Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 24. oktober 2010

Bergenstur

Tyrving har WiFi og eg har litle Asusen min med meg på tur. Eg er på veg heimatt nå. Har vore på teatertur i Bergen og samstundes fått med meg mykje anna urbant i Hansastaden.
"Min Familie" av   Tracy Letts var opplevinga i går kveld. Ei stor oppleving som både var til å le og gråte av. Anne Marit Jacobsen er strålande. Hennar rollefigur sin omgang med mann og barn er eg likevel overmåte glad  for at eg ikkje kjenner att i eigen familie. At ei så  pilleetande og "utanfor-livet" kvinne likevel følgjer med og kjenner alle  løyndommane til alle  i familien, er skremmande.  Utruleg kva kvinnfolk får med seg, tenkte eg.
Torgalmenningen var møblert i helga. I samband med innsamlingsaksjonen var folkelivet rikt i alle telta som var rigga opp. Spennande å vandra rundt blandt bergensarar og strilar igjen. For å friska opp gamle minne, blei det og ein tur med bybanen. Eg køyrde jo trikk i Bergen tidleg på 60-talet, så eg meinte jo å kunna dette med skinnegåande trafikk. Dessutan budde eg like ovanfor Nesstun første studieåret mitt og skulle difor vera godt kjend med banetraseen.
Litt trøbbel blei det likevel allereide ved billettautomaten. Eg skulle betala med Skysskortet mitt, men det kom ingen billett ut. Etter mange forsøk fann eg ut at systemet ikkje var så kjapt som det er i London. Med Oystercard på buss eller undergrunn der er det berre å tangera kortet mot lesaren. Skyssautomaten forventa ei lengre  og meir intim berøring, før han fekk det for seg å støytta ut billetten. Men til gjengjeld gjorde han det grundig. Kona fekk honnørbillett utan at automaten spurde om alder. Eg fekk ikkje slik billegtur. Det vart likevel ein fin tur.
Bristol Hotel på Torgallmenningen er ein framifrå stad å bu. Sentralt, både i høve til DNS og Polet. Ein kan gå til teateret i berre trøya. Slik sparer ein garderobekostnaden. Denne innsparinga kan ein så legga inn i raudvinkjøpet i pausen mellom 1. og 2. akt. På det viset vert 2. akt enda betre.
Me kryssar mellom holmane nord for Hufthammar nå. Stemninga ombord er god. Kona strikkar og sola skin. Ho glyttar stundevis over for å sjå kva eg skriv, men refleksen i skjermen hindrar henne i det. Så eg har frie litterære tøylar idag.
Jammen er det godt å reisa kollektivt i solskin

tirsdag 19. oktober 2010

Vaksinasjonen

Å sitja i vaksinasjonskø, er trivlege greier. I går fekk eg igjen denne årlege trivnadstunda. Happeningen som samlar mange av oss som er i "utsett gruppe". Folkehelseinstituttet har valgt å kalla oss det, me som er over 65 år.
Eg er usikker på kva eg er utsett for. I fjor kalla dei det svineinfluensa. I år er det sesonginfluensa sprita opp med H1N1-, H3N2- og eit B-virus. Den injeksjonen vil eg ha, tenkte eg, og hasta avgarde til klinikken.
"Du må trekka eit lodd", sa dei som sat der før meg."Men det kostar 50 kr". "Lodd?", sa eg litt stiv i maska og undren i røysta. Dei lo. "Ja kølapp då, kjappen", sa dei.
Eg har sett dei før. Desse pensjonistane som ikkje gjer anna enn å tulla og tøysa med skikkelege folk. Etter å ha bana meg veg mellom strikkande kjerringar og parkerte rullatorar, finn eg til slutt ei pitte lita blokk av den typen ein nyttar på basarar Den ligg og sleng i ei heimesnikra kommunehylle. Like ved sida av står ei pappeske med påskrifta "gratis utdeling av kondomar". Eg trekk ein lapp, men står over det andre tilbodet. Nr 53, fekk eg. Kven som har nr 52 hadde vore kjekt å vita. Helsesøstrene som kom ut og sa: "Neste", hadde jo ikkje peiling. Her er ein sjanse til å korta ned ventetida, tenkte eg. Så ved neste "Værsågod neste", reiste eg på meg. "Nei nå er det nr 45", kom det bryskt frå eit hjørne innst i lokalet. Eg kunne jo ikkje vita at det var spanarar til stades. Men det var det. Sjølvbestalta køpoliti.
Eg synk ned att på stolen. Tenk å snika i eldrekøen. Dei hadde taket på meg nå, dei andre. Folk rista på hovudet, smulka og lo. Eg tok av meg regntrøya. Det vart varmt i rommet. På ein skala frå 0 til 10 kjende eg at verdigheita mi sank til under 0.
"Tålar du egg", spurde helsesystera. "Eg elskar egg", sa eg. "Då er du på rett stad", sa ho og injiserte denne trippelblandinga oppala på hønseegg. "Å det var godt", sa eg. Men med meg sjølv tenkte eg at: takka meg til eit blautkokt frukostegg.
Så sette eg meg til tørk ute på venterommet. "20 minutt må du sitja", sa dei. Etter 17 minutt reiste eg meg. "Du har ikkje sete i 20 minutt ennå", seier ein borte i kroken som og sit på tørk. Eg blir forbanna over at det sit politi i alle krør. "Du går jo same veg heim som meg, så om eg ligg dau opp i gata, så vær så snill og plukka meg opp", seier eg. Gispet gjennom forsamlinga var meir høglytt enn då Jagland kunngjorde at Obama skulle få fredsprisen. Jagland sto på sitt i fjor. Det gjorde eg og i går, eller rettare sagt eg gjekk med mitt. Vel nøgd med å gå ein ny vinter i møte rusta til å møta sesonginfluensaen.
Men den beste vaksinasjon, seier Per Fugelli, er å gi folk verdigheit. Den injeksjonen vart ikkje sett på meg igår.

lørdag 9. oktober 2010

Daud mus bit ikkje

Det er lemen år i år. På tur til hytta, som ligg 900 moh, observerte eg  ein køyrebane godt tildekka med brune skinnflusser. Desse overkøyrde smådyra, som ikkje har vit til å passa seg i trafikken. Dei dukkar opp både på riks- og europavegar, når terrenget omkring vert for lite for dei. På fotturane innover i Bykleheiane, opplever eg at lemen stadig hoppar fram, fresar og glefsar og vil ha meg vekk frå sin arena.  Eg kvepp til over slik agressiv framferd. Eg er ein fredens mann. Difor opplevder eg fjellmusa som ein artsfrende, fredleg og velmeinande. Eg har hjelpt musa det beste eg har makta gjennom åra til fjells. Redda dei frå drukningsdauen i fulle vassbøtter eller i utedassen, redda dei frå kona sin farlege klebankar eller frå sveltedauen ved å verta innesperra i vedboda når eg stengjer og reiser heim. Men eg blir meir gløymsk med åra. Sist eg var her gløymde eg å jaga ut musa og i tillegg vart innetøflene ståande att der. Så difor denne klumpen i høgre tøfla når eg trødde i ved ankomst på torsdag. Stakkar musa. Ho hadde daua i tøffel min. Dødsårsaka er ukjend. Det kan vera alt frå matmangel til tåfis. Ei tragedisk oppleving som vil ri meg i lang  tid framover. Denne passive god-klumpen i tøflen.

onsdag 6. oktober 2010

Statspensjonisten

Ein statspensjonist har det ikkje som andre pensjonistar. For statspensjonisten gjeld eit todelt regelsett. Folketrygden (FT) sine reglar og Statens Pensjonskasse (SPK) sine reglar.
NAV styrer med alderspensjonen frå folketrygda, og SPK med samordningsdelen som skal koma derfrå.  Når ein nærmar seg 67 år, minner NAV ein på at tida er inne til å søkja om alderspensjon. Når NAV har vurdert ut frå tilleggspoeng, stillingstorleik og oppteningstid, kva ein skal ha frå FT, sender dei avgjerda si vidare til SPK som så samordnar og fyller på med sin del, slik at den samla pensjonen vert minst 66% av løna. 
Nå vil styresmaktene at pensjonistar skal vera i arbeid lengst mogleg, og endrar difor skattereglane for pensjonistar i framlegget til statbudsjettet for 2011.

Men å jobba som statspensjonist kan vera ei lite lukurativ tidtrøyte, og komplisert nok å finna ut av kva ein har att for jobben.

Dette informerer dei to ulike regima meg om i brevs form når det gjeld denne problemstillinga:

NAV seier:
"Arbeidsinntekt og pensjon:
Du kan fortsette i arbeid og likevel motta alderspensjon fra folketrygden. Alderspensjonen vil ikke bli redusert på grunn av arbeidsinntekt. "

SPK seier:
"Inntekt ved siden av din alderspensjon fra Statens pensjonskasse kan påvirke din pensjon. Vi skiller på om du jobber i det private eller det offentlige.

Privat virksomhet
vil si virksomhet uten medlemskap i SPK eller annen offentlig tjenestepensjonsordning. Arbeid i privat virksomhet påvirker som hovedregel ikke alderspensjon. 
Det er viktig å være oppmerksom på at en privat virksomhet kan ha pensjonsordning i SPK. I de tilfellene stemmer det ikke at det kan jobbes ubegrenset uten å få pensjonen beskåret. 
             
          Offentlig virksomhet
Dersom du mottar ordinær lønn i det offentlige, vil dette gi medlemskap i Statens pensjonskasse uansett stillingsstørrelse og alder og fører til reduksjon eller stans av alderspensjonen, jf. § 5 i pensjonsloven. Starter pensjonisten i et arbeidsforhold som gir medlemskap i annen offentlig tjenestepensjonsordning innenfor overføringsavtalen vil alderspensjonen reduseres eller stanses. Ved delvis inntekt vil det bli beregnet en ny pensjonsgrad og din pensjon vil bli redusert. 
Starter du i en stilling tilknyttet Statens pensjonskasse, kan du iht. statens personalhåndbok pkt. 10.12.2 engasjeres på pensjonistvilkår med pensjonistlønn. Pensjonister som er engasjert på pensjonistlønn er unntatt fra medlemskap i SPK. Pensjonistlønn er en avlønning etter redusert sats. Den fastsettes av FAD. Per 01.01.2010 utgjør pensjonistlønnen kroner 160 per time......
Pensjonister som underviser har en egen beregning: Fra 01.01.10 er formelen: kr 160,- x 1 400 / årsrammen i faget."

 Diverse telefonsamtalar med konsulentar i SPK har ikkje oppklart kor mykje pensjonen vert redusert. Men det var kanskje å leggja lista for høgt.

Situasjonen er iallfall den at jobbar eg som kvalifisert fagperson bak kateteret, må eg jobba for pensjonistløn for ikkje å mista pensjon. Men jobbar eg som ukvalifisert person i privat verksemd kan eg få "skikkeleg" timeløn og behalda heile pensjonen.

Er dette staten sitt verkemiddel for å få folk til å stå lenger i arbeid?
Eg skjønar ikkje dette. Kanskje eg er blitt senil.
Og så er det dette med skatteauken då. Eg gir meg ende over... 







mandag 4. oktober 2010

Brevet frå NAV

Eg har innsett det nå. Eg er ingen ungdom lenger. Veit ikkje heilt kva tid eg begynte å merka det, men lenge sidan er det ikkje. Eg trur folk eg traff sporadisk, merka det for lenge sidan. Skal seia du held deg godt, sa dei. Til å vera snart 60 år,  har du ein spenstig kropp, høyrde eg i forrige århundre. Du er så ung til sinns, sa nokre. Eg likte dette lite. Alle desse signala som gav bod om at blada mine nok var i ferd med å falla.
Eg kjende det ikkje slik. Ikkje innvortes. Og når eg såg meg i spegelen, var det liksom noko som ikkje stemde. Teikn på at tida tæra på kroppen. Grått hår har eg hatt lenge. Det fekk eg i 20-års alderen. Det var ikkje det som var tema. Eg såg aldri på det som å verta gammal. Det var andre ting eg såg. Djupare linjer mellom augnebryna og meir heng i kjakane. Ein frodigare hårvekst i nase og øyrer. Og ikkje minst: hengebryst og ølvomb.
Og så kom brevet som stadfesta kor langt eg eigentleg er kommen i dette livslaupet. NAV stod det på konvolutten, som eg opna med skjelvande hand. Det gjer eg alltid når eg opnar brev frå NAV. Kven veit kva dei nå har funne på. Skal dei ha attende AFP pengar, eller er det frikortet som er misbrukt?
Det var ikkje det. Du vert 67 år i november, stod det. Du har rett på alderspensjon. Eg måtte setja meg nedpå litt, og la dette siga inn over meg. Eg lot hjernen min jobba gjennom dei mentale kapasitetane og dei dugleikane eg framleis er trygg på at eg har. Kva skal eg med slikt lenger, tenkte eg. Kva skal eg bruka kunnskapar om vektorrekning, integrasjon og romgeometri til då. Kva skal eg med kjennskapet til relativitetsteori, kjernefysikk og elektronikk.
 Eg fann ingen svar, skauv tankane frå meg og reiste meg igjen. Eg er gammal nå, eg må finna roen omkring dette at tida ikkje berre kjem, ho går og. Eg likar ikkje båsar. Båsar og bur er ikkje  ”in” i jordbruket heller lenger. Kyr og høner skal vera frittgåande. Det meiner eg hanar skal vera og. Og pensjonistar.
Sjølv blind høne kan finna eit korn, heiter det.  Så lukka er blind og kan ramma kven som helst. Eg vart ramma av eit brev frå NAV. Lite ante eg om at eg snart vart 67. Godt me har NAV.

søndag 3. oktober 2010

Vind med futt i

Vi skal arve vinden, er Gunnar Staalesen si 15. og førebels siste bok om Varg Veeum. Boka ligg klar på nattbordet mitt. I lydbokutgåve som eg helst held meg til nå. Det andre familiemedlemmet har lest boka og fått munnkorg. Eg les omtrent aldri krim lenger, men Staalesen har eg ikkje hjarta til å droppa. Eg er jo vestlandspatriot i det lengste. Eg har lukta meg fram til at vinden har noko med vindmøller å gjera. Og om miljøaktivistar, eg hadde nær sagt sjølvsagt. 
Vind kan jo vera så mangt. Me har flau vind og frekk vind. Vind som stryk varsamt mot ein heit panne i sommarvarmen, og vind som riv i nasen og helst er å treffa innandørs. Det bles hardast på dei høgaste toppane, har eg høyrd. Der trur eg og det luktar verst. I dag bles det liten kuling ute. Men inne er det vindstille.
Den før så velakta Beaufort skalaen, kalla den vinden for styrke 6, og sa vidare:

6Liten kuling

Store grener og mindre stammer rører seg, det hviner i telefontrådene, det er vanskelig å bruke paraply, man merker motstand når man gårStore bølger begynner å danne seg. Skumskavlene er større overalt. Gjerne noe sjøsprøyt

Eg kan stadfesta at store greiner rører på seg. Eg ser det gjennom stoveglaset. Men eg høyrer ikkje kvining i telefontrådar. Paraply brukar eg ikkje idag, for her er både turt og vindstille inne hos meg. Eg reiser meg nødig frå stresslessen idag, men dei gongene eg har vore nøydd til det, har eg ikkje merka nokon motstand når eg går. Mitt slepande gangalag i litt for store innesko gir jamn og progresiv rørsle over stovegolvet.
Dei einaste skumskavlane og sprøyten eg ser, er i doskåla. Men der er det jo heller ikkje alltid vindstille.
Nei, ikkje rart at ein gjekk vekk frå å bruka Beaufort skalaen i Dagsrevyen . Den gav mykje tvilsam informasjon. 
Sjølv nyttar eg, til liks med Gislefossen, følgjande greie måte for å måla vindstyrke:
Eg riv eit tynt ark i småbitar og kastar dei opp i lufta. Så måler eg kor langt bitane flyg før dei når bakken, og kor lang tid dei brukar på det. Om dei då landar etter 6 meter og brukar 2 sekund på det, er vindhastigheiten 6 : 2 = 3 meter per sekund. Eg har spart mange penger på å nytta denne metoden. Sjølv Clas Ohlson skal ha rundt 1000 kroner for ein vindmålar. 
Eg vonar Gunnar Staalesen og held seg til denne nye måten å omtala vind på i boka si. Altså i meter per sekund. Avleia SI-einingar, som me seier i fysikken.

lørdag 2. oktober 2010

Sitron frå eigen hage

I Thailand for 3 år sidan traff eg ein sitrusfrelst guide. Frelst i den meininga at han hadde full tiltru til at sitrona er ei saliggjerande og sunn frukt som hjelper kroppen mot allskens styggedom. Sitrona hjelper mot alt, sa han. Om enn kanskje ikkje som prevensjonsmiddel, la han til. Den norske lege Bernt Rognlien støttar langt på veg desse utsegnene i ein artikkel du finn her.
Min sitron busk kjem frå Italia. Eg fekk han av svigerinna mi på Sotra. Etter ein laussluppen handlerunde i eit italiensk hagesenter, kom ho heim med meir enn ho hadde tenkt. Bananpalma som eg fekk av henne, trivdes ikkje med å overvintra i garasjen min. Sitron treet derimot, fann seg til rette og satte blom alt lenge før eg bar det ut i friluft i mai. Sommaren igjennom blømer det med kvite kronblad som er lyseraude på utsida. Det har både blomar og frukter samstundes. Sjølv nå i oktober konkurrerer blomane og fruktene om plassen på dei tornefulle greinene. Og eg konstaterte ved sjølvsyn i forrige veke at sitronene på dei spanske trea på solkysten ikkje såg frodigare ut enn mine.
Alle blir kanskje ikkje gule. Men kva gjer nå det berre dei er sure og saftige nok. I går kveld plukka eg meg eit prakteksemplar som eg skiva opp og blanda min eigen limonade av sitron,  gin og tonic. Smaken var så framifrå at eg gjentok operasjonen nokre gonger. Bernt Rognlien har rett i at sitrona virkar appetittstimulerande.
Men i dag tidleg kjendes det ikkje så bra ut for hovudet. Det sa han ingenting om, at sitron kan gi hovudverk.  Kanskje eg skal bruka resten til sukat.