Nokre har slektstemne. Me har familietreff. Det blir liksom mindre pretensiøst og ambisiøst på den måten. I år er det tredje gangen. Me kan difor kalla det ein årleg tradisjon. Barnebarn, barn og svigerbarn kjem hit - til oss. Eigentleg er ideen unnfanga av Roar, og applaudert både av oss og av dei andre. Sist i mai plar det vera, og vara i tre dagar. Då er pensjonistbustaden ominnreia for å husa små og store i mange rom. Mat og drykk er kjøpt inn anten i form av koldtbord, heimalaga 3 retters middag, eller 7 retters middag laga på Askøy og transportert hit i ein Volkswagen Golf.
Alle plar komma, med unnatak av to ungdommar frå Stange. Me er difor oftast 15 rundt bordet om kvelden. Før bordsete har me vore på utflukt. Anten til stranda eller til elva. Vatn er gøy for dei små, men vått for dei store. Så hender det at sola skin på oss. Då blir det hageliv og bassengbading, før me sett oss til bords. Dei vaksne for seg. Barna på sitt eige bord. Då er alle friast, og har det kjekt. Nett som på restaurant, seier dei. Me drøsar, syng og ler. Det er som det rungar mellom skråtaka i stova. Me knyter venskapsbanda strammare, og deler minne. Me skapar situasjonar som gir oss nye minne for kommande år. Iallfall for dei som framleis har kortidsminne intakt. Me andre skriv dagbok, og knipsar dokumenterande foto med "date and time" innstilt på "on".
I år skjer det 22. mai. Gislefossen har ikkje bestemt seg for kva vær det skal bli ennå. Men kjenner eg han rett, fiksar han det. Han er jo mest som hyttenabo å rekna, der oppe på Hovden.
Kjekt skal det bli, uansett vær og føreforhold.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar