Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
søndag 13. februar 2011
Snart slutt
torsdag 10. februar 2011
Planen rauk.
onsdag 9. februar 2011
Å følgje planen.
Veit ikkje heilt kva det blir til idag. Når ein er på reise, er det liksom ikkje stovereint å vera stovegris. Situasjonen forventar av ein at det er ute ein skal vera. Når ein har rista av seg kuldegradene, og reist i timevis, må ein sørgja for å få mest mogleg att for investeringane.
Men så kjem desse dagane då ein heller vil sitja på terrassen og kvila seg. Lesa ei bok, surfa med mobilen, slumra litt og oppføra seg slik ein stundom gjer heime. Er slikt lov idag, skal tru?
Klokka er alt 11, og dagen som starta grå og trist, er nå skinande og glad. Så planen me la i går, kan realisert. Sola er ein streng herre, når ho smiler er det ikkje enkelt for stovegrisane.
Eg fyller opp vassflaska, pakkar ryggsekken og legg på solkrem. Spenner på meg joggeskoa, festar solbriller på nærsyntbrillene, og er klar. Å følgje planen har alltid vore ein ledetråd i livet mitt.
Skal du ut å gå idag att, spør naboen. Ja du veit ein kan jo ikkje verta stovegris, seier er. Eller, livingroompig, er det eg seier. Han er jo engelsk, og ser forvirra ut der han sit på terrassen sin. I don't like pigs either, seier han.
tirsdag 8. februar 2011
Englar, finns dom?
lørdag 5. februar 2011
Tur og natur.
fredag 4. februar 2011
Visning
tirsdag 1. februar 2011
Drivstoffprisar
To flytande væsker er lette å prissamanlikna mellom Gran Kanaria og Norge. Sjølv om ikkje begge er like viktige i samfunnsmessig samanheng, er dei viktige nok for einskildmennesket. Eg snakkar om øl og bensin. Korleis ville påskeferien blitt om ein gjekk tom for desse væskenene?
Her eg nå er, kostar ølet 1,50 euro per halvliter på pub, og bensinen litt under 1 euro per liter. For meg som statspensjonist, er dette råbilleg. Men for min ven, den pensjonerte drosjesjåføren, er det verre. Min pensjon er 6 gonger større enn hans. Om eg skulle vore i same kjøpekraftsituasjon som han heime i Norge skulle ølet for meg der ha kosta 72 kr halvliteren (noko som vel ikkje er så langt unna), mens bensinen burde eg betalt 48 kr literen for om eg skulle komt likt ut som han.
Så kva er det eg vrælar om heime? Livet er ikkje rettferdig. Iallfall ikkje dette livet. Skal me oppnå rettferd på dette feltet, må den norske bensinprisen aukast med ein faktor mellom 3 og 4. Men det vil vi vel ikkje, vil vi vel?



