Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 13. juli 2010

Som å ha ein okse i band

Idag heng tåkeskyene lågt over Halsenutane. Stundevis styrtregnar det. Regnet var meldt, så eg jobba hardt i gårkveld for å tetta den nybygde gass- og vassbua skikkeleg. Eg og naboane på begge sider av meg sjaua det me orka i den varme og fine sommarkvelden. Me var alle einige om at mitt agregat bråka mest. Dei andre har nye, flotte Honda-agregat. Eg har eit russisk produsert, som eg kjøpte svært brukt i Uskedalen for 9 årsidan. Eit som berre eg kan starta og stoppa. Men det humpar og går, når det er i rette lunet. Dessutan sparar det meg for myggolje. Det er ikkje observert mygg på 10 meter omkrins, når Kenoen spyr ut sin blåsvarte eksos. Men så krev det til gjengjeld saftig, blyhaldig drivstof. Eg mata bensinen med nokre makalause dropar som gjer han blyhaldig. For blybensin forsvann jo frå pumpene for lenge sidan. Nå er det eg og nokre veteranbilar som etterspør slikt stoff.
Til liks med veteranbilane, flyttar agregatet,mitt seg sakte bortetter vegen. Om eg ikkje tjorar det mens eg jobbar, vert ledningen til sirkelsaga for kort. Det nappar seg liksom laus frå arbeidsoppgåvene. Eg trur det vil på fjelltur. Eg har slått ein pele i bakken, og tjora det til den. Nett som å ha ein olm okse i band. Det er ikkje å undra seg over at myggen tek skrekken.

mandag 5. juli 2010

Hu hei på fjellet

Eg er på Samlebu. Her var eg for ein månad siden og. Då var tela her
og, i bakken. Nå er den vekke. Eg fekk starta bygginga, med å grava
ned pelar. 80 cm grov eg. Det få holda. Så blei det å støypa og vatra
å måla og vinkla. I morgom dreg eg ned til bygda og handlar
reisverket. Vitaraen får bera det opp hit på taket. Eg drog ikkje med
meg tilhengaren denne gongen. Var redd den ikkje hadde klart ein
eventuell trafikk kontroll. Det er mangt som skrantart nå for tida,
men eg trur tilhengaren skrantar mest.
Det er mykje saging og banking rundt om i feltet nå. Sommarferien er
tydlegvis igang. Byfolk og anna folk er her og realiserer seg sjølve.
interessa for hyttebygging som alle gutar har, vert videreført i
vaksen alder.
Kvinnene er og her. Men dei snikrar ikkje. Det lengste deira deltaking
strekk seg, er å halda i plankeenden når storeguten ikkje klarar seg
aleine. Kva skal ein med tvinger når ein har konemor?
Utanom dette sit kvinnene på terrassane eller rundt omkring i
vierkrattet. Dei går inspeksjonsturar rundt i feltet, og referere til
gemalen kor langt naboane er komne med sine prosjekt. Slikt inspirerar
gubben til å stå på ennå ei stund, sjølv om han var moden for ein
pause.

--
Sendt fra min mobile enhet

lørdag 3. juli 2010

Mørke skyer på skyfri himmel

Eg var over fjorden på torsdag igjen. Ein strålande dag for båttur når det er vindstille, blå himmel og varmt. Eg reiste i berre silke-tskjorta mi, som eg kjøpte i Thailand, og som såleis er meint for meir eksotiske strøk. Men sidan folk har talt så vel om denne investeringa mi, og sidan været var så uvant  lagleg, valde eg den.
Tide kom ikkje i tide til Sunde. Men at båten tilslutt kom, må ein visst vera nøgd med. Rekk vi over til kvart over tolv, spør eg matrosen. Han fnyser. Vi er på Lervik 12.02, seier han. Ingenting i vegen med optimismen der i gården.
Eg rakk timeavtalen min med augelegen, såvidt. Slike private augelegar har det grådigt travelt. Dei ser ofte godt og grundig, også på klokka. Timeavtaleboka deira er tettskriven, som om det skulle vore handlelista mi på Clas Ohlson. Ikkje rom for dautid der. Mange halv- og heilblinde treng hjelp.
Går det greit med dryppinga, spør han før eg er på plass i pasientstolen. Denne stolen som er omgitt av linsesystem, iltrande skarpe lyskjelder og apparatur som det offentlege helsevesen berre kan drøyme om. Eg smyg meg på plass i eit forsøk på å ikkje  støyta borti og ripe til korkje dei konvekse eller dei konkave fokalane. Eg tenkjer på den gongen på optikklaboratoriet ved Fysisk institutt på Universitetet, då ein amanuensis kom inn med ein skrutrekkar i handa. Han vart utvist frå labben av ein professor  grunna tankelaus åtferd. Farleg våpen slikt, blandt verjelause linser.
Jo det går greitt med dryppinga, seier eg. Er det vanskeleg å huska å drypa seg? Nei, seier eg. Flott, seier han. Han tørrpratar, tenkjer eg. Vil roa meg ned før alvoret startar. Har vel vore på pasientbehandlingskurs, tenkjer eg.
Idag skal du i perimeteret, seier han. Eg stirrar inn i ein lyskasse, der lysglimt blinkar frå alle retningar, og eg skal trykka inn ein knapp kvar gong er ser eit glimt. Datamaskina skriv ut bilete av auge med svarte felt der auga mine ikkje ser lyset. Relativt omfattande skade, seier han. Mest for seg sjølv. Men trykket har gått ned. Det er positivt. Nå har nyare forskning vist at glaukom (grøn stær) ikkje alltid sluttar å utvikla seg sjølv om trykket minkar. Men vi håper det beste, seier han. Fint at han er direkte, syns eg. Du må og ein tur til CT undersøking av heile synsbanane dine, sånn for sikkerhet skuld. Du får innkalling i posten.
Ein halvtime, og eg er på gata igjen. Traskar kvilelaust omkring i 2 timar før Tide hentar meg heim. Over  Klosterfjorden ser eg svarte skyer på den skyfrie himmelen. Eg veit det skuldast indre hallusinasjonar. Sterk oppleving av synsinntrykk utan ytre påverknad. Vrøvl, altså.
Heime er bassenget fullt av glade badegjester. Yrande liv og glede. Eg ser mot himmelen. Han er skinande klar og blå. Eg ser lyst på livet igjen og jompar uti. Flott, sjølv om det blei med eit magaplask. Men den svien er for inkje å rekna

onsdag 30. juni 2010

Å sjå for lite

Odin, alle gudars høvding i norrøn mytologi, var einaugd. Han ofra eine auga sitt i byte mot kunnskap, då han fekk drikka av Mime sin brønn. Andre skapningar drikk seg frå vett og forstand. Ikkje slik med Odin. Men at han drakk seg frå synet, tyder vel på at han kom over noko tresprit i Mimebrønnen. Det er jo ei kjend sak idag at denne metanolen gir synskader. Men av skade blir ein som kjend klok. Så også med Odin.
Sjølv har eg ikkje merka at tap av synet på eine auga, gjorde meg så klok. Tvert om kunne eg tidvis føla meg annleis og utanfor. Når folk oppfordra meg til å sjå på verda med det rette auga, vart eg var mankoen. Når folk ville sjå meg inn i begge augo og mine sprikte i kvar si retning, vart eg brydd. Når alle eg snakka til syntes eg såg på den på sida av seg, vart eg frustrert. Mine synsaksar var ikkje parrallelle.
Men stort sett gløymde eg ut heile greia. Eg slapp medvitlaust inn dei lyssignala livet baud på gjennom pupillen, fanga dei opp på eine netthinna, og omsette bakerst i hjernen dei bileta som mi verd blei bygd opp av.
Slik gjer alle det, såvidt eg har skjøna. Tek synet som ein sjølvsagt ting. Ein eigenskap som skal vara livet ut. Men kva veit vi, og kva gjer vi om så ikkje skjer?
I morgon er det ny sjekk hos augelegen. Den grøne stæren er ikkje som andre fuglar. Han kjem snikande, og før du har blunka har han bite seg fast. Nei takka meg til ein flokk trast i bærhagen, framfor ein grøn stær i mitt einaste auge.

tirsdag 29. juni 2010

Å sjå nok

"Du har to øyne som du kan se med..." skreiv Sissel Castberg i barnesangen. Titt song eg den både for barn og barnebarn, utan å tenkje nærare over at den sansen hadde eg berre halveis. Ein reknar vanlegvis med at menneske har 5 sansar. Eg har berre hatt 4 og ein halv i heile mitt vaksne liv. Eg har klart meg greitt nok med det. Men stereoskopiske opplevingar måtte eg klara meg utan. Når eg var verten og skulle skjenke i, måtte eg alltid legge tuten til termoskanna eller champagneflaska ned mot koppen eller glaset. Lite grasiøst, syns nok mange. Men alle fekk det dei ville ha eller burde få, sjølv om noko gjekk på duken, anna på golvet.
Du sølar, sa folk. Eg veit det, sa eg. 
Du er sneversynt,sa folk. Eg har lov, sa eg. Eg er einaugd og hatar tvisyn, sa eg og.
Eg mista halve synet mitt, den dagen eg skulle starta på gymanset. Var 16 år då spikeren flaug inn i auget, og synet forsvann. Så det var berre såvidt eg fekk sett det som då skulle bli kona mi, i stereoskopisk versjon. Men klart eg har holdt eit auge med henne i åra som gjekk.
Eg slapp militærtenesta på grunn av dette. Ville bomma med geværet likevel, meinte offiserane. Eg blei overført til sivilforsvaret, men også der vraka dei meg. Eg vart ikkje så lei meg. Eg såg likevel nok til å klara meg. Og eg sparde eit år i høve til kameratane. Men stundom, i godt lag, når kameratane snakka om gode minne frå tida i det militære, fall eg utanfor og kunne bidra lite. Det var i det militære eg lærte å bli mann, sa nokon. Kva veit du om det.
Så eg - måtte henta mannsmotet mitt på andre arenaer. Måtte søkje kunnskap på andre felt. Og når eg ser meg attende på min monoskopiske måte, syns eg det gjekk greitt.
Men nå vil eg sjå framover - så lenge det er mogleg.



lørdag 26. juni 2010

Klokskapen kjem

Nå er det vitskapleg dokumentert: Med alder kjem klokskap. Professor Dilip Jeste, ved University of California i San Diego har skanna hjernen til 3000 amerikanarar mellom 60 og 100 år. 
Den  eldre  hjernen produserer mindre dopamin, og er såleis mindre dopamin-styrd. Difor er gamlingane mindre impulsive og mindre kontrollert av kjensler. Hjernen tek det såleis meir med ro, så sjansen for å svara tankelaust og reagera negativt på kjenslemessige stimuli, reduseres. Ein må liksom tenkja seg om før ein reagerer.
'This, in fact is what we call wisdom,'  sa Dilip Jeste på the Royal College of Psychiatrists' international congress, i Edinburgh. Er du opp i åra og nyfiken på dette, kan du lesa meir om det her.
Å vakna ein laurdagsmorgon og komma over slike godbitar, fyller ein med glede og inspirasjon. Eg som ein 67-åring, må antaglegvis vera blandt desse kloke og vise.
Men eg kan ikkje vera så kategorisk som Jeste er. Eg er definitivt ikkje klok og vis heile tida. Nokre gonger tenner eg. Blir rett og slett forb.... . Då renn blodet rasande fort rundt i årene, og eg vert heit i kroppen og  i toppen. Godt å kjenna at eg ennå har rester att av dette kjemiske drivstoffet som styrer emosjonar og impulser. Men eg merkar at drivstofftanken tømmes. Så nå ser eg fram til aukande og varig klokskap. Det er litt det og..



fredag 25. juni 2010

Norgesmeisteren vår

Maria er blitt norgesmeister. Mi eldste sonedotter har brøyta nytt land innanfor familien. Jenta har, heilt sidan den dagen ho vart fødd, hatt i seg  noko som går utover det gjengse på dei fleste område.
Ho er skodespelar, musikar, intellektuell og raudhåra. Ho er målmedviten, uthaldande og lur.
Ho ringde hit idag og kunngjorde den gledlege hendinga. Ho var nett heimkomen frå musikktur i Tyskland. Rett før den turen, var ho saman med resten av korpset i NM i Larvik.
Avisa Askøyværingen skriv m.a.slikt om hendinga:
" Strusshamn Skoles Musikklag deltok i NM for janitsjarskulekorps i Larvik, og fekk heile 96 poeng då dei vann 2. divisjon. Det var to poeng meir enn korpset som vart nummer to.
– Ganske stort. Me hadde ikkje trudd me skulle koma så høgt, men håpa på topp fem, seier Sondre Emil Wikum."
Maria spelar tverrfløyte og har alt utmerka seg med fleire  solistprisar den korte tida ho har vore aktiv musikar.
Farfar er stolt, og gratulerer norgesmeisteren.