Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 21. mai 2010

Makalaus glede

I 1974 budde me i høgblokk i Hesjaholtet ytst i Fyllingsdalen. Me var kasta ut frå Fageråsen 4b, der me hadde budd sidan 1969, berre avbrote av eit år i Nederland. Huseigaren i Fageråsen ville at sonen hans skulle bu i ”vårt” husvære frå då av. Me måtte på husjagt. Annonsene i BT førde oss til leilegheit i Hesjaholtet, eit intermesso i livet vårt som gav opphav til både forbanningar, frustrasjonar og  makalaus glede.
  • Forbanningar, mellom anna avdi eigaren selde bustaden vår til ein hallik. Han ville kasta oss på gata før den førehandsbetalte leigekontrakten gjekk ut. Geskjeften til halliken ekspanderte.  Han trengte difor meir armslag. Men eg klarte ved å vera så arrogant og avvisande som berre få har sett meg, å skrema han bort.
  • Frustrasjonar, mellom anna  avdi sønene fant på allslags fantestreker der ute i bushen. Dette toppa seg  då eg møtte brannbilane ved Kanadaskogen ein sein ettermiddag då eg kom sliten heim frå forskinga mi. Å få vita at eldste sonen og ein kamerat hadde tent på i skogen, var i overkant i høve til å bevare sjelefred og nattesvevn.
  • Makalaus glede, avdi det begynte å spratla i magen til kona igjen. Der hadde det vore stillstand i seks og eit halvt år.  Då kona slapp katta ut av sekken, vart eg perpleks men og frydefull. Om det blir ei jente vil eg ho skal kallast Ellinor, meinte eg. Eg var ein ihuga Evert Taube fan, og syntes han sang så flott om si Ellinor. Me får venta med det til me ser kva det blir, sa kona. Den gongen var ultralyd ikkje eit alternativ.
Men sjølv om ho kom uventa, så kom ho ikkje brått. Det blei kuring og luring nokre dagar, for å få henne til verda. Eg som måtte sjå etter dei to andre krabatane, fekk ikkje høve til å bidra i det. Eg hadde på ein måte gjort mitt. Men då eg den 23. mai stilte utanfor Kvinneklinikken saman med ein seks- og ein sjuåring (dei fekk ikkje koma inn der då), og Svanhild viste seg i vindauget med eit jentebarn i armane,  kjende eg ei tåre som trilla ut frå ytste augekroken, ned over høgre kjaken og enda inn under skjortekragen.
Eg hadde fått ei dotter. Og eg fekk kalla henne Ellinor. Ho vart årsak til mange gledestårer opp gjennom åra. Men aldri så våte og aldri så varme, som denne fyrste gongen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar