Pensjonistar kan dra seg om morgonen. Stundom er det og mogleg å sova frampå. I alle år har dette vore ei sesongvariabel affære hos meg, med vinterhalvåret som høgsesong. For i mitt austvendte sovekammer gjekk alltid talet på nattlege slumretimar ned, etter som talet på returnerte trekkfuglar auka. Når sola steig over fjellkammen og fuglane kjempa om den beste reirplassen i skogen på friområdet like aust for hagen, stod eg opp. Klokka kunne vera kva ho ville. Det var skrika frå svaler, stær, erler, gjess og gjøk eller kva det nå er ornitologane kallar desse urokråkene, som fekk meg opp.

No har eg fått attende barnekvitteret om morgonen. Desse herlege friske krabatane som berre er innstilte på å leva livet frå morgengry til langt ut i middagskvila.
Nett slik eg hugsar det frå 1970 talet.
Nett slik eg hugsar det frå 1970 talet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar