Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
mandag 23. januar 2012
Ein kamp på nye premissar
Så endeleg i natt skjedde det noko. Etter tre rundar på beina i løpet av natta, med stadige glytt mellom persiennane i soveromsglaset, lava snøen ned. Før eg kom meg i buksa, høyrde eg snøplogen buldre forbi ute i gata. Nå er det ut å måke, tenkte eg. Eg visste presis kor snøskufla mi var plasert. Ho har stått klar i nokre månader like innanfor vedboda. Når kampen kjem, skal eg ikkje vasa rundt å leite etter utstyret, har eg tenkt. Kampen går på å få innkøyrsla rein for snø før naboen. Då tenkjer eg ikkje på naboen mot nord. Den slasken, han reiste til Gran Kanaria på lørdag, utan å ha brøyteberedskap i heimen. Nei, det er han mot vest eg kjempar mot. Denne nordlendingen som alltid skal syna alle at der "æ" kjem frå, kan ein dette med snøtraktering. Som ein driven bondeson frå Rogaland, har eg likevel ved einskilde høve overlista denne fiskarsonen frå Nordland. Då har eg brukt både kløkt, kraft og teknikk.
I dag ana eg uråd straks eg opna utgangsdøra. Kven er det som klipper plenen, var det første som slo meg. Men då eg såg den kvite spruten, mest som ein tornado, over tomta til naboen, skjøna eg. Svarten! Har han kjøpt seg snøfresar? Eg sette snøskufla frå meg, og pusla roleg innatt i huset. Eg ventar litt med måkinga, seier eg til kona.
Ufine middel for å nå sine mål, tenkte eg. Heng eg etter i den teknologiske utviklinga, tenkte eg og. Kor mange hestekrefter er det i den der skal tru. Eg ville hatt ein breiare med høgare marsjfart.
Eg ser det litt an. Eg skal ta nokre observasjonar av tidsbruken og finishen hos naboen dei næraste dagane. Etter det eg såg frå min plass bak gardinet idag, tok det si tid. Eg skal, når eg er over vonbrotet, ta opp kampen mot snøfresaren med snøskufla mi.
Men først må eg til fastlegen og måle blodtrykket. Held det systoliske seg under 140 mm Hg, er eg startklar. Om ikkje, må eg finna andre løysingar.
søndag 15. januar 2012
Vinter i fjellet
Når vinterværet uteblir i låglandet, er det berre ei løysing: Reisa til fjells. Det blei ein laurdag til mandagstur i 900 m høgde. Kona, 2 barnebarn, eg og SX4-aren. På denne årstida er det å parkera ved Rv 9, pakka pulken og legga avgarde på ski 2km inn i fjellet. Når føret er godt og været lagleg, er dette ein tur for livsnytarar. Slik er det ikkje alltid. Eg mlnnest turar på denne årstida då den djupe, laussnøen rakk til rumpa på det meste. Då pulken gjekk meir under enn oppå snøen, og då transpirasjonen dehydrete meg heil ned til botnen av sjela.
Men i år har det vore spesielle værtilhøve i fjellet. I følgje Vinjebuen eg traff på turen, har det vore rare vertilhøve her dei siste vekene. Kulde, regn og snø i ukorrelert rekkefølgje. Dette har laga ei hard skorpe på toppen. Den kan vi gå på i år. Men under skorpa er det laus puddersnø. Eg er glad ikkje hytta ligg i rasfarleg terreng. 1,30 m målte vi snødjupna til på hyttetomta, og glidelaga nedetter var mange.
I dag gjekk med tur oppover fjellet. To snart 70-åringar og to snart tenåringar. Ein ulike kamp i først til toppen tevlinga. Med litt bakglatte ski og svært flatt lys vart det vanskeleg å vinna. Og så er det dette med alderen då.
Vel heime til hytta att fekk eg kanalisert den ungdommelege energien opp på taket. Taksløysar og solcellepanel måtte lettast for eindel kg. Fantastisk god hjelp i slike ungdommar har eg erfart ennå ein gong. Og når dei eit par timar seinare svingar steikepanna og pannekakene ligg rykande og fristande på bordet, kjenner eg meg mest som ein greve på eit mangestjerners etablissement.
I morgon er det attende til låglandet. Til grøne bakkar, våte vegar og bare hustak. Det er jo enkelt, men...
lørdag 31. desember 2011
2011 ebbar ut
Å hugse ting kan vera strevsamt om ein ikkje har det lagra i elektroniske arkiv. Eg mistenkjer NRK for å ha ikkje berre e-arkiv, men også ein heil stab som tek seg av å halde greie på "året som gjekk". Sjølv må eg klare dette aleine. For det er viktig å halde greie på den nære historia.
På det personlege planet som ein seier, slit eg mest med å minnast kva nyttårsforsett eg hadde for 2011. Såleis er det uråd for meg å vite om desse er oppfylt.
Kanskje eg sette meg føre å bli pensjonist. Det er i såfall oppfylt. I løpet av dette året kan eg skryte av å ha blitt ekte pensjonist med full uttelling frå NAV og SPK. Nå er det om å gjere å fylle madrassen, slik at ein ikkje får skattesmell grunna høg formue. Der er eg godt på veg. Det må vera eit mål for neste år å få fylt opp madrassen frå hodegjerdet og ned til akselnivå.
Kanskje eg sette meg føre å stramme inn livreima. Der har eg isåfall bomma. Piggen i beltespenna slit med å penetrera 2 hol utanfor 2010-holet. Det er irriterande å drakse med det same beltet i årevis. Då set spenna merke i lærreima, og samanlikninga med tidlegare mageomkrins vert så altfor enkel. Det må bli eit mål for neste år å kjøpe nytt belte. Det blir som å trykke på reset-knappen, trur eg.
Kanskje eg sette meg føre å leva meir i nåtida, og vera tilstades både fysisk og psykisk der. Her har eg isåfall lykkast berre delvis. Etterkvart som talet på pc-ar og nettbrett i heimen aukar, oppstår ein ubalanse mellom den fysiske og den psykiske tilstadeværinga. Klart eg er der med kroppen, kanskje meir enn før, men den gode samtalen med augekontakt og handspålegging er kraftig redusert. Det er denne trådlausa som tek fokus. Dette er i og for seg ikkje heilt nytt. Alt i 1966 var eg oppslukt av det trådlause, eller "Uten en tråd" som Bjørnebo formulerte det den gongen. Det må bli eit mål for neste år å driva mindre trådlaust omkring, iallfall i heimen.
Kanskje eg sette meg føre å slå ut håret og gi blaffen i mi plikt som menigmann. Her har eg isåfall slite med å komma i mål. Når håret endeleg begynnar å hengja litt rundt øyrene, hentar frisøren meg inn. Eg skal leve eg og, seier frisøren, og alle sjangsar til å slå ut håret vert såleis spolert av "kort i nakken"- praksisen. Neglisjering av plikter er eg og svak på. I inneværande år har eg reist halve kloden rundt, men ingen stad har eg høyrt noko negativt sagt om meg som ein pliktoppfyllande mann. Eg må skjerpe meg. Det må bli eit mål for neste år å bli meir av ein langhåra rakkar, iallfall utanfor heimen.
Året ebbar ut. I morgon vaknar eg nok til nytt år med nye sjansar. Kanskje litt lemster i kroppen. Det kan jo skuldast madrassen.
Godt Nyttår!
tirsdag 20. desember 2011
Julekortet 2011
lørdag 10. desember 2011
Slaget om smøret
Kona mi har difor tråla alle dei matvarekjedane som er representerte på Husnes. Eurospar, Ica, Rema og Kiwi.
Eg kunne sjå det på henne der eg stod i stoveglaset når ho kom heim frå raida sine, at heller ikkje denne gongen hadde ho lykkast. Kraftig framoverluta med spøtehua godt nedover øyrene for ikkje å syna for all verda at ho også nå kom slukøyra attende til heimen. Ho minna meg om ein veidemann som for 3000 år sidan kom heim til familien sin ein stad ved Husnesfjorden, utan å ha med seg fangst attende til familien. Korleis skulle framtida bli.
Men så ein dag var haldninga hennar annleis. Eg såg det på lang avstand der ho kom nede i gata at noko stort var på gang. Hua sat lett på toppen av hårkransen, ryggen var rak og ho gjekk med sjølvsikre steg mot huset vårt. Eg la bort det eg hadde i nevane, og sette meg godt til rette i sofaen. Nå, tenkte eg. Nå blir det fest.
Kona hadde ikkje berre fått tak i smør, men det var måten det skjedde på som var så pirrande lysteleg ei soge:
PÅ Rema 1000 hadde det som lyn frå klår himmel dukka opp 4 pakkar meierismør i kjøledisken. Ikkje slike flotte 1/2 kg pakkar som me hadde før i tida, men dei mykje mindre bordpakningane. Ho forsynte seg grådig, og såg seg varsamt rundt idet ho skulle trilla vidare. Men så kom ei anna av same kjønn, men som tilhøyrde eit anna jaktvald. Eit jaktvald godkjend av den lokale butikkstyraren.Det vart ein kamp. Du kan få ein pakke, meinte mi. Nei eg treng to, sa ho. Mi har alltid vore særs medgjerleg og empatisk. Ho hadde sjølv kjend på kroppen korleis det var å koma heim utan smør. Og då ho såg at Oppmannen stod i bakgrunnen klar til å mekla og eventuelt dømma, ordna ho opp sjølv.
Kona mi kom heim med 2 pakkar smør.
Skal me smørja oss ei julebrødskiva, spør eg, utolmodig og våt i munnen. Nei det er julegåver, seier ho.
Det var då eg skjøna at dette er ein kamp på mange plan. Eg må nok smørja med tålmod og margarin ei stund til.
fredag 9. desember 2011
Eg - eit mediaoffer
Men å nytta ein stol som linjal i matematikktimen, ligg langt på sida av slik mitt hovud og resten av kroppen fungerer.
Mens eg var i Kina har lokalavisa moroa seg på min kostnad.
Eg har høyrt ein skal vokta seg når media tek tak i ei sak. Anten må ein halda seg heime og legga seg flat, eller så får ein røme landet.
Eg kan godt tenkja meg det siste, iallfall til stormen har lagt seg...
torsdag 1. desember 2011
Kvifor blæs det sånn?
Mine observasjonar stadfestar dette. Den aktive fasen på 50-talet, sette spor etter seg i hugen min, spor som ikkje let seg vaske bort. Eg vart skremd, ikkje på grunn av vindstyrken, men avdi dei vaksne vart så hjelpalause i høve til rasande naturkrefter. Garden eg vaks opp på, var på den tida i ei skrøpleg forfatning. Gamle bjelkelag med rotne undergurtar og skrale svillar, vart svake i sterk vind. Første gongen eg såg far min skremd, var då han rømde løa avdi taket letta så høgt over veggen som det normalt kvilde på, at han såg dagslyset gjennom den store glipa som oppstod. Taket "flaut" i lause lufta i ei æve, før det datt ned på plass att. Alt stod på spel, den gongen. Heile livsgrunnlaget for ein familie på 2 vaksne og 5 born hang i - lause lufta. Far min skulle sikra husa, men måtte gi opp. Han såg annleis ut enn det som vanleg var, då han kom inn i huset til oss andre som då var samla på kjøkenet. Far min hadde kasta inn handkledet, han hadde gitt opp i kampen mot naturkreftene. Det trudde eg ikkje kunne skje. Far min visste jo alltid ei råd, og eg hadde aldri før sett han slik.
Den natta sov me alle 7 på golvet i kjøkenet. Det vart vurdert som rommet der "Vår Herre" hadde minst tilgjenge med kreftene sine.
Hendinga har sett seg fast i hovudet mitt. Når det bles som det gjer nett nå, vert eg uroleg. Eg tek jevnlege turar rundt eigedomen, inspiserer garasje, drivhus, bassengoverdekke og alt anna som kan flagra i vinden. Naturkreftene skal ikkje få ta rotta på meg. Eg skal ta att for at far min måtte gi seg den gongen. Eg skal stå støtt i stormen.
Likevel må eg innrømma at eg likar meg ikkje i slikt ver. Magesyra aukar, og eg kjenner ei uro i kroppen som får hjarta til å slå og tankane til å spinna. Ein indre mental storm.
Forskarane kranglar om desse uværa skuldast menneskeskapt global oppvarming, endringar av saltinnhaldet i havet eller variasjon i El Niño-straumane. Eg veit sjølvsagt ikkje det. Men den indre mentale stormen eg kjenner i slikt vær, kjenner eg årsaka til. Den er menneskeskapt. Til liks med resten av kroppen min.



