Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 11. februar 2013

Konge-elva.


Chao Phraya er den store elva som renn gjennom Bangkok. Den er Thailands viktigaste elv. To elver som kjem frå Laos og Burma renn saman og dannar denne konge-elva, som til slutt renn ut i Thailand gulfen.
Dette er livsnerva i hovudstaden, der gods og folk rek opp og ned. Det finns all slags båttrafikk frå dei raskaste langhale båtane, til dei lengste og seigaste lekterane. 


Eg og mi kjære tinga oss middagscruise på ei stasleg skute som i 50 år har segla på denne elva med turistar. Før det frakta ho ris til hovudstaden.  Dette var ingen av dei typane som er vist ovanfor. Vår båt, Tahsaneeya Nava, var ein stasleg såkalla Rice Barge, konstruert av solid hand-skoren  og polert gyllen teak. Riskokaren, som han ofte vert kalla, blei bygd på den tida då Thailand framleis hadde rikeleg med teaktrær i skogane. Slik er det diverre ikkje lenger. Her kjem vår båt til piren for å henta oss:


Me blei ønskt velkommen ombord av vakkert kledde thaiprinsesser som skvetta  oss med rosevatn og gav oss fletta jasminkransar. På eit stasleg dekka bord for to, stod det navnet Gunnar på ein lapp. I Thailand var det berre ein Mr Gunnar den kvelden. Alle andre ombord bar thailandske nanm, ja unnateke Mrs Gunnar då sjølvsagt Cruiset og middagen kunne starta.

 
Spanjolane har noko dei kallar  tapas. I Thailand heiter det noko anna, og det overgår dei spanske rettane i omfang, mengde, styrke og innpakking, syns eg. Her var traditional thaifood i kjøtt , fisk og skaldyr. Kvar rett blei oss  forklart: Kor  retten kom frå i landet, kor spicy var han eller ikkje var han osb.  Me blei servert og servert: forrettar, hovudrettar, desertar, drinkar, kvitvin, raudvin og dessertvin. Ved Mr. Gunnar sitt bord, som var like bak kapteinen, vart det mykje nyting denne kvelden. Maten glei  ned på ein framifrå måte, og thaiprinsessene  spela og dansa.  Grand Palace, Wat Arun, Wat Prakeaw og alt det andre glei forbi på elvebreddane. Eit fantastisk skue som vi fekk i solnedgangen idet vår tur starta kl 18.
Kor lenge han varte, er meir uvisst. Iallefall er cruiset ennå ikkje slutt inne i hovudet mitt. Der vil opplevinga vara lenge.



søndag 10. februar 2013

Betre enn sitt rykte


Minibussane i Thailand har dårleg rykte. Bror min seier eg skal halda meg vekke  frå desse sjølvmords-bussane. Dei er innvolverte i mange av  trafikkulukkene ein har på vegane her. Men når det går bra, og det gjer det jo ofte, er dette ein hurtig og svært rimleg reisemåte. Iallfall mellom Hua Hin og Bangkok. To og ein halv time på desse 200 km, der vanleg taxi brukar 3 timar. 70 kr ein veg for meg og mi kjære, der vanleg taxi skal ha opp mot 700 kr. Minibussen eg sit i nett nå, går på gass, er ny med kjempeakselerasjon, aircondition og sikkerhetsbelter. Desse beltene har ingen brukt før meg. Eg må slita av stripsen dei er bunta i hop med, før eg kan spenna han på. Sjåføren skular på meg, og lurer på kva eg driv på med. Han flirer når han skjønar det.  Slalomkøyring i 4 ulike køyrebanar, og køyring ute på vegskulder, er et "must" om ein vil komma seg fram inne i Bangkok. Trafikken er tettare enn kloakrøyret blir når eg puttar papiret i skåla i staden for i bøtta ved sida av. 
Etter at styresmaktene gjekk inn med skattelette for alle førstegongs bilkjøparar, har bilparken, særleg i Bangkok, eskalert voldsomt. Den ektefellen som ikkje har bil, kjøper nå familiebil nr 2, og unge folk har  og fått råd til bil, les eg. Slik har ein gitt ris til eigen bak. Det er mest på linje med det ein gjorde på Søbævik. Pøsa på med bilar utan å gjera noko med vegen. Den største skildnaden er vel at me ikkje har desse sjølvmordsbussane i Sæbøvik. Korkje Skyss eller Totland kan konkurrera med det. Farten er for liten og prisen for høg. 
Minibussen hadde ikkje Wifi. Så at denne bloggen er publisert, tyder på at eg kom meg vel frå. Dei var betre enn sitt rykte desse bussane. Iallfall i dag

onsdag 6. februar 2013

Morgontrimmen

Natta var hard. I gata utanfor Norway Garden er det hundane som rår. Eigentleg både dag og natt. Eg har gjort meg til ven med dei nå. Dei har skjøna at eg ikkje er ute etter matfatet deira, og eg trur dei likar lukta mi. Det er deira område. Desse tre bikkjene styrer over kvartalet.
Om natta, når turistane har gått til sengs og temperaturen går ned mot 24 grader, våknar bikkjene. Krigarar frå skogen rundt omkring kjem rekande inn mot gata vår. Dei vil dela på maten og skvetta frå seg x-kromosom. Mange krigar baserer seg på slike ønskje, i mange slags verdenar. Det vert bråk av slikt. Ein stakkars turist vaknar i senga si og forbannar denne dyriske åtferda.
Klokka 7 står eg like godt opp. Trekk på meg ei kortbukse, fyller vatnflaska, triv bambusstaven og listar meg ut døra. Eg skal morgentrimma aleine.
Bikkjene slikkar såra sine, mens dei sit og småglefsar oppetter gata der eg går. Eg viser dei staven min, og hjelper ikkje det, bøyer eg meg ned i gata som for å ta opp ein stein. Då stikk dei og gøymer seg bak rhododendron i vegkanten. Eit virksomt knep det der. Eg lærde det av thaifolket.
Eg er på veg opp til den lokale Kaldestadåsen, som eg kallar åsen som reiser seg i nord. Rask gange fører meg dit på ein halv time. Men i motsetnad til heime, er vegdekke laga av støypte element. Ein går ikkje og trakkar på overgrodde stiar her. Då treff ein det som er verre enn brunsniglar. Slangane finns av mange ulike slag. Ikkje alle er giftige, og ikkje alle er kvelarslangar. Men eg kan for lite om dette til å våga meg ut i terrenget. Dei slangane eg ser, er oftast ihjel køyrde, og ligg i vegkanten.
Nedanfor Kaldestadåsen på Husnes driv nokre vener av meg med høns. Nedanfor turmålet mitt her er Jakkrit hønsebonden. Eg vinkar til han med bambusstaven min og helsar på hanefar og dei 20 hønene som går og nippar i vegkanten. Kan eg kjøpa egg av han skal tru? Så tenkjer eg på om venene mine heime hadde likt å sjå framandfolk komma rekande på døra for å kjøpa egg. Eg går vidare, utan egg.
Det er bratt idag. Mange er før meg i løypa, og mange som var bak meg, er nå framføre meg. Det dryp frå skolten og frå brystorgana. Eg drikk. Kaldt vatn, både i kjeften og over hovudet. "Drekker du vann idag?", seier bergenseren. Han eig eit hus på vegen opp, og driv ein liten kafe med eit par bord i hagen sin. Eg har vore hos han før. Då drakk eg chang, det beste thaiølet etter min smak. Når blæra var full, fekk eg låna doen hans inne i huset. "Ja eg trimmar", seier eg. "Ja, det er mangt ein kan finna på langs veiene", seier han. "Er ikkje du på ferie mann?", seier han og.
På toppen er apane. Pestdyra, som noko kallar dei. Apane har sexorgie i dag også. "Eg har høyrd at dei driv med det der berre som tidtrøytte", seier eg. "Ja, slikt er det vel med dei fleste", seier ein annan turgåar. Jo - men i denne varmen!
Etter å ha sett meg mett på apane, går eg til utsiktspunktet. Hua Hin ligg langt der nede, så langt auge kan rekke frå nord til sør. Eit vakkert skue, så tidleg om morgonen. For langt vekke til å sjå detaljane. Søppelet i vegkantane og slummen lang jernbanelinja syns ikkje frå her. Berre golfbanen, byen og havet.
Eg småjoggar heimatt. Thaiane er på veg til arbeid og skule. To vaksne og to born på eit mopedsete. Eit vanleg syn. Berre kledd i shorts og utan hjelm. Dei lokale folka får gjera som dei vil i trafikken. Politiet ser dei ikkje. Dei har for få baht til å betala bot. "Dee kraup", ropar dei til meg, og smiler. "Kraup, kraup", seier eg.
Eg er i smilet sitt land. Der sola kvar morgon stig opp frå havet i aust, og der dei innfødde har eit smil som synes å stiga opp frå sjela deira heile døgeret.

tirsdag 5. februar 2013

Tre kalendrar - tre nyttårsfestar.

Den thailandske månekalenderen:
 For dei såkalla therewada buddhistane, det vil seia dei som bur i Thailand, Laos, Cambodia and Burma er det nyttårsfeiring i midten av april. Det er i den  "varme årstida", som er ei av dei tre årstidene her i dette tropiske landet. Nyttårsfesten går over 3 døger, og vert kalla Songkran-festivalen. Då spring folk rundt med vatnpistolar, bøtter og spann. Det er om å gjera å veta ut dei andre mest mogleg. Kalenderen deira viser at år 2556 startar ved den komande Songkran-festen. Dei ligg altså 543 år før oss i løypa. Det er 2556 år sidan Buddha sin dødsdag, trur dei. 
Den gregorianske kalenderen:
I følgje pave Gregor den XIII sin kalender, den eg har på kjøken-veggen i Haugavegen, er det 2013 år sidan Jesus vart fødd. Buddhistane her i landet nyttar også denne kalenderen. Det er nok for at det skal bli greiare for oss turistar å skjøna at sjølv om me reiser halve kloden rundt, og sjølv om me må stilla på klokka etter reisa, så skal me ikkje stilla ho 543 år fram. Dei siste åra har 1. januar såleis vore offisiell fridag også her. Men kva 2013 står for, vil ikkje thaiane snakka så mykje om. Det har ikkje noko å gjera med deira heilage tru.
Den kinesiske månekalenderen:
I Thailand kryr det med kineserar. Ikkje i same grad som i Kina sjølvsagt, men dei har opp gjennom åra strøymd på frå nord for å søkja grønare gras på denne sida av gjerdet. For å overleva. Og i Thailand har denne minoriteten ikkje blitt forfulgt, slik som i mange andre land. Kinesarane her er godt integrerte. Dei lærde seg raskt thaimålet, respekterte buddhismen og formerte seg greitt både med eigne og nye landsmenn, vert eg fortald. Ein stor og uoversiktleg  minoritet  med kinesiske gener i større eller mindre grad, ligg rundt mellom 10 - 20 % les eg. Og kineserane har med seg sin eigen kalender. Wan trut chin kallar thaifolket den kinesiske nyttårsdagen. Den kjem på den andre (stundom tredje) nymånedagen etter vintersolverv, og skal i tillegg vera mellom 21. januar og 19. februar. I år kjem denne kinesiske nyttårsdagen den 10. februar. Då startar slangen sitt år i denne 60-talsykliske kalenderen.
Den beste plassen å oppleva den kinesiske nyttårsfeiringa i Thailand, er i China Town i Bangkok. Også her i Hua Hin har ein begynt å pynta seg til festen i slutten av veka, noko eg tok bilete av på handlesenteret idag. Likevel  reiser eg og mi kjære på ein weekendtur inn til Bangkok fredag til sundag.
Då skal me feste. Kinafeste,  med 7 andre millionar minst.


mandag 28. januar 2013

VATN

I natt har det regna i Hua Hin. Ei hending som er verd eit blogginnlegg, for den er sjeldan på denne årstida. Statistiske målingar syner at i gjennomsnitt regnar det berre ein dag i januar. Den dagen var eit par timar i natt. Yr.no seier rett nok at me kan venta oss nokre timar komande natt også. Me får sjå om dei veit betre enn Thai Metrologiske  institutt. Eg velgjer å tru at dei veit best om eige land.
Klokka er blitt 10 på mandag føremiddag. Eg sit i berre ei kortbukse på balkongen og bloggar. Det er behagleg kjøleg idag,   Sola er framme nå. Men palmene og plenane rundt meg er framleis våte, og dei gapar etter meir. Eg trur dei må nøya seg med det thaigartnarane gir dei frå vatnslangane sine ein gong om dagen. Då går dei rundt og sprutar, og dei gir gjerne meg ein dusj også, om eg ber om det. For i Thailand manglar ein ikkje vatn.
Grunnvatnet i Thailand står høgt. Mykje av dette låge slettelandet og deltaområdet ved Thailandbukta er sumpland. I Bankok nyttar ein av grunnvatnet til drikkevasskjelde, noko som har ført til at byen har sige nokre cm. Det saman med den høge vassføringa i Chao Praya-elva, førte jo til den katastrofale oversvømminga i Bangkok for haltanna år sidan. Ekspertar ved Cicero seier at følgjene av global oppvarming med havstiging, landsynking og nedbørsmenger/snøsmelting i Himalaya vil oversvømma det meste av byen i løpet av 50 år, om ikkje grep blir tatt. Etter det Thailand har stått for på miljøsektoren hittil, er det ingen grunn til optimisme her.
"Vi må til  Bangkok nokre dagar denne gongen og", seier eg til mi kjære. "Det ser ut som me berre har 50 år på oss nå". Ho tek fram Bangkok boka, og er igang med planlegging. Ho elskar Bangkok, folkelivet, markedene og luksushotella.
Palmetrea har fått slukka tørsten. Sjølv er eg tørst. Eg må ringa Toey, vår lokale leverandør av drikkevatn. Han kjem med 20 liter kanner som han set opp på Sanyo-maskinen vår. Då kan me tappa både iskaldt og kokvarmt drikkevatn frå den. Toey er ein kjernekar. Han slit vatnet frå lastebilen sin, opp trappa og inn på kjøkenet vårt. For vatnet og jobben vil han ha 50 baht. Han får det og stundom det doble. Då blir han litt brydd.

lørdag 19. januar 2013

Ei vurdering av eit sjukehus i Hua Hin, Del 3

Dei som har lese forrige innlegga mine, Del 1 og Del 2, vil skjøna kva dette handlar om
Tolking og Konklusjon:
Eg er på beina att. Bangkok Hospital i Hua Hin fiksa meg på under eit døger. Rett nok ville dei gjerne ha stulla meir med meg, men eg følte datainnsamlinga mi var fullført. Eg hadde eit tydleg nok inntrykk av kva dei stod for.
Eg har vore gjennom operasjonar på diverse sjukehus i Vest-Norge. Både Helse Fonna og Helse Bergen er testa ut. Eg har blitt sendt som ilpost frå fastlegen min til Haukeland med lumbal prolaps og merkelappen "hastar" påklistra. Slikt hjelper lite å koma med der i gården.
Eg har vore til observasjon i vassrett stilling på korridorane i Haugesund. Eg har slite meg nyoperert gjennom nettene på 4 mannsrom mellom snorkande og søvngåande oldingar. Eg har blitt skifta bleie på mens nabopasienten har besøk av kona si, og eg har trudd at slik er livet. Sjukehus livet. Og slik skal det vera.
På Bangkok Hospital var det annleis. Alt eg trudde var som det skulle vera, var ikkje slik her. 
La gå at me ikkje alltid skjøna kvarandre (noko som visst og er eit aukande problem i Norge nå), men eg vart handsama med verdighet, eg blei teken på alvor og eg fekk relevant hjelp utan ventetid. 
La gå at dei er slepphendte med antibiotikaen. Eg blei sendte heim med eit heilt "lass". Eg veit at slikt kan skapa resistente bakterier på sikt, men eg kan styra bruken av dei sjølv heime. Og dei gjer meg frisk, kjenner eg.
Norge er eit lite land. Me er få menneske, men presumtivt velutdanna. Kvifor får me det ikkje til heime? Kvifor klarer me ikkje å organisera og tilrettelegga betre på sjukehussektoren? Eg trur ikkje det er viljen det skortar på. Det burde ikkje vera pengemangel heller. Men endringsforsøka strandar. Det er så mykje fram og attende. Ein klarer ikkje finna dei gode løysingane.
Den siste helseministeren er ein flink mann. Kanskje for flink for Jens. Var det difor han fekk denne Uriasposten som ingen før han dei siste åra, har komme utav med rak rygg og ære. Jonas har reist mykje utanriks. Han bør ta seg ein tur til Hua Hin. Der bør han eta i seg giftig skjelmat og hamna på Bangkok Hospital. Då kan han observera, tolka og kanskje læra. 
P.S. Eg var ikkje før heimkomen, så ringer det danske forsikringselskapet mitt, Tryg, og spør korleis eg har det. Rekninga på kr 4700 er alt betalt. Dei ønskjer meg god betring og eit fortsatt fint opphald i Hua Hin. I kveld må eg berre å ta meg ein Gammel Dansk. 

Ei vurdering av eit sjukehus i Hua Hin. Del 2

Dei som har lese forrige innlegget mitt, Del 1, vil skjøna kva dette handlar om.
Innsamling av data:
Å bli køyrd i rullestol  inn i Bangkok Hospital Hua Hin, dehydrert og febersjuk, samsundes som ein skal observera sjukehuset sin kompetanse på breidt plan, er ei utfordring. Men overgangen frå ei eksosfylt gate med luftemperatur på 27 grader, til eit innemiljø som langt overskrid det Hordaland Fylke krev i sine ambisiøse HMS-mål,  gjer at ein mest føler seg spontant reinkarnert. Som om sjela går inn i ein ny lekam. Ein lekam fri frå både virale og parasittære organismer.
Men akk, så fort gjekk kureringa ikkje . Men det gjekk fort inn til akutten, der 4 personar tok imot, plasserte meg på akuttsenga, målte blodtrykk, tok blodprøvar, gjorde klar for intravenøst påfyll, smilte og trøsta. I allfall trur eg det var slik det føregjekk. Og når mi kjære var ferdig med papirarbeidet ute i mottakinga, var eg klar for å bli traktert.
"How many times you bumpbump today", ville dei veta. Bumpbump? Dei kom med eit lite glas, slik eg stundom plar levera urinprøve i til fastlegen min. Eg gjer meg klar til å gi mitt påfyll i glaset, men blir stoppa. "No beepbeep. Bumpbump", seier dei, og peikar på baksida av lekamen min. Å svarten, seier eg. Sorry, eg har ikkje meir å levera. Completely empty. 
Kona hadde ordna med standardrom for meg. Ho meinte forsikringselskapet mitt, Tryg, ville dekka det. Eg vart trilla dit. 
Eit standardrom på Bangkok Hospital får meg til å lura på korleis dei andre romalternativa der er. Rom 525 var eit einmannsrom utstyrd med tv, breiband og det meste anna som Stordalen sine hotellrom slett ikkje kjem opp mot. Eg vart stelt med, målt på og forklart om det meste. Rett nok gjekk kommunikasjonen ofte i stå. Engelskunnskapane stod ikkje i høve til fagkunnskapane. Så om ikkje eg alltid skjøna kva dei dreiv med, er eg trygg på at teamet omkring meg (det må ha vore på 5 -6 personar) visste kva dei gjorde.
Eg sov ikkje mykje gjennom natta.  Det var for mange omsorsfulle buddhist-devaer som flaut gjennom rommet. Frukosten var a la carte med ein rikholdig meny. Kroppen vart vaska og maten servert. Magen var med på nye utskeiingar idag. 
"What you want for lunch, papa?". Nei eg skal heim idag, meiner eg. 
Og slik blei det. Med eit omfattande medisinutval i sekken, vart eg henta heim av mi kjære. 

p.s. to be continued