Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 16. april 2011

Kampen mot varmegradene

Når snøen smeltar, blir han til vatn. I fysikken kallar vi det ein faseovergang. Det trengs alltid varme for at eit stoff skal gå over frå fast til flytande form. Slik varme er det rikeleg av i påskefjellet nå.
På bakkane er bjørkekratt og vier iferd med å bryta seg veg opp i lyset. Snøen ligg våt og klar som ei brur, for denne penetreringa. Eit framifrå teamarbeid frå ulike naturkrefter.
Eg kler meg med stillongs under buksa, og ull under trøya. Så ber det avgårde til vasspumpa med truger på beina og bøtter i vasselen. 20 liter rommar kvar av bøttene. Eg pumpar opp 18 i kvar, og skrevar meg svetterennande attende dei 50 meterane til hytta. Til mi store undring inneheld begge bøttene i overkant av 18 liter då eg er attende.
Når sola skin på vatn, skjer ein ny faseovergang. Vatnet blir til damp og skulle difor unnslippe bøtta. Likevel har altså vassmengda i bøtta auka. Dette vert ei vrien påskenøtt som sjølv Roald Øyen ville slite med.
Eg trur kona mi var innom løysinga, då ho stakk hovudet ut kjøkenglaset og sa : "Du må ta deg ein pause nå. Svetten renn jo av deg som frå ei skikkeleg vestlandsbyge".
Published with Blogger-droid v1.6.8

torsdag 14. april 2011

Den mobile høgtida.

Påskedagen er 24. april i år. Han er seint ute idet 25. april er siste sjansen dagen har for å dukka opp. Slik kan det reknast ut ved Gauss metoden. Gauss nyttar Eulers modulære aritmetikk i påskeformelen sin. Kompliserte greier dette. Første påskedag er på første søndag etter første fullmåne etter vårjamndøger,er den enkle huskeregelen. Men den er ikkje alltid rett.
Eg mislikar at påsketida ikkje kan halda seg stabil på ein fast dato. Dette er kanskje den mest sentrale høgtida i den kristne trua, og så driv ein slik og tullar med datoen for ho. Jesus vart fødd på ein bestemt dato, og ein skulle tru at han vart avliden og på ein bestemt dato. Men nei, slik er det ikkje. Eg må leva med denne uvissa. Særleg ille er det at slikt går ut over påskesnøen i fjellet. Thomas tvilte på heile påskebodskapen, eg er berre skeptisk til skiføret. Thomas var skeptisk til oppstandelsen, eg trur at smelta snø er borte for alltid.
"Kan du køyre påskelasset mitt inn til hytta iår"?, spør eg scootereigaren på Stokketjønn.  Eg minnest andre påskar då snøen ikkje bar, og transport blei vanskelig. År, då eg ikkje sjølv fekk sitja oppå lasset, men måtte hengja etter i ein Telemarktau. "Eg er oppvaksen i fjæresteinane på Vestlandet, så køyr roleg", seier eg. Sjeldan gassar Gunleik meir på, enn når eg seier slikt. Og det slår sjeldan feil. Eg trynar både i fonna og i fennene. "Ja, iår skal det gå greit",seier han til meg i telefonen. Det ligg ein telemarkhumor mellom orda, kjenner eg. Han er som Odd Nordstoga, storkosar seg når "grisen ligg og hyler"... 
Men bilen er pakka, og eg dreg i morgon. Med denne vermeldinga, bør likevel dette bli bra. Kanskje det er takka vera den seine påska iår at været vert så lagleg.
  

onsdag 13. april 2011

Tide i utide

Når går ferja?, spør kona. Å halde greie på ferjetidene i Sunnhordland, er mi greie. Eg har alle tidene i ein av tabellane i hovudet mitt. Det hender tabellane må korrigerast, og eg har automatisert den delen og. Kvar 1. mai har alltid vore dagen for å visualisera dei indre tabellane, samanlikna dei med det nye ferjehefte som vert publisert då, og justera ein og annan ferjeavgang. Det er sjeldan store justeringar, oftast berre 5 min her og 5 min der.
Nå kjem ikkje dei nye ferjeheftene i postkassen lenger. Før i tida kom det slike nyttige blad i postkassen, men nå er det berre reklame på glansa papir. Ubrukande både til å fyra i omnen med, og som reservereiskap på do. Så eg plar gå på www.kvatidgårferja.no. Stundom.
Har du sjekka kva tid ferja går?, spør kona. Nei, seier eg. Trengs ikkje. Er det noko eg kan, er det ferjetider. Korleis skal ein elles overleva i denne kommunen.
Idet eg svingar inn på ferjekaien, anar eg ei uro som spreier seg i kroppen. Ei varmebølgje som breier seg frå fingerspissane og opp i pannebrasken. Eg har lagt heile min kognitive potens i nettopp det å vita kva eg snakkar om. Særleg med kona, og særleg om ferjetider. Eg ser ei ferje på fjorden, seier ho. Skal tru om det er baugen eller akteren eg ser?
Eg burde leggja meg flat. Det er ikkje enkelt, særleg ikkje i bil, på ferjekaien ein tidleg morgon den dagen flest mogleg timar skulle nyttast i butikkane i Haugesund. Kva f... er dette, tenkjer eg , og stormar mot ferjetabellen som er oppslegen på kryssfinerplata på ferjekaien. "Ruteendring frå 1. januar", står det der. Jammen det skal ikkje endrast noko før 1. mai, tenkjer eg. Nå kan ein ikkje stola på noko lenger, ikkje eingong på Tide. Det er som om den mentale kapasitet min har fått seg eit nakkeskot.
Eg går attende til bilen, der kona ventar spent på referat. Dei har rota med ruta, seier eg. Og meir seier eg ikkje på ei stund.

lørdag 9. april 2011

Eit skikkeleg dagsverk

Eg har drive hagearbeid idag. Eigentleg den første dagen i år at eg har gjort eit skikkeleg dagsverk ute. Sola skein meg ut av senga, og lokka meg til innsats. Eg kledde meg rett nok i superundertøy og ullgenser, noko som viste seg å vera i overkant når eg stod med saksa i handa og svetta i solskin og 11 +grader.  Eg var på jakt etter å gjera noko som verkleg kunne visa att i hagen. Gjera ein skikkeleg mannejobb som ville visa att, og som kunne gi meg velfortent heider og raudvin til kvelds.
Og sanneleg seier eg: Det vart gjort ein vaksen jobb idag. Væpna med hagesaksa gjekk eg til åtak på årets første brunsnegl, klipte han i 3 deler, og såg korleis innvollane velta ut til alle sider. Eg kosa meg med synet når han vrei seg i døskampen.
Denne bragda kjem til å setja spor etter seg i mange år frametter. Offeret mitt, brunsneglen, kunne om han hadde fått leva og hatt normal potens, lagt 400 brunsneglegg som kunne blitt til 400 brunsneglbabyar neste sommar. Kvar av desse ville då neste sommar lagt i gjennomsnitt 400 egg, som då altså hadde blitt 400x400=160000 egg i 2012 sommaren. Utviklinga følgjer ei geometrisk rekke som me seier i matematikken. I 2013 ville sneglen eg drap i dag, kunne vore oldefar/oldemor til 400x400x400=64000000 søte små. Eg grøssar ved den tanken, men sit nå og er stornøgd med eigen innsats. Eit skikkeleg dagsverk som kravde fysisk uthaldenhet og psykisk styrke. Tøffe tider, som Matti syng, men eg har alltid likt utfordringar.



søndag 3. april 2011

Innovasjon i kvardagen

Eg var på Polet igår. På AS Vinmonopolet. Det er dit eg må, for å kjøpa drikkevarer med meir enn 4,75 volumprosent alkohol. Eg hadde tenkt meg noko som låg over det.
På denne framifrå butikken, er varene ordna etter kva land dei kjem frå, og kor kjekt ein ønskjer å ha det i konsumfasen. Til tross for dette  systematiske og oversiktlege arrangmentet, er det ofte vanskeleg å finna det beste for gane og pengebok. Om ein ikkje på førehand har tenkt ut kva ein skal ha, kan det bli mykje lesing på hyllekantar og flaskeetikettar. Det røyner på rygg, knær og tåspissar å få med seg alle varefakta.
Før eg gjekk på Polet, var eg innom Europris og kjøpte ein klappstol til påskebruk på hytta. Stolen som var uinnpakka, bar eg med meg inn på flaskebutikken. Ingenting var difor meir naturleg, enn å setja stolen frå meg i utslått tilstand ved "Raudvin frå Frankrike" -hylla. Og når stolen først stod der, og det var mykje informasjon som skulle lesast og vurderast, sa det seg sjølv at eg sette meg ned på han mens eg finlas varefakta.
Eg tenkte ikkje særleg over denne åtferda. Det er jo vanleg å sitja på bibliotekkrakkane ved bokhyllene, når eg les omtalar på baksida av bøker eg tenkjer å låna. Men sørvisen på Polet er betre enn på Biblioteket. Eg hadde ikkje sete lenge, før ei av poldamene kontakta meg og tilbaud hjelp. "Nei, eg skal nok finna ut av det", sa eg. "Har du stol med deg idag"?, spurde ho litt rar i røysta.  "Ja, eg tok med dette lett, berbare møbelet", sa eg. "Eg rekna ikkje med at dokke hadde noko å sitja på her". "Nei det har me ikkje. Det var genialt", flirte kvinna og forsvann bak kvitvinshyllene.
I 2006 fekk Vinmonopolet prisen som "Årets service bedrift" frå HSH og Nordea. Eg reknar med at dei kan gjenerobra  prisen, om dei grip denne innovative ideen som vil innebere så mykje for så mange. Men gjer dei det, så vil eg ha prosenter. Då held det ikkje med promille.

torsdag 31. mars 2011

På Bokkafe

I kveld har eg vore på bokkafe. Det har eg aldri vore før. Kvinnherad bibliotek arrangerer slike kveldar i varierande grad. Då kjem forfattarar på besøk. Dei fortel om arbeidet sitt og om bøkene sine. Denne gongen var det for meg ein spesiell forfattar. Tore Oksholen som budde i nabogata mi, og som var eleven min i biologi i 1978/79, var eg lysten på å sjå og høyra igjen.
Tore (som du kan lesa om her) hugsar eg som ein original person, som sleit med å komma tidsnok til skulen. Denne eigenskapen var ennå inntakt hos han. Han hadde framleis litt bal med å organisera seg sjølv. Etter at han hadde sete roleg å venta på å starta føredraget, og bilbliotekaren hadde introdusert han og gitt ordet til han, kom han plutseleg på at han måtte henta bøker og papir ute i eit anna rom. Men me som kjente personen frå før, let oss ikkje uroa over å bli sitjande å vente på han ei stund. Hyggeleg å sjå at folk er seg sjølv.
Ei handfull menneske var møtt fram. Nokre fordi dei var tidlegare medelevar eller lærarar til forfattaren, andre tidlegare naboar til guten.  Og så ein journalist med kona si.
Sprudlande drikke var sett fram og me kunne nyta frukt frå innbydande fat. Eg vart sitjande ved sida av ein pensjonert sokneprest, som nok syntes at sprudledrikken berre var sånn passeleg. Etter ei stund kom journalisten å henta fruktfatet. Kona hans måtte og få, sa han. Soknepresten falda hendene sine og sa fram ei stille bøn.
Tore var spennande å høyra på og snakka med. Han har tydlegvis mykje grums i kjellaren sin å ause av. Mykje av dette grumset påstod han å ha sanka på Husnes. Rundt skulane her hendte det tydlegvis meir om kveldane på 70-talet, enn eg har visst om. Iallfall om ein skal tru på forfattaren. Men det skal ein kanskje ikkje. Eg er generelt usikker på fortattarar sin relasjon til fikson og til fakta
Når eg gjekk heimatt i den milde marskvelden, var det med ei signert bok i handa. Eg ser fram til å lesa den.

søndag 27. mars 2011

UTC+2

Tida er transformert. Det skjedde klokka 02 sist natt. Då gjekk me frå UTC+1 til UTC+2. Me la oss 2 timar etter den universale koordinat tida. Mange av klokkene mine står i kontakt med høgare makter, og ventar ikkje på at eg skal stå opp og skrua dei fram ein time. Det har vore krefter i sving i stova i natt. Både mobilen, pc-en og tv-en glimtar mot meg med korrigerte klokkeslett, idet eg tek dei fram for å stilla om til den nye tida - sommartida. Omstillinga er alt utført på ein for meg lettvint måte.
Verre er det med det biologiske uret. Det som ligg i hypothalamus, og som synkroniserer seg med sola. Vår Herre har ikkje gjort noko med soloppgangen. Det gjorde ikkje Odvar Norli heller, då han som statsminister gjekk saman med resten av EU-landa og innførte sommartida på nytt i 1980. Sjølv ikkje Gro som overtok etter Odvar i 1981, fiksa på det. Det hadde nok Gro klart om ho hadde lagt godviljen til.
Eg er av bondeætt. Bønder likar ikkje sommartida. Dei grunngir det med at kyrne ikkje vil ha slik  klokkeskruing. Dei rautar ikkje etter å bli melka før deira biologiske ur, som ligg i juret, ringer. Ingen høyrde etter kva bøndene sa. Å skjula seg bak kua, holdt ikkje i denne saka.
Eg var lærar. Lærarstanden satte stor pris på sommartida. Særleg klokkestillinga i mars var gode greier. Då kunne læraren få dosera i fred dei første timane på dagen. For anten møtte svært få elevar fram så tidleg, og dei som var der, var i ein tilstand av skråsitjande slumring. Om læraren sjølv ønskte å ta det litt med ro framme ved kateteret, syntes elevane det var behagleg med litt ro og fred.
Eg er pensjonist. Gamle menn søv ikkje om natta, sa Jon Hervik Karlsen til Kjell Kristian Rike under ei skiskyttarsending på NRK for ei tid tilbake. Dei karane hadde greie på så mykje, og eg har altid festa stor lit til dei. Difor syns eg omstillinga til sommartida er ei velsigning. At klokka gir løyve til å stå opp ein time før normal UTC+1 tid, gjer pensjonislivet lettare. 
Men så er det dette med nomenklaturen då. Å skildra tida me nå er gått inn i med ordet sommartid, blir så feil. Å stå opp til denne såkalla sommartida, siste helga i mars, når snøen dryss frå innkontinete nedbørskyer, og kvikksølvstripa i gradestokken treng Viagra, gir meg ingen sommarassosiasjonar. Me må slutta å bruka dette namnet på denne tida.
Om ikkje betre forslag dukkar opp, velgjer eg å kalla perioden me entra i natt, for UTC+2. Enkelt og greitt.