Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 14. september 2015

Valdag

Valdagar er ikkje som andre dagar. Det har hengt ved meg heilt frå barnsbein av. Då foreldra mine drog til bedehuset for å stemme,
var det høgtid. Då vaska dei seg grundigare og kledde seg finare enn me elles såg dei. Me ungane fekk vite at dei skulle delta i eit val, men me fekk aldri då vite kven dei stemde på. Me syns det var rart, nesten litt mystisk. Når dei kom heimatt var det mykje snakk om kven dei hadde sett og kven dei ikkje hadde sett, men aldri noko om kva dei hadde stemt. Valet er hemmeleg, sa dei på 50-talet. 
 Eg har stemt idag. Alt i går kveld såg eg i kleskapet mitt etter høvlege klær. Valdagsklær. Å stemme er det noko høgtidleg ved. Ein skal ikkje komma slengjande i kvardagsklede, når borgarplikta kallar. Å komme inn i kulturhuset på valdagen, er ikkje som å koma til det same lokalet på eldredansen. Rett nok er festsalen like stor og like nedsliten som før, men likevel er det som eit anna lokale. Eg kan lettast samanlikna det med å koma til kyrkja i bryllup. Høgtidleg, men lett og lys stemning. Dei fleste som kjem, har alt på førehand tenkt gjennom kva dei skal stemme, nett som dei to i kyrkja oftast har klart for seg kva svar dei vil gi til presten. 
Valet er hemmeleg. Det er stemmeavlukke med føretrekksgardin. Minner meg litt om prøverommet hos "Dressmann", berre det at spegelen manglar og knagg til å henga ytterjakka på er fråverande. Fordelen er at her skal ein ikkje kle av seg, og visa fram beina opp til kneet til dei som står utanfor. Og så er det vakt, som gjer det trygt for meg å vera der inne så lenge eg vil. Eigentleg hadde eg ferdigutfylt liste med heimefrå. Men då eg kom inn i valglokale og hamna i feil kø, tenkte eg at det var like greitt å nytta desse prøveromma. Ingen treng tru at eg tek for lettvint på borgarplikta mi. Når eg først var kommen inn dit, tok eg meg litt tid til å lese eindel stemmesetlar. Eg vart forundra og nesten litt skremd over å finne at så mange av mine tidlegare elevar, nå har vakse såpass at dei fyller opp så mange plassar på så mange lister. Mens eg sto der, slo det meg at eg skulle teke med meg dei gamle karakterlistene eg har heime. Det ville vore eit framifrå grunnlag for kumulering og ekstraoppføringar. Stryking av kandidatar er diverre ikkje lov lenger. Men eg strauk likevel nokre håplause kandidatar på nokre suspekte lister, før eg gjekk. 
Treng eg å legitimera meg, spurde eg vyrdsamt når eg kom ut med to godt samanbretta stemmesetlar. Nokre flirde og lo i vallokalet. Nei me kjenner gamlelæraren, sa dei. Berre me får kryssa deg av slik du alltid gjorde på fråværslistene i starten av mattetimane, så er me nøgde, sa ein. 
Eg har stemt idag. Eg har stemt nye folk inn i eit nytt kommunestyre. Unge folk. Entusiastar. Eg vonar mine folk kjem inn. Eg ventar meg mykje av den gjengen.

  Blogglistenhits

1 kommentar:

  1. Eg gløymde kleskoden. Så mine røyster vart nok forkasta med eit fnys. Av mine velkledde tidlegare elevar.

    SvarSlett