Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 6. februar 2013

Morgontrimmen

Natta var hard. I gata utanfor Norway Garden er det hundane som rår. Eigentleg både dag og natt. Eg har gjort meg til ven med dei nå. Dei har skjøna at eg ikkje er ute etter matfatet deira, og eg trur dei likar lukta mi. Det er deira område. Desse tre bikkjene styrer over kvartalet.
Om natta, når turistane har gått til sengs og temperaturen går ned mot 24 grader, våknar bikkjene. Krigarar frå skogen rundt omkring kjem rekande inn mot gata vår. Dei vil dela på maten og skvetta frå seg x-kromosom. Mange krigar baserer seg på slike ønskje, i mange slags verdenar. Det vert bråk av slikt. Ein stakkars turist vaknar i senga si og forbannar denne dyriske åtferda.
Klokka 7 står eg like godt opp. Trekk på meg ei kortbukse, fyller vatnflaska, triv bambusstaven og listar meg ut døra. Eg skal morgentrimma aleine.
Bikkjene slikkar såra sine, mens dei sit og småglefsar oppetter gata der eg går. Eg viser dei staven min, og hjelper ikkje det, bøyer eg meg ned i gata som for å ta opp ein stein. Då stikk dei og gøymer seg bak rhododendron i vegkanten. Eit virksomt knep det der. Eg lærde det av thaifolket.
Eg er på veg opp til den lokale Kaldestadåsen, som eg kallar åsen som reiser seg i nord. Rask gange fører meg dit på ein halv time. Men i motsetnad til heime, er vegdekke laga av støypte element. Ein går ikkje og trakkar på overgrodde stiar her. Då treff ein det som er verre enn brunsniglar. Slangane finns av mange ulike slag. Ikkje alle er giftige, og ikkje alle er kvelarslangar. Men eg kan for lite om dette til å våga meg ut i terrenget. Dei slangane eg ser, er oftast ihjel køyrde, og ligg i vegkanten.
Nedanfor Kaldestadåsen på Husnes driv nokre vener av meg med høns. Nedanfor turmålet mitt her er Jakkrit hønsebonden. Eg vinkar til han med bambusstaven min og helsar på hanefar og dei 20 hønene som går og nippar i vegkanten. Kan eg kjøpa egg av han skal tru? Så tenkjer eg på om venene mine heime hadde likt å sjå framandfolk komma rekande på døra for å kjøpa egg. Eg går vidare, utan egg.
Det er bratt idag. Mange er før meg i løypa, og mange som var bak meg, er nå framføre meg. Det dryp frå skolten og frå brystorgana. Eg drikk. Kaldt vatn, både i kjeften og over hovudet. "Drekker du vann idag?", seier bergenseren. Han eig eit hus på vegen opp, og driv ein liten kafe med eit par bord i hagen sin. Eg har vore hos han før. Då drakk eg chang, det beste thaiølet etter min smak. Når blæra var full, fekk eg låna doen hans inne i huset. "Ja eg trimmar", seier eg. "Ja, det er mangt ein kan finna på langs veiene", seier han. "Er ikkje du på ferie mann?", seier han og.
På toppen er apane. Pestdyra, som noko kallar dei. Apane har sexorgie i dag også. "Eg har høyrd at dei driv med det der berre som tidtrøytte", seier eg. "Ja, slikt er det vel med dei fleste", seier ein annan turgåar. Jo - men i denne varmen!
Etter å ha sett meg mett på apane, går eg til utsiktspunktet. Hua Hin ligg langt der nede, så langt auge kan rekke frå nord til sør. Eit vakkert skue, så tidleg om morgonen. For langt vekke til å sjå detaljane. Søppelet i vegkantane og slummen lang jernbanelinja syns ikkje frå her. Berre golfbanen, byen og havet.
Eg småjoggar heimatt. Thaiane er på veg til arbeid og skule. To vaksne og to born på eit mopedsete. Eit vanleg syn. Berre kledd i shorts og utan hjelm. Dei lokale folka får gjera som dei vil i trafikken. Politiet ser dei ikkje. Dei har for få baht til å betala bot. "Dee kraup", ropar dei til meg, og smiler. "Kraup, kraup", seier eg.
Eg er i smilet sitt land. Der sola kvar morgon stig opp frå havet i aust, og der dei innfødde har eit smil som synes å stiga opp frå sjela deira heile døgeret.

2 kommentarer:

  1. Høres ut som det kryr av dyreskapninger der borte. Hørte på nyhetene i går at Mattilsynet nå tillot å ha forskjellige Slanger og Øgler m.fl som husdyr i Norge, så nå kan du kanskje ta noen av de med deg hjem å kose deg med. Men husker ikke helt om de nevnte Aper.

    Gunhild

    SvarSlett
  2. Ja eg har ein gekko (øgle) i leiligheten. Han sit som oftast på balkongen og gassar seg med mygg. Om natta har eg stundom truffe han på badet. Eg ser på han som del av vennekretsen. Kanskje han vil bli med heim...

    SvarSlett