Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 13. februar 2011

Snart slutt

Fjerde og siste turveka er igang. Sundagen kom med skinande sol over det fjellet som eg kallar Monte de Leche etter eit ikkje ukjend heimefjell. Klokka 8.30 skein ho i kaffikoppen min ute på terrassen. Det er stillare sundagmorgen enn elles. Trafikken på Gc 500, kystvegen frå Mogan til Playa de Ingles passerer eit stykke nedanfor leiligheita mi. Om sundagane er den vesentleg redusert og nesten ikkje merkbar. Mange spanjolar har fridag, og turistane søv ut etter ei hard veke som ofte kulminerer med ein jobbig laurdagskveld. Også kona og eg var ute og svinga svansen i går kveld. Fengande 60-talsmusikk er lett å finna og fristande å kasta seg inn i. Og dei er på vår alder +-, alle på dansegolvet. Eg prøver leita fram kjensla frå ungdomshusa i Førre og på Tuastad frå seint 50- tidleg 60-tal, for å få svingen til å sitja i svansen. Men eg kan ikkje heilt hugsa at dei spela den i så raskt tempo den gongen. Ein 4 timars fjelltur er lite å skryta av i høve til ein laurdagskveld på dans med pensjonistgjengen. Tysdagen snik seg inn i tankebanane mine nå. Norwegian kallar. Eg høyrer Kjosen seier at han vil ha meg heim på tysdag. Det høver i grunnen greitt, for eg har ikkje fleire reine unnikkar att. Og huda mi er og brun nok av andre grunnar. Så i morgon vert det å tøma koffertane for kakkelakkar og fylla dei med stinkande skittentøy. Fred være med den tollar som ønskjer å snusa der.
Published with Blogger-droid v1.6.7

torsdag 10. februar 2011

Planen rauk.

Det var noko med meg i går. Energien var korkje potensiell eller kinetisk. Kjende at noko murra. Så på bussen til Mogan, slo det til. Svetten pipla i nakkehåra og magen skalv. Vegen til Mogan er nervepirrande der han går i ei hylle høgt oppe i fjellsida på råtafjell. Bussane fløytar infernalsk i alle svingar, det er ikkje plass til andre bilar på vegen i svingen når bussen kjem. Det var då det plutseleg gjekk opp for meg: Eg har fått spysjuke og diarè. Eg prøvde å undertrykke det. Prøvde å sitja med same trykket på begge rumpeballane, i motsetnad til det som er vanleg på denne ruta. Turen blei lang og returen kom raskt. Mogan fekk klara seg utan meg igår. Denne vakre byen, Velte Venezia, som ein seier, var eit helvete igår. Attende i bustaden ein halv time seinare var eg om ikkje glad, så iallfall redda. Det reserverte bordet for 8 på Las Vegas, der mellom anna Husnesnaboen min skulle vera med, vart vraka. Eg måtte sitja annanstad. Så la eg meg eller seig om i senga, er vel eit betre uttrykk. Eg vakna ut på kveldinga. Då lynte og tordna det både ute og inne. Og regnet hulja ned. Naboen, den 82 år gamle briten og heile hans familie hadde sessa seg ute under markisa si. Dei feira eit eller anna, og stemning der var annleis enn i stova hos meg. Han ville vel visa at han ikkje er nokon stovegris. Idag skin atter sola, og magen rumlar kontrollert innanfor shortsen. I dag er det nye sjansar. Eg må leggja ein plan.
Published with Blogger-droid v1.6.7

onsdag 9. februar 2011

Å følgje planen.

Veit ikkje heilt kva det blir til idag. Når ein er på reise, er det liksom ikkje stovereint å vera stovegris. Situasjonen forventar av ein at det er ute ein skal vera. Når ein har rista  av seg kuldegradene,  og reist i timevis, må ein sørgja for å få mest mogleg att for investeringane.
Men så kjem desse dagane då ein heller vil sitja på terrassen og kvila seg. Lesa ei bok, surfa med mobilen, slumra litt og oppføra seg slik ein stundom gjer heime. Er slikt lov idag, skal tru?
Klokka er alt 11, og dagen som starta grå og trist, er nå skinande og glad. Så planen me la i går, kan realisert. Sola er ein streng herre, når ho smiler er det ikkje enkelt for stovegrisane. 
Eg fyller opp vassflaska,  pakkar ryggsekken og legg på solkrem. Spenner på meg joggeskoa,  festar solbriller på nærsyntbrillene, og er klar. Å følgje planen har alltid vore ein ledetråd i livet mitt.
Skal du ut å gå idag att, spør naboen. Ja du veit ein kan jo ikkje verta stovegris, seier er. Eller, livingroompig, er det eg seier. Han er jo engelsk, og ser forvirra ut der han sit på terrassen sin. I don't like pigs either,  seier han.

tirsdag 8. februar 2011

Englar, finns dom?

Bilen er levert attende, og slekta er sendt heim. Me må søkja spenning på andre arenaer. Forresten artig det der med bilkøyring i utlandet. Alltid spennande å oppleva at dette trafikkspråket er så internasjonalt. Stort sett skjønar me kvarandre i trafikken anten eg sit bak rattet på Gran Kanaria eller i Thailand. Folk som eg ikkje har sjanse til å komunisera med oralt, oppfattar kva eg gjer og tenkjer å gjera, når eg sit bak rattet. Og om dei ikkje forstår meg brukar dei bilhornet eller langfingeren. Og eg skjønar dei då også, og helsar kjekt attende. Eg prøver å vera ein gledespreiar i trafikken. Ein trafikk engel. Idag skin sola klarare enn før. Nå når me har sett henne både frå framsida og frå baksida, har ho ikkje meir å skjula. Det er nett som med fruene på stranda. Dei har heller ikkje meir å skjula. Men det er ikkje alle av dei som skin så fint som sola. Me var i Maspalomas og dansa. Ole Ivars var der. "Jag trodde englarna fanns bara, bara i himmelen", song han. Ole Ivars har mista barnetrua, trur eg. Har har vel gått strandtur og trudd det var englar han såg på solsengene der. Ein heil herskare av ein landa engleflokk. Eg veit han tek feil. Dei som ligg på stranda er ingen englar. Dei har ingen venger, og synes ha liten sjanse til å reisa seg frå leiet sitt. Idag skal eg gå tur langs stranda. Eg trur neppe eg skremmer opp nokre englar idag heller. Men heldigvis viser dei meg ikkje fingeren. Om englar finns, så held dei visst ikkje til her på Gran Kanaria nå. Kanskje dei er som trekkfuglane. Dei frå Stavanger. Dei som flaug mot nord igår.
Published with Blogger-droid v1.6.7

lørdag 5. februar 2011

Tur og natur.

Ny fjelltur idag. Biletet viser m.a. at sikta er god og bakgrunnen er fin. Me såg like til Teide på Tenerife i dag. Toppen der var kvit av snø, som alltid. Ein tur i fjellene her på Gran Kanaria er ikkje for pysar. Her må ein ikkje vera overfølsam for monstermaster eller andre naturforureiningar. Mykje av den fyllmassen som er brukt for å betra turstiane, er regelrett avfall av alle slag. Plast, glas, kartong og keramiske fliser. Her hadde Oddekallen gått amok. Spanjolane her synes ha eit avslappa forhold til det meste. Lovar i Eu og fastlandsspania gjeld liksom ikkje her. Korkje røykelova eller dei 10 boda synes ein å sjå fanatisk på. Her er ein pragmatisk, avslappa og ser stort på det.
Published with Blogger-droid v1.6.7

fredag 4. februar 2011

Visning

Me køyrde nordover i går, og opplevde ennå ein gong at klimasonene skiftar raskare enn kmteljaren på speedometeret roterer. Me reiste frå sommar i Puerto Rico til nokre få einsifra grader i Guayadequè mellom Aguimes og Ingemio. Denne kløfta er ein typisk representant for alle desse ravinene som strekk seg frå toppen av øya og ned til havet. På kartet ser dei ut som glitteret på juletreet heime, når det får henga på min måte frå toppen og ned utan å gå i spiralform. Me ville på visning hos grottefolket. I desse fjellene bur nemleg folket i grotter, og viser gjerne fram heimen sin til nyfikne turistar. Og dei var det jo mange av, viste det seg. Vår Ford Fiesta forsvann mest blandt alle utfluktbussane. Så det blei litt køgåing på denne visninga. Uvisst av kva grunn, kom eg til å tenkja på romanen "Visning" av Lars Saaboøye Christensen. Der gjorde dei meir enn berre å gå i kø på visningane. Der prøvde dei og ut sengene. Bestemor og barnebarnet opna heimen sin for oss, og hadde tydeligvis si hovudinntektskjelde på denne geskjeften. At kona mi på bilete poserte ved sida av grottas dobbelseng var eit slumpetreff, om ho då ikkje tenkte som Lars Saabye Christensen. Men no hamar ho nok i mange turistar sine feriealbum. Det vart jo eit framifrå motiv. Turen attende til Puerto Rico gjekk fort langs Gc 1. Kvikksølvet i gradestokken eskalerte frå 8 til 22 på turen. Eg er glad me held til på sørøya. Det er lite som slår solvarme, om ein ikkje går på visning etter Saabye Christensens rettleiing då
Published with Blogger-droid v1.6.6

tirsdag 1. februar 2011

Drivstoffprisar

To flytande væsker er lette å prissamanlikna mellom Gran Kanaria og Norge. Sjølv om ikkje begge er like viktige i samfunnsmessig samanheng, er dei viktige nok for einskildmennesket. Eg snakkar om øl og bensin. Korleis ville påskeferien blitt om ein gjekk tom for desse væskenene?
Her eg nå er, kostar ølet 1,50 euro per halvliter på pub, og bensinen litt under 1 euro per liter. For meg som statspensjonist, er dette råbilleg. Men for min ven, den pensjonerte drosjesjåføren, er det verre. Min pensjon er 6 gonger større enn hans. Om eg skulle vore i same kjøpekraftsituasjon som han heime i Norge skulle ølet for meg der ha kosta 72 kr halvliteren (noko som vel ikkje er så langt unna), mens bensinen burde eg betalt 48 kr literen for om eg skulle komt likt ut som han.
Så kva er det eg vrælar om heime? Livet er ikkje rettferdig. Iallfall ikkje dette livet. Skal me oppnå rettferd på dette feltet, må den norske bensinprisen aukast med ein faktor mellom 3 og 4. Men det vil vi vel ikkje, vil vi vel?