Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 11. februar 2013

Konge-elva.


Chao Phraya er den store elva som renn gjennom Bangkok. Den er Thailands viktigaste elv. To elver som kjem frå Laos og Burma renn saman og dannar denne konge-elva, som til slutt renn ut i Thailand gulfen.
Dette er livsnerva i hovudstaden, der gods og folk rek opp og ned. Det finns all slags båttrafikk frå dei raskaste langhale båtane, til dei lengste og seigaste lekterane. 


Eg og mi kjære tinga oss middagscruise på ei stasleg skute som i 50 år har segla på denne elva med turistar. Før det frakta ho ris til hovudstaden.  Dette var ingen av dei typane som er vist ovanfor. Vår båt, Tahsaneeya Nava, var ein stasleg såkalla Rice Barge, konstruert av solid hand-skoren  og polert gyllen teak. Riskokaren, som han ofte vert kalla, blei bygd på den tida då Thailand framleis hadde rikeleg med teaktrær i skogane. Slik er det diverre ikkje lenger. Her kjem vår båt til piren for å henta oss:


Me blei ønskt velkommen ombord av vakkert kledde thaiprinsesser som skvetta  oss med rosevatn og gav oss fletta jasminkransar. På eit stasleg dekka bord for to, stod det navnet Gunnar på ein lapp. I Thailand var det berre ein Mr Gunnar den kvelden. Alle andre ombord bar thailandske nanm, ja unnateke Mrs Gunnar då sjølvsagt Cruiset og middagen kunne starta.

 
Spanjolane har noko dei kallar  tapas. I Thailand heiter det noko anna, og det overgår dei spanske rettane i omfang, mengde, styrke og innpakking, syns eg. Her var traditional thaifood i kjøtt , fisk og skaldyr. Kvar rett blei oss  forklart: Kor  retten kom frå i landet, kor spicy var han eller ikkje var han osb.  Me blei servert og servert: forrettar, hovudrettar, desertar, drinkar, kvitvin, raudvin og dessertvin. Ved Mr. Gunnar sitt bord, som var like bak kapteinen, vart det mykje nyting denne kvelden. Maten glei  ned på ein framifrå måte, og thaiprinsessene  spela og dansa.  Grand Palace, Wat Arun, Wat Prakeaw og alt det andre glei forbi på elvebreddane. Eit fantastisk skue som vi fekk i solnedgangen idet vår tur starta kl 18.
Kor lenge han varte, er meir uvisst. Iallefall er cruiset ennå ikkje slutt inne i hovudet mitt. Der vil opplevinga vara lenge.



4 kommentarer:

  1. Flott! Dette unner me dykk, me som bur ved det fortryllande Høylandsundet med raud båt i hamna, i motsetning til dykk som knapt ser Opsangervatnet frå heimen. Koss dykk!

    SvarSlett
  2. Nytinga aukar i intensitet når ho er oss vel unt. Takk for flott helsing til oss som knapt ser Opsangervatnet frå heimen.

    SvarSlett
  3. Dette så kjekt ut, men forstår nå hvorfor "massøsen" var litt på kanten når hun hevdet du spiste for mye. Kven ville ikke gjort det med slik traktering. Kos dere videre,

    SvarSlett
  4. Ja, sjølvsagt. Det var nok der eg åt litt i overkant. Idag er det Valentine dagen. Då kan eg kosa meg med anna enn mat. "It's the day for loving and kissing at the beach", sa massøsa mi i går.

    SvarSlett