Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 18. januar 2013

Ei vurdering av eit sjukehus i Hua Hin. Del 1

thailand.no las eg hin dagen, og eg siterer:
"Thailand har over 470 private sykehus med førsteklasses leger som kan gi det noe av beste som kan oppdrives av medisinsk behandling. Newsweek kåret i 2005 Bumrumgrad sykehus i Bangkok til verdens beste sykehus. Sykehuset behandler omlag en halv million utenlanske pasienter i 2008. I stedet for å stå i helsekø i Norge kan sykehustilbud i Thailand være et svært godt alternativ."
Vidare las eg på nordmennihuahin.com at offentlege sjukehs er gratis for thaiane. Det same er tannlegebesøka deira.
Eg vart tenksam då eg las dette, og sat med ei kjensle av at dette var Thailandreklame for å lokka enda fleire turistar frå rike Norge til fattige Thailand. Er det mogleg at helsevesenet i kapitaliststyrde Thailand kan fungera så godt, når våre raudgrøne  ikkje får det heilt til å sviva. Kvifor leva med denne mistanken, utan å undersøkje saka. Sjukehusa i Rogaland og Hordaland har eg vitja såpass mykje siste åra, at eg meiner å ha naudsynt innsyn i tilhøva der. I tillegg les eg norske aviser. Der er det mange som deler erfaringar om ventelister, feilbehandlingar og ikkje minst sjukehusnedleggingar.
Korleis skaffe seg erfaringgrunnlag for å uttale seg med noko grad av signifikans. Jo sjølvsagt, slik ein gjer i fysikken: eksperimentera, sanka data og tolka dei. Eg måtte altså innom eit sjukehus. Eg måtte sjå det frå innsida, som pasient. 
Arbeidet vart lagt opp etter ein slags naturvitskapleg metode. Førearbeid, innsamling av data, tolking og konklusjon. 
Førearbeidet:
Eg inviterer mi kjære med til ein av dei lugubre hamnepirane i byen. Der vankar ingen europearar. Eg tingar 1 kg mixed shellfish, noko kona slett ikkje vil vera med å dela. Nokre timar seinare ligg eg og skjelv i senga, dei korte stundene eg klarer å halde meg vekke frå toalettskåla. Etter eit ukjend antal liter væsketap, og ein kropp meir uttørka enn gekkoen på badeveggen min, var eg moden for å hentast av ambulansen. 
"To Bankok Hospital, Hua Hin", sa mi kjære. Sjølv sat eg med hovudet nedi bøtta som ein av dei to  ambulansepleiarane serverer og held for meg. Avstanden frå leiligheten til sjukehuset er 2 km. Den natta er den 20.
Me svingar opp framføre inngangen. Rullestolen står og ventar på meg. Eg vert trilla inn. 
Eg kan starta innsamling av data.

p.s. to be continued

mandag 14. januar 2013

Ein mann med respekt

Eg var i Thailand då Kong Rama IX feira 80-års dagen sin. Det var i 2007. Han feirer alltid bursdagen sin i Hua Hin. Her har han feriepallasset sitt. Han var begynt å skranta alt då 80 åringen, slik 80-åringar ofte gjer. Han hadde vore innom sjukehuset nokre gonger, og folket ottast for kva som kunne koma til å skje. Alle kledde seg i gult, for å heidra kongen sin. Han er  fødd på ein mandag, og sidan kvar vekedag i Thailand har sin farge, blei dette Rama IX sin farge.
Nå er kongen blitt 85 år, og dagsformen er ikkje god. "Korleis er det med kongen?", spurde eg varsamt ei lokal thai kvinne. Ho blei sorgfull, og lei seg. "Det er ikkje så bra med Kongen min", sa ho. Er kronprinsen klar til å ta over om noko skjer, undra eg. Ho ville ikkje snakke om det.
Seinare har eg skjøna at dette med krompen, er eit ømtåleleg tema. Han er ein playboy som thaifolket ikkje har tiltru til. Den statusen som kongen har i Thailand, er knytt opp mot personen Bhumibol Rama IX, og ikkje opp mot sjølve kongehuset som institusjon. Det er  dei 17 militærkuppa og 26 statsministrane han har overlevd, og det plettfrie levesettet hans som gjer at han har oppnådd slik respekt hos thaifolket. Det er forventa at turistane også viser vørdnad for han. Til dømes må bilete av kongen handsamast med respekt. Og sidan han er avbilda både på myntar og på pengesetlar, skal ein ikkje bære pengeboka på baklomma. Då har ein kongen under ræva når ein sit, og slikt er majestetfornærming. Vert dette avslørt, kan ein risikere at thaismilet stivnar.
Heime har vår Harald  klart å styra unna problemet, iallfall på setlane. Eg har såleis aldri merka noko reaksjon på handleturane  til Storsenteret heime, sjølv om eg der dreg pengeboka opp av baklomma.

torsdag 10. januar 2013

Eit flott reisefølgje

Invitasjonen plingar til meg gjennom Skype. "Me skal på strandtur til Dolphin Bay idag. Lyst å vera med?". 
Svigerinna mi og hennar mann, bror min, inviterer. "Alle har eit syskenbarn på Gjøvik", skreiv Prøysen. Eg har ein bror i Thailand. Det har ikkje alle. 
Dei som kjenner familien min veit sjølvsagt at både bror min og kona hans er ekte Vestlendingar, busett på  Sotra. Men frå november til mars bur dei i huset sitt utanfor Hua Hin. Det har dei gjort i mange år nå, lenge før pensjonistalderen inntok dei. Rett nok er bror min 8 år yngre enn meg, men i det private næringslivet er pensjonsalder eit fleksibelt omgrep.
Bror min er ingen latsabb. Han kan ikkje driva dank i sitt pensjonisttilvære. Han må ha ein hobby. Den som er interessert i å sjå kva han driv med nå kan lesa om det  HER.  I tillegg har bror min kjøpt seg stor lastebil, som han eigenhendig transporterer varene rundt til folk i heime på Vestlandet. Han er økonom bror min. Forhandlingar og kontraktskriving innan shipping i Asia har vore hans felt. Men i tillegg til det han han alltid hatt desse røffe hobbyane. Han er ein mann av bondeætt.
Klart me vil vera med til Dolphin Bay. Etter ein halvtime står svigerinna mi i døropninga her på Norway Garden. Dei har køyrd i 20 min hit for å plukka oss opp. Bror min sit i bilen som er parkert under eit tre, med kjøleapparatet på full guffe. 
Så sit me i bilen då, på veg til Dolphin Bay. Trafikken er tett ut frå byen. Me skal rundt 50 km sørover. Bilar pressar på både bakfrå og frå sidene. Dei stakkars mopedane med heile familier oppå (gjerne 4-5 stk) ligg så langt dei kan ute på vegskuldra. Dei verste råkøyrarane vil ha bror min lenger ut på vegskuldra også, slik at dei kan rasa forbi. Det vil ikkje bror min. Han prøver å læra thaifolket køyrevett. Han har ein svær bil, og oppnår difor litt respekt i trafikken, meiner han. Men lastebilfolket er han redd. Dei dopar seg for å kunna køyra lengst mogleg utan kvile, får eg høyre. Dei lesser så høgt på lasteplana at tyngdepunktet ligg mange meter over vegbanen. Labil jamvekt, kallar med det i fysikken. Slikt skal ein passa seg for.
Dolphin Bay er ei anna verd. Her finns lite av farlege køyretøy. Berre iskremseljarane tukkar rundt med trehjulingane, og kvinner/menn trålar rundt med dei manuelle trålane sine 20 - 50 m ute frå standkanten. Tid for strandpromenade, meiner bror min. Sjølv plukkar han fram ein solstol frå bilen, ei bok av Jan Guillou og ei flaske solkrem. Strandpromenade kan avviklast på så mange slags måtar. Det kan seiast mykje godt om bror min, men noko trimmar er han ikkje. Han nøyer seg med golfspeling, der caddy og golfbil er inkludert.
Eg og mi kjære nyt å gå på stranda. Ein fantastisk måte å trimma og å sola seg på. Og her treff me dei lokale folka. Dei fiskar både frå båt og vadande i Thailandbukta. Dei både kastar med not og trålar til fots. Og så hoyar dei til oss. Sa-wat-dee kraup, seier dei manlege til meg. Kvinnene seier sjølvsagt Sa-wat-dee Kah.
Denne dagen vart det fisk til lunch. Fantastisk
Ein stor takk til H&S som er eit spennande reisefølgje å ha her. Me gler oss mykje til laurdagen då Burmagrensa står for tur. For ikkje å snakke om avstikkaren me planlegg saman med dei til Vietnam i slutten av månaden.

lørdag 5. januar 2013

Min Tuk Tuk ven

Buplassen vår i Hua Hin ligg 2,5 km utanfor sentrum og ovanfor stranda. Ein fredleg stad der motorisert ferdsel er nesten fråverande. Å gå til sentrum for meg og mi kjære kan såleis vera ei fin oppleving, iallfall eit stykke på veg. Spaserturen tek 20 - 30 minutt om hundane er snille og kjolebutikkane er stengde (noko dei sjeldan er). Eg skreiv om hundane i 2010, (trykk her om du vil lese), og eg seier det igjen som Odd ville sagt det:  "Eg hatar dei gjerandslause bikkjene i Thailand . Dei glefsar og oppfører seg som dyr". Men med bambusstaven under armen og godt fottøy, har eg sett meg i respekt. Eg har ein mistanke om at laushundane er ein implantasjon som Tuk Tuk næringa står bak. Dei får seg nok fleire turar pga av dette. Good for business, som det heiter. I tillegg er bikkjene eit effektivt renovasjontiltak, som held gatene frie for turistar og anna avfall.
Eg må vedgå at Tuk Tuk doningane som tilbyr billeg og luftig transport, blir meir freistande etter som dagane går. Ein luring, sikker alt for ung til å ha Tuk Tuk sertifikat, har skaffa seg sin eigen base like utanfor porten her i Norway Garden. Folk seier ein bør nytta seg av eit meir profesjonelt firma som har forsikringane sine i orden, men eg likar denne kreative ungdommen. Han køyrer så varsamt over fartsdumpane og smyg seg så sjølvtrygg mellom tungtrafikkantane i sentrum, at eg opplever det meiningsfylt. Han er heilt på høgde med ein av mine vener, billettøren på ferja mellom Skånevik og Utåker. Og han er vel så enkel å prutta pris med.
"To fish restaurant", seier eg. "I pay 150 bath". "No no", seier han. "To day 120 bath". Han er lur denne karen. "Han nyttar vi i morgon og", seier eg.

torsdag 3. januar 2013

Suvarnabhumi

Eg har alltid slite med å uttale namnet på hovudflyplassen i Bangkok - Suvarnabhumi. For ikkje å snakke om å hugse dette merkelege namnet. "Eg skal flyga til Bangkok", seier eg til folk. Sjølv om eg veit at uttalen er  สุวรรณภูมิ. Ordet kjem visstnok frå sanskrit og tyder "Det gyldne landet". Det er eit vakkert namn på ein flyplass.
Thai Airways frå Oslo landar der. Kvar dag, så også nyttårshelga 2012/2013. Me var med på den turen, mi kjære og eg pluss rundt 400 andre folk. Dei fleste passasjerane var norske, men mange av dei var middeladrande og eldre norske menn med sine thailandske kvinner. I grunnen ei praktisk løysing det der. Dei thailanske kvinnene er drivande kvinnfolk som alt etter boardingen av flyet tek over kommandoen. Nett som flykapteinen styrar over flyet, styrar thaikvinna over sin norske mann i kabinen. Spesielt når han slit med å få tinga den rette drykken hos det thailandske personalet ombord, er dette nyttig hjelp å ha med på tur. Også støtta ein kan få ved disembarking og gjennom emmirasjonskøen på Survarnabhumi gir problemfri ankomst til "Det gyldne landet".

Mi kjære og eg er utstøe i thaispråket, og slit med å skjøna thaiane sin engelsk. Men her er det om å gjera gode miner til allslags spel. Stikkordet blir å smila, smila til heile verda og prøva å minnast kor greitt det gjekk sist me var gjennom systemet på denne flyplassen. 

Vår Thailandske vertinne, Nuna, skal vera ved utgangen med bilen sin. Ho skal ha eit skilt med mitt namn på, slik at eg skal kjenne henne att. Men då flyet vårt landa 45 min før tida, vart det ei tid å vente før ho dukka opp. Ventetida bruka eg til å forklara pågåande taxisjåførar at eg ikkje skulle ha skyss. Eg gjekk berre rundt og såg ut som om eg trengde det. Siden smart-telefonen min i sin smarthet hadde latt seg låsa av Mcafee-virusprogrammet, blei det vanskelg å finna ut kor Nuna var i løypa. Telefonen trudde han var stjålen av asiatar, sidan han med eitt befant seg på 13°45′00″N 100°31′00″Ø. Eg har godsnakka med han nå, og heldigvis fått han til å akseptera vidare drift.
Nuna køyrde oss til Hua Hin, nærmare bestemt til Norway Garden. Før vart dette kalla University Garden, sidan universitetet her er ein nær nabo. Men sidan Universitetet ikkje kunne halde ut med at så mange normenn budde i hagen deira, vart det namnbyte på denne buplassen. Norway garden er busett, ikkje overraskande, av berre nordmenn. Det er greitt nok, så treng ein ikkje gå rundt å smile heile tida. 
Her vil eg bu med mi kjære til landet med fjordane, midnattsola og nordlyset, har slite seg igjenom vinteren 2013. Då reiser eg heimatt med trua på at heime er best. Den trua har eg ikkje fått enda...

søndag 9. desember 2012

God Jul til allverden


Når nettene blir lange, vert det lite att av dagen.  Når kulda set inn, minkar sannsynet for å kjenna att folk. Dei som vågar seg ut i den låge sola, har vore i kleskapet først. Dei dreg på seg lag på lag , og er ikkje til å kjenne att når dei kjem utanfor døra.  Alle vaggar avgarde som  var dei Neil Armstrong på månen. Vil ein vere på den sikre sida, er det best å helse på alle. Då slepp ein å bli oppfatta som overlegen og arrogant. Nett som den gamle Overlegen ved ein herverande psykiatrisk  institusjon gjorde, då han som vanleg  gjekk fremst i 17. maitoget på midten av forrige århundre. ”Kven er denne karen som går og helsar i hytt og ver”, spurde nokre. ”Det må vera ein pasient”, meinte andre. Men dei som sa slikt var tilreisande, og hadde lite innsyn i maktstrukturane på staden. Lokalfolket  kjende sjølvsagt alle han som sat høgast på pyramiden,  og var stolte av å bli helsa på av han.
Eg er nett heimkomen frå Puerto Rico. Der var lyset klarare og vinden mildare. Der var det enklare å fokusera  menneskekroppane  på netthinna mi. Dei brukte lite klær i Puerto Rico. Dei var varme, sa dei. At magane hang og pattene  slang, var greitt. Det er det som er under panseret som tel, var det og nokon som ymta om. Vanskeleg kunne det vere å kjenna folk att når dei visualiserte så mykje av  lekamen sin. Men i Puetro Rico helsar folk på kvarandre uansett. Ikkje når ein går mellom solsengene på stranda heldigvis, men oftast  elles. Særleg når ein kryssar det eg oppfattar  som ”helsegrensa”, som kan samanliknast med  ”tregrensa”  her til lands. Når ein trør i  trimskoa og svetten renn i stride straumar saman med sololja ned i augene, då helsar  folk. Kva ein ser er eg usikker på, men  alle helsar og helst  norsk.  Anten ein  er  ved ”Våres” plass eller ved ”Øyvinds” plass, er det nett som å treffe folk på Kaldestadåsen. Dei helsar og pratar som om dei kjenner deg.  Då gjeld det å gjera gode miner til den slags spel. Sure vestlendingar i kanariske høgfjell, er om mogleg verre enn  arrgogante svenskar  på luksushotellet  El Greco i Puerto Rico.
Apropos  svenskar:  ”På  aftonen når jag kom ner till staden ...”,  sa Fridjof då han var i Arkadien. Slik er det  i Puerto Rico også.  Der helsar alle på alle på promenaden, på baren og ikkje minst på dansegolva.  Men då er jo sentralnervesystema  stimulerte  og  sjølvbileta blankpolerte.
Det er 15 dagar att til jul. Me er komne til den tida då gode helsingar og lukkeynskjer  står i fokus. Det er helsingar som går vidare enn til hei og hallo. God Jul og Godt nyttår, skriv mange. Dei skriv det på kort som stundom er måla med munnen av folk utan armar, kort dei har fått i postkassen og presumtivt  betalt for , om ikkje dyrt, så iallfall rettferdigt.  Andre skriv lange avhandlingar om kva dei har gjort sidan sist dei lot høyre frå seg. Dei er ofte masseproduserte og hamnar i postkassa til nære og fjerne bekjente. Atter andre sender ut E-postar, facebook innlegg, twitrar eller berre skriv ein blogg, som er åpen for all verda. Ei global julehelsing, som skal nå ”alle”.  Tanken er god, men eigentleg er det latmannsverk det der med blogging.
Men ”hvor om allting er”, God Jul til allverden, og særleg til deg frå meg også iår.

fredag 28. september 2012

Arrivederci Pisa


Eg sit på flyet frå Pisa til Haugesund. Det er ein Ryanair maskin der servitrisene svettar, og kapteinen snøvlar på eit slags engelsk. Eg reknar med at dei alle er hyrde inn frå eit eller anna skatteparadis, der løna er låg og kviletida kort. Men det er slik Norwegian også gjer det nå for tida, iallfall til så lenge.
Hotellbussen tok meg til flyplassen. Den turen tok 7 min og kosta 3 euro. "Hent meg presis kl 08.30," sa eg til min ven i resepsjonen. Og han gjorde det, på slaget. "Ingen slinger i valsen her", sa eg. "Nei det er dei sør i landet som driv med slikt", sa han.
Å vera i Pisa ei veke, kan vera lenge nok. Men sjølv om turen vår varde ei veke, var vi ikkje der så lenge. Hotellet vårt, som låg like ved busstasjon og jernbane, gav oss greitt høve for utflukter. Vi var i Firenze, Lucca, Livorno og Marina di Pisa. Turen me hadde planlagd til cinque terre byane, måtte utgå. Der gjekk det ras dagen før vi skulle dit, med store skader både på naturen og på turistar. Ille på alle måtar.
Toppen av opplevingar vart sjølvsagt Firenze. Vakrare by med fleire kunstskattar, skal ein leita lenge etter. Kanskje den største konsentrasjonen av kunst i Italia, ja kanskje i heile verda, ymta dei om der. Og så fekk eg treffa Galileo Galilei. Han var jo fødd i Pisa men døde i Firenze, fortalde han. Sjølv om dette ikkje var mitt første møte med den karen, han har stadig dukka opp i mi fysikkverd, så vart dette stas. Dei som følgjer meg på facebook, veit det.
Lucca var og ein vakker by. Og fredleg på alle måtar. Den 4 km lange bymuren, var ein rekreasjonsplass for både gammal og ung. På denne muren kunne ein sykla, jogga, gå,, bøya, tøya og drikka raudvin i graset. Eg gjorde litt av kvart der. Bussturen dit frå Pisa, gjennom det Toscanske landskapet og togturen attende, var og ei fin oppleving.
Livorno er kystbyen der mange cruiseskip med turistar kjem innom. Der vert turistane stabla i bussar og køyrde til Det skeive tårnet i Pisa. Mirakelplassen, som dei kallar det på turistskilta. Der tek dei bilete av tårnet, og vert frakta raskt attende til skipet. Dei trur dei har sett Pisa. Det har dei ikkje. Dei ha berre sett eit skeivt tårn som blei slik fordi grunnen gav etter eingong, og så har dei sett ein drøsss med turistar. Men Pisa er mykje meir enn det. Pisa er smale gater i Universitet området, der markeder dukkar opp, vinbarar og sjapper med smakande italiensk mat kjem på plass, og spontane gateartistar fangar blikket. Universitetet i Pisa er blandt dei eldste i Italia, og har ein bygningsmasse som minner meg om Universitetet i Bergen på 60-talet. Ingen store prangande bygningar, men mange små villaer og andre krypinn. Eg var nær ved å rekka ei gjesteførelesning i matematikk der førelesaren kom frå Michigan State University. Ved det universitetet jobba eg jo ein god del rundt 1970. Men akk. Alle desse vakre studinene eg såg på brua over elva, gjorde at eg kom 30 min for seint. Men ein kan jo ikkje få både i pose og sekk.
Som sagt, eg sit på Ryanair. Blæra er full og fasten seatbelt skiltet lyser. Kapteinen har fyrste retten til å gå på do. Skulle berre mangle. Men nå er han jo ferdig. Står og flørtar med jentene sine.
Fasten seatbeltskiltet lyser framleis. Det skal seljast skrapelodd. Då må alle vera på plass i setene sine. 1 million euro er gevinsten. Eg viftar dei vekk, nett som eg gjorde med paraplyseljarane i Pisa. Eg veit at sjansen for gevinst er svimlande mykje mindre enn det å få  regn i Pisa er. Eg skal heim og undervisa i sannsynrekning på KVV nå. Så eg veit eg har rett.
Men kva er sjansen for å få tømd blæra på sømleg vis før landing skal tru. Det er eg meir usikker på.