Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 10. februar 2013

Betre enn sitt rykte


Minibussane i Thailand har dårleg rykte. Bror min seier eg skal halda meg vekke  frå desse sjølvmords-bussane. Dei er innvolverte i mange av  trafikkulukkene ein har på vegane her. Men når det går bra, og det gjer det jo ofte, er dette ein hurtig og svært rimleg reisemåte. Iallfall mellom Hua Hin og Bangkok. To og ein halv time på desse 200 km, der vanleg taxi brukar 3 timar. 70 kr ein veg for meg og mi kjære, der vanleg taxi skal ha opp mot 700 kr. Minibussen eg sit i nett nå, går på gass, er ny med kjempeakselerasjon, aircondition og sikkerhetsbelter. Desse beltene har ingen brukt før meg. Eg må slita av stripsen dei er bunta i hop med, før eg kan spenna han på. Sjåføren skular på meg, og lurer på kva eg driv på med. Han flirer når han skjønar det.  Slalomkøyring i 4 ulike køyrebanar, og køyring ute på vegskulder, er et "must" om ein vil komma seg fram inne i Bangkok. Trafikken er tettare enn kloakrøyret blir når eg puttar papiret i skåla i staden for i bøtta ved sida av. 
Etter at styresmaktene gjekk inn med skattelette for alle førstegongs bilkjøparar, har bilparken, særleg i Bangkok, eskalert voldsomt. Den ektefellen som ikkje har bil, kjøper nå familiebil nr 2, og unge folk har  og fått råd til bil, les eg. Slik har ein gitt ris til eigen bak. Det er mest på linje med det ein gjorde på Søbævik. Pøsa på med bilar utan å gjera noko med vegen. Den største skildnaden er vel at me ikkje har desse sjølvmordsbussane i Sæbøvik. Korkje Skyss eller Totland kan konkurrera med det. Farten er for liten og prisen for høg. 
Minibussen hadde ikkje Wifi. Så at denne bloggen er publisert, tyder på at eg kom meg vel frå. Dei var betre enn sitt rykte desse bussane. Iallfall i dag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar