Kaffikoppen varmar i neven og speilegget smiler til meg frå asjetten. Eg sit ved kjøkkenbordet og lèt morgenen varma ansiktet. Ikkje noko stress, inga klokke som tikkar meg i nakken. Bare den rolige dampen frå koppen med lukta av kaffi og ein ny dag.
På veg forbi badet kastar eg eit blikk på speilen. Eg dreg begge hendene gjennom manken. Og joda, det veks! Eg må humra litt for meg sjølv. Av det store alvoret me så ofte pakkar oss inn i, av bekymringane for alt som kanskje, muligens kan gå gale, men som nesten aldri gjere det.
Eg set frå meg koppen og hentar nettbrettet. Det knakar kanskje ørlite grann i ei hofte, men føtene ber meg. Desse beina, som har trampa gjennom livet, i uvêr og finvêr, dei gjer jobben framleis. Den venstre har rett nok lenge hatt sine eigne planar, og snublar gjerne i ein terskel som ikkje er der.
Har du nokon gong studert ein eittåring som held på å knekke gå-koden? Å gå er i grunn ikkje noko anna enn å kasta seg kontrollert framover, og håpa at foten rekk å ta imot før tyngdekrafta vinn. Og i starten vinn tyngdekrafta kvar gong. Møtet med stovegolvet er brutalt, det smell, og tårene kjem trillande. Vi som står rundt løftar dei små opp, men vi pakkar dei ikkje inn i bobleplast. Vi set dei varsamt ned på føtene att.
Som barn fell vi for å læra oss å overvinna tyngdekrafta. Som gamle fell vi fordi naturlovene byrjar å krevja sitt. Det startar ofte i det komiske – du leitar systematisk etter mobiltelefonen, finn han til slutt på salongbordet, og smiler. Men så må ein innsjå at det ikkje berre er minnet som sviktar, men sjølve optikken. Når verda berre kjem inn gjennom eit halvt auge, er det ikkje lenger noko ein kan pussa vekk.
Og så har vi dei verkeleg brutale falla. Dei som slår lufta heilt ut av oss. Å sitja ved ei seng og sjå på at ein du var glad i, trekkjer pusten for siste gong. Å kjenna at ei hand som alltid har vore varm, gradvis slepper taket og blir kald. Då finst det ingen englar eller fiktive plaster som kjem dalande. Det er berre deg, kjensla av eit tomt univers, og den klare realiteten av at noko avsluttande har skjedd.
I barndommen fanst det eit magisk plaster for kvar minste skramme. Men apoteket har ikkje plaster for dei djupe kutta som livet påfører oss. Nokre sår må rett og slett få liggja opne. Dei svir, dei verker, og dei krev at vi berre står i det. Tilbake står arret. Eit bevis på at du tok støyten og nekta å bli liggjande.
Den som sjølv har kjent det iskalde golvet mot kinnet, veit korleis det kjennest når andre fell. Vi treng ikkje koma med lettvinte råd. Vi kan heller vera eit stødig, varmt anker i rommet. Ikkje fordi vi kan oppheva tyngdekrafta for andre, men fordi vi sjølv har falle, reist oss att, og veit at livet framleis er verdt å leva.
Eg sit i sofaen og hugsar attende. Eitåringen som stod og ruga borte ved sofabordet. Handbaken hans var rundt bordkanten. Han slapp taket. Eit lite sekund av perfekt, dirrande fridom. Så gjer tyngdekrafta det ho alltid gjer.
Smellet mot parketten er hardt og udiskutabelt. Underleppa hans skjelv. Han ser over golvet, rett på meg.
Eg lagar ingen trøystande lydar om at det ikkje gjorde vondt, for vi veit begge to at det smalt skikkeleg. I staden møter eg blikket hans med det auget eg har til rådvelde, og nikkar berre sakte. Eit tenkt, lydlaust forlik mellom ein som akkurat har begynt å kjempa mot tyngdekrafta, og ein som har slåst mot henne i over åtti år.
Han snufsar éin gong. Så tar han tak i sofakanten, drar det eine kneet opp under seg. Han festar blikket på ei raud leike på den andre sida av rommet, klar for eit nytt forsøk.
Så lener han seg framover. Ut av balanse, inn i rørsla. Ut i livet.
Reisa er i gang.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar