07.00 og at bråket er tidsavgrensa, gjer det greitt nok . Slik har eg det nå, i pensjonistlivet mitt.
I mitt 33-årige lektorliv var det annleis. Russen kom. Dei kom innom når dei skulle heim å leggja seg etter 16. mai festen. Då var klokka mellom 04 og 05. Kommunesalutten er for ingenting å rekna. Her gav ingen opp, før læraren var på føtene og resten av familien gjekk rundt i huset og svor.
Mange opplegg gjekk av stabelen rundt husnovene. Alt frå det pyntlege blæseorkester, til oppspikring av 20 meter lange banner på hagegjerde, og bassengbading både med og utan klær. Kom deg opp og få slutt på dette, var kona sine instruksar. Ungane grein og katten kvein. Naboane banna til meg i toget seinare på dagen.
Nå er den tida over. Ingen bryr seg om meg tidleg 17. mai morgon. Litt vemodigt å bli overlatt slik til seg sjølv. Som om  gamle menn med hengemagar ikkje og treng merksemd.
Så nå let eg pyjamasen ligga ustroken i skåpet. Eg treng han ikkje  klar på krakken ved sengeenden. Og eg sovnar utan desse nervøse 16. mai rykkingane i kroppen. Og eg søv til salutten går. Tre ganger tre for nasjonaldagen.

1 kommentar:

  1. Akk, eg gjekk ikkje klar i år heller. Dei kom klokka fem, og nokre av dei skulle absolutt inn i huset. Dei fekk til og med ein ørliten matbit, ein forrett på russefrukosten. Slynglane!

    SvarSlett