Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 14. januar 2016

Lyset er lyst i Thailand. Men mørket er svart.

Eg har reist til lyset.  Kvart på sju om morgonen skin sola meg i auge gjennom den glasstripa eg ikkje drog gardina over kvelden før.  Denne strima med lys, som får meg til å sprette or senga og nokre gonger legge ut på morgentur.  Men nokre andre gonger får lyseglipa meg til å leite fram nokre av dei saftigaste eidar eg kan. Det er uråd å få sova frampå i dette landet.
Men når sant skal seiast, er morgonen den beste tida på døgeret. Då er temperaturen rundt 24 grader og thaijentene er på sitt vakreste, der dei sit nyvasket og nystrigla på  scooteren sin på veg til jobb.  Det inspirerer meg til å yte ekstra på morgenturen, og til å trene på hurtig gange med stilig kroppshaldning. Tenkjer eg.
Når klokka går mot midt på dagen, blir det lysare.  Det blir også mykje varmare.  Gjerne fleire grader over 30. Då går eg ikkje tur i utide.  Berre om eg manglar noko livsviktig, tek eg beina fatt til butikken.  Tuktuk folka ler av meg.  Dei vil ha meg i baksetet. Eg vil ikkje det,  sjølv om eg veit at det er det eg burde ville.  Men eg føyer ikkje folk som ler av meg - diverre.
Sola går ned kvart over seks  nå om dagen. Etter det er det godt å sitte ute.  På terrassen med eit tjukt lag myggolje og ein Mont Claire i glaset. Denne raudvinen som er blitt så populær i Thailand.  Laga av druekonsentrat importert frå Sør Afrika, gjæra, tappa og lagra i Bangkok.  Ein snedig måte å unngå dei svært høge importavgiftene på vin. Og ein grei nok drikkbar vin. Elles er jo Thailand ølets land.  Mykje godt øl til å leske seg på i varmen finn ein her. Min favoritt er blitt  Chang. Den kan eg sitje på fortauskanten om kvelden å nyte,  saman med synet av slitne Thaijenter som køyrer på mopedane sine heim frå jobben. I allfall nokre av Thaijentene gjer det.  Nokre andre Thaijenter startar arbeidsøkta si då.  Om kvelden.  For dei er det kjærleik frå første bath.
Slik er det her i Thailand. Sola ho skin over både dei rettferdige og dei urettferdige. Sjølv om dei urettferdige sjeldan er oppe før sola har gått ned i Thailand.  Og då er det mørkt, nett som overalt i verda.

søndag 10. januar 2016

Når klokka løper løpsk

Det er lørdag midt på dagen når eg viser fram boarding kortet mitt i innsjekkingen på Oslo Airport.  Dei andre som står i køen ved gate 51, skal og til Thailand.  Til saman fyller me ein heil Dreamliner, som Bjørn Kjos endeleg har fått skikk på. DY 7201 er flighten,  og den skal til Bangkok.
I Oslo snør det når me går ombord.  Snøplogane er større, fleire og hissigare enn eg nokon gong har sett dei på Haukelifjell.  Dei jagar snøen,  og lagar eit ragnarok som eg aldri ville køyrd i kolonne etter med min SX4. Men Dreamlineren heva seg høgt over dette snøråket,  og steig mot himmelen som skulle det vera sjølve engelen Gabriel.
Me sette kursen mot aust, flaug vekk frå dagen og inn i natta. Ingen klokker er gyldige lenger.  Me kan gløyme både tid og rom for ei stund.  Å stille klokka rett etter kor flyet er til ei kvar tid,  gav eg opp i 2013. Då flaug eg same vegen med Thai Airwais på nyttårsafta.   Eg meinte det kunne vera kjekt å vite når rakettene skulle skytast opp.  Eg bomma på den kontinuerlige klokkestillinga .  Eg såg ingen rakettar korkje over Turkmenistan,  Afghanistan eller Pakistan.
Denne gongen gjorde eg kort prosess. Idet me passerte Kabul,  skrudde eg klokka 6 timar fram.  Altså til Bangkok tid.  Så lot eg det stå til.
"Nå er det kvelden " sa han i sidesetet. " Nei det er svarte natta " meinte eg.  Tid er noko relative greier,  iallfall når klokka løper løpsk...

fredag 8. januar 2016

Ei neglebitt veke

2016 er ei veke gammal idag. Det har vore ei iskald veke. Eg ante uro då nyttårsgjestene måtte skrape is frå bilglass, då dei forlot oss på 2 nyttårsdag.  Men verre skulle det bli utover i veka. Og det ser ikkje ut som om det vil endra seg med det første. Iallfall om ein festar lit til Gislefoss, det være seg junior eller senior.
Eg la bort fjellturar,  sommerdekk og T-skjorter. Ingen glede i å utsette den gamle kroppen for ekstreme klimatiske tilstandar. Det har blitt ei veke i sofakroken med bøker,  filmar og rester av julegodt. Ei framifrå veke,  eigentleg. Men ei veke som bryt med alle tradisjonar hos meg og hos mange.  Slike nyttårsforsett er det få som set seg.  Men eg hevar meg over den smertelege samvitskjensla, som seier eg er lat og gjer alt feil. Eg reknar med å få tilgjeving frå frisklivskoordinatoren i kommunen, dersom eg snakkar med ordføraren først.  Han fiksar det meste på tvers av alle kommunale byråkratar, om ein skal tru lokalavisa.
Idag har eg pakka kofferten og sit på eit hotellrom ved Bergen Airport. I morgon migrerer eg til varme strok for nokre månader. Då skal eg ta fram T-skjorta igjen...

torsdag 24. september 2015

Hitlers baby med brukken rygg

I 1937 blei Adolf Hitler forbanna. Det var verken første eller siste gong. Men då amerikanarane kjøpte opp Tysklands største bilprodusent, Opel, kokte det over for føraren. Han ville at Das Vaterland igjen skulle innta førarrollen i førarsetet på ein ny nasjonalistisk bil. Volkswagen konsernet blei født. 

Eg vokste opp med VW transporter T2. Det vart russebilen min i 1962. Om kvelden køyrde eg fulle russevener rundt om på fest, og om
natta køyrde eg dei ennå fullare heimatt. Om eg sjølv stundom var på stigande rus, vart det å finna ein edru reservesjåfør til bussen. Det var ikkje alltid like lett. Russen kunne å moroa seg også i dei dagar.
 På dagtid køyrde bileigaren, som var far min, modne blomkål frå kålåkeren til Gartnarhallen i Haugesund. Då vart varebilen stua full med kålhovud frå golv til tak. Ikkje ulikt slik eg gjorde det med russen på kveldstid. Far min hadde investert i denne luksus måten å frakta kål på, for å unngå at grønsakene vart øydelagde etter traktortransport til byen. Det gjaldt å få betaling for blomkåla etter 1. prisklasse, og då måtte dei handsamast med varsemd.
 Når eg vaks vidare frå russestadiet til studentlivet, vart denne bilen mindre tilgjengeleg for meg. Då var det bror min som tok over den på kveldstid. Bror min var ein villman både på moped, traktor og ikkje minst når han kom bak rattet i VW-en. Kva han dreiv med i råninga si på kveldstid i Haugesund, er det få som har innsyn i. Men den gongen han kantra bilen i krysset Sørhaugata/Kaigata, vart det uråd å ikkje koma på folkemunne. Bror min kraup uskadd ut av bilen, som nok sleit med tilstanden sin etter dette.
 VW utvikla seg frå å vera Hitlers baby til å bli eit gigantisk industrieventyr. Tysk grundigheit og kvalitet har vore noko å tru på. Volkswagen har vore eit flaggskip i den tyske økonomien, trass nokre opp og nedturar. Men så er det dette med å vera best og tena mest. Å klara seg i konkurransen der ingenting blir gitt ved dørene. Alle må jukse litt for å klare det. Eg reknar med at gamle Adolf vrir seg i si grav. Sikkert av mange grunnar, han tapte jo mellom anna krigen. Men hadde han visst at det blei amerikanarane som avslørte at VW fuska med dataprogramma som viste utsleppet av avgassar frå nokre av konsernet sine dieselbilar, hadde han nok vridd seg ein ekstra runde i grava.
 Men tyskerane har seg sjølv å takke. Skal ein fuske må ein gjere det skikkeleg. Intelligente bilar må kunne gjenkjenna om dei er under test eller under vanleg køyring. Då skulle amerikanarane ha slite med å brekke ryggen på Hitlers baby..

  Blogglistenhits

torsdag 17. september 2015

Å gidde å gå

Er eg blitt latare enn før? Var eg og andre norske ungdommar sprekare i gamle dagar? Ein kan synse og gjette om saka, men det er umulig å vite sikkert. Før tida med skrittellerar og trimappar på smarttelefonane, fantes ingen objektive måleinstrument å nytte i forskning på dette feltet. Ein manglar såleis relevante data. Likevel meiner både ekspertar og lekfolk at den fysiske forma hos folk i Norge, er på retur. Ein går ikkje nokon stad,  om bil er eit alternativ. Ein spring ikkje i skogen,  om dataskjermen er online og godstolen er ledig. Ein hoppar ikkje i høyet med jentene (gutane),  om ein heller har dei på Snapchat og Facebook. Forfall,  eller forfall? 
Er det eigentleg slik, eller er det haldninga “alt var betre under krigen" som rår? Eg skal vera varsam med synsing. Men på mine turar "høgt og lågt i Europa, Asia
og i USA", observerer eg ein mosjonsaktivitet frå både ung og gammal som eg let meg imponere av. Unge mødre i rasande fart med barnevogn, eldre herrar i firsprang med ei ofte like gammal kone 5 steg bak. Eg les med aha oppleving artikkelen om saka i Aftenposten i dag og i Kvinnheringen.  Folk er spreke. 
 Likevel må eg krype til korset og innrømme at eg har svikta kroppen min idag. Då eg leverte bilen min inn til EU kontroll,  var eg fast bestemt på å gå attende til heimen. Men akk, når verksmesteren dingla med nøkkel til lånebil under nasen min, sa eg ja takk. Det regna jo, så eg gadd ikkje å gå. Er folk blitt latare enn før, mon tru? 

 Blogglistenhits

tirsdag 15. september 2015

Kva kan ein blind sjå?

Eg var 16 år då eg fekk ein spiker i venstre auge og synet forsvann. Eg har levd 56 år utan å sjå kva som skjer mellom nasen min og det venstre øyre. Har eg sakna det? Nei, fordi eg har lært meg å bruke nakkemusklane og å vri meir på hovudet enn dei fleste treng å gjera. 
 Eg blei dimma frå forsvaret alt ved sesjonen i 1961. Ikkje til å stole på om russerane kjem, meinte dei der. Han ser jo ikkje, meinte dei og. 
Eg kunne ikkje observera det eg skulle på laboratoria der stereomikroskop var essensielt. Eg sjenkte raudvinen ved sida av glaset når eg skulle traktere kvinner i godt lag. Og akevitten hadde ein tendens til å hamne på golvet, særleg utpå kvelden. Men eg klarte meg, også hos kvinnene. 
Førarkort fekk eg, etter 3 køyretimar med sjæførlærar, og ei såkalla oppkøyring i Haugesund i 1961. Og lappen kunne eg hente og bruke ein dag før eg fylde 18 år. Ikkje fordi eg såg så mykje, men det enkle trafikkbilde i gatene i sildabyen på den tida, det såg eg. 
Nå er det med stor glede eg les i Teknisk
Ukeblad at forskerar har funne ut: "Du kan se 3D med bare ett øye". Til nå har det alltid vore fåfengt for meg å sjå på slike moderne  TV og å oppsøke slike kinoar. Så eg har mykje å glede meg til framover. Ingen grenser for kva ein blind kan sjå. Eg kan bli stereoskopisk. Håpar eg kan slutte å legge flasketuten på kanten av krystallglaset når eg skal skjenke meg ein tår også, etterkvart...

  Blogglistenhits

mandag 14. september 2015

Valdag

Valdagar er ikkje som andre dagar. Det har hengt ved meg heilt frå barnsbein av. Då foreldra mine drog til bedehuset for å stemme,
var det høgtid. Då vaska dei seg grundigare og kledde seg finare enn me elles såg dei. Me ungane fekk vite at dei skulle delta i eit val, men me fekk aldri då vite kven dei stemde på. Me syns det var rart, nesten litt mystisk. Når dei kom heimatt var det mykje snakk om kven dei hadde sett og kven dei ikkje hadde sett, men aldri noko om kva dei hadde stemt. Valet er hemmeleg, sa dei på 50-talet. 
 Eg har stemt idag. Alt i går kveld såg eg i kleskapet mitt etter høvlege klær. Valdagsklær. Å stemme er det noko høgtidleg ved. Ein skal ikkje komma slengjande i kvardagsklede, når borgarplikta kallar. Å komme inn i kulturhuset på valdagen, er ikkje som å koma til det same lokalet på eldredansen. Rett nok er festsalen like stor og like nedsliten som før, men likevel er det som eit anna lokale. Eg kan lettast samanlikna det med å koma til kyrkja i bryllup. Høgtidleg, men lett og lys stemning. Dei fleste som kjem, har alt på førehand tenkt gjennom kva dei skal stemme, nett som dei to i kyrkja oftast har klart for seg kva svar dei vil gi til presten. 
Valet er hemmeleg. Det er stemmeavlukke med føretrekksgardin. Minner meg litt om prøverommet hos "Dressmann", berre det at spegelen manglar og knagg til å henga ytterjakka på er fråverande. Fordelen er at her skal ein ikkje kle av seg, og visa fram beina opp til kneet til dei som står utanfor. Og så er det vakt, som gjer det trygt for meg å vera der inne så lenge eg vil. Eigentleg hadde eg ferdigutfylt liste med heimefrå. Men då eg kom inn i valglokale og hamna i feil kø, tenkte eg at det var like greitt å nytta desse prøveromma. Ingen treng tru at eg tek for lettvint på borgarplikta mi. Når eg først var kommen inn dit, tok eg meg litt tid til å lese eindel stemmesetlar. Eg vart forundra og nesten litt skremd over å finne at så mange av mine tidlegare elevar, nå har vakse såpass at dei fyller opp så mange plassar på så mange lister. Mens eg sto der, slo det meg at eg skulle teke med meg dei gamle karakterlistene eg har heime. Det ville vore eit framifrå grunnlag for kumulering og ekstraoppføringar. Stryking av kandidatar er diverre ikkje lov lenger. Men eg strauk likevel nokre håplause kandidatar på nokre suspekte lister, før eg gjekk. 
Treng eg å legitimera meg, spurde eg vyrdsamt når eg kom ut med to godt samanbretta stemmesetlar. Nokre flirde og lo i vallokalet. Nei me kjenner gamlelæraren, sa dei. Berre me får kryssa deg av slik du alltid gjorde på fråværslistene i starten av mattetimane, så er me nøgde, sa ein. 
Eg har stemt idag. Eg har stemt nye folk inn i eit nytt kommunestyre. Unge folk. Entusiastar. Eg vonar mine folk kjem inn. Eg ventar meg mykje av den gjengen.

  Blogglistenhits