I 1966 budde eg på Hatleberg Studenthybelhus i Bergen. Der flytta kona og eg inn etter mitt første studieår på UiB. Hatleberg var nytt i 1964, og me syntes det var ein flott stad å bu. To rom kvart på 10 kvadratmeter, og med bad. Kjøken delte me med to andre ektepar pluss ein hybelbuar.
Den 16. mai fekk kona, av ikkje ukjende grunnar, fødselsveer. Prosedyrane for å koma seg i tide til Kvinneklinikken på Haukeland, var noko me hadde øvd på dei første maivekene det året. Ho hadde simulert veer, eg hadde teke tida mellom dei. Når ho simulerte veer med 5 minuttars mellomrom, var det for meg å prøva å gå kontrollert ned til telefonkiosken i kjellaren på A-blokka, putta kronestykke på automaten, og ringa drosjesentralen i Bergen som eg forlengst hadde nummert på. Det hadde eg skrive både inni handa og på ein papirlapp. Når dei tok han på sentralen, var det å henga gaffelen på apparatet igjen. Dette var jo berre ei øving. Eg gjekk så 4 etasjar opp att, og låste meg inn i felleskorridoren til vår avdeling. Kan det nå, sa eg etter tredje forsøk.
Klokka var 20 den 16. mai 1966. Noko skjedde. Simulerer du, spør eg. Nei ikkje nå. Eg spring, seier eg. Nei roa deg. Eg tok av meg armbandsuret, og sette meg på kne på golvet ved sida av henne. Blir liksom meit fokus på tida når eg held uret i handa, framfor å ha det på armen. Klokka 22 var eg stiv i knea. No går eg og ringjer, seier eg. Men ennå ein halvtime skulle det gå. Då la eg på sprang ned i kjellaren. Telefonen ringde på drosjesentralen, den ringde og ringde til nokon sa hallo, men så kom eit samanhengande pipesignal i hornet. Kva var nå dette? Må eg improvisera, tenkte eg. Roleg, roleg, tenkte eg og. Men eg skalv slik på handa at det var eit strev å få nytt kronestykke inn i automaten. Det same skjedde. Siste kronestykke låg kleba inni venstrehanda mi. Ved tredje oppringing, fekk eg kontakt. Vi kommer om en stund, sa tøsen i telefonen. Kom straks, sa eg.
Eg tok 4 trappetrinn i steget på veg opp igjen. Hadde gløymt nøkkelen til felleskorridoren, og måtte ringa på. To ektepar og ein hybelbuar kom ut med store auge. Dermed var alle engasjert.
Drosjen kom, Svanhild blei avlevert på Kvinneklinikken, og eg vart forvist derifrå. Dette var ikkje far sin arena i 1966. Eg gjekk bortom Studenthuset Alrek som låg like ved klinikken. Kjende fleire medstudentar som budde der, og som alt hadde tjuvstarta på 17. maifeiringa.
Ut på dagen (13.30) 17. mai fekk eg og grunn til å ta ein skål. Ikkje for dagen, men for sonen. Kjetil var fødd.
Sidan den gongen har eg ofte teke ein skål på det klokkeslettet den 17. mai.
Sidan den gongen har eg ofte teke ein skål på det klokkeslettet den 17. mai.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar