Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 22. juni 2010

Ytre og indre strok

Eg har vore i ytre strok nokre dagar. På Karmøy. Denne øya har av merkelege grunnar hatt ein folkevekst dei siste 50 åra, som prosentvis er rundt det doble av folkeveksten elles i Norge . Karmøynamnet kjem truleg av det norrønne namnet karmr, som tyder 'den som danner karm', eller livd mot havet. Det er fastlandet som vert skjerma for havstormane. Desse herjar med øyfolket natt og dag året gjennom. I denne bedehuskommunen vurderer dei innfødde vindstyrken ut frå om hønsa bles på sjøen eller ikkje. At opp mot 40000 folk ønskjer å klora seg fast på holmen, er rart. Eg, som bur i indre strok i livd under Folgefonna, har vanskar med å halda meg på føtene der ute i havgapet.
Sonen min bur ytst ute i fjæresteinane på Karmøy. Der er ingen vindstille krok utan ein karmøybu å oppdriva. Men han har noko i genene sonen min, som gjer at han ikkje bøyer seg for noko. Ikkje eingong for karmøyvinden. Han har sett seg som mål å styra vinden dit han ønskjer å ha den. Eller rettare sagt vekk frå dei plassene der han vil ha livd. Der han sommarstid vil sitja i shorts under open himmel, og drøsa med andre utan å  måtta øydeleggja stemmebanda.
Med far med på lasset, vert det bygd opp levegger, heiltak, halvtak og anna skalkeskjul. Her må dimensjonane vera store og spikrane mange. Trelasthandlarane på Haugalandet, og dei er det mange av, har gode dagar. Vi stod på taket i to dagar og høyrde knapt kva vi sa til kvarandre. Så mange desibel kan ikkje stemmebanda mine generera, at lyden kan trenga gjennom nordvesten frå Nordsjøen.
Etterkvart som arbeide skreid fram, var vi ofte nede og sjekka om vinden under taket vart styrd vekk. Stor var gleda, då vi etterkvart kjende det løya på den nye utekoseplassen. Sjølv om ingen av oss har meteorologisk bakgrunn eller har drive inngåande studier om vind og turbulensar, virka tiltaka våre. Dette blei gode greier. Neste gang tek eg med meg shortsen når eg reiser dit.

fredag 18. juni 2010

Eg og egg

Hønsehuset var fylt til trengsel heime på 1950 talet. Me sa ikkje "som sild i tønne" når me skulle referera høg tettleik, me sa  "som høns på vaglen". Hønene kjempa om verpekassane, som i mange år var rominndelte appelsinkassar som far min var så heldig å få tak i på Gartnerhallen. Litt halm i botnen, så skjøna hønene kva dei skulle gjera. Rugeegg eller reilsegg som vi sa, var ikkje naudsynt for å få hønene til å verpa. Så reilsegga rappa vi ungane, og tok dei med oss i senga. Men verping blei det lite av der, diverre. For eg elska egg frå den dag eg vart fødd. Det kan ha noko å gjera med mitt opphav i ei eggcelle. Hadde vel fått smaken på den næringsrike kosten i månadsvis før fødselen. 
Når hønene ikkje fekk plass i hønsehuset eller vart leie av livet der, rømde dei. Då verpa dei i høyet. Dette åpna ein ny gourmetisk  epoke i livet mitt. Å finna varme egg i høyet, kakka hol i begge endar på det med ein spiker, og så suga i seg innhaldet, var ikkje berre godt men og svært karsleg. Ingen andre blandt sysken, kameratar og drengar sytnes dette var appetitleg. Eg storkosa meg, med unnatak av dei gongene eg traff på gamle og rotne egg. Dei smakte ringare.
Tida gjekk, og eg egga meg med godt samvit i åravis. Av alle variantane eg serverte, vart likevel speilegget min favoritt. Passeleg steikt med solsida opp. Så med eitt, over natta så og seia, vart egga farlege. Kolesterolbomber som dei var, meinte lækjarane at menneskekroppen ikkje hadde godt av slikt. Eg reduserte difor inntaket med nokre prosent den gongen på slutten av forrige årtusen.
Men nytt årtusen kom og med det nye forskningsresultat.
" Når vi ser på den forskning som har vært gjort omkring egget, konkluderer de aller fleste rapportene med at eggets innhold av stoffet kolesterol betyr svært lite i den totale sammenhengen",  kunne ein då lesa i media.  Egginntaket mitt vaks igjen. Det gjorde den og for resten av folket. Før påske i 2004 vart det ommfattande eggtørke i landet. Ein kunne lesa følgjande i media:
"Frps folkevalgte Øystein Hedstrøm er seg sitt ansvar bevisst og ville i den muntlige spørretimen onsdag vite hva landbruksminister Lars Sponheim (V) har tenkt å foreta seg i sakens anledning.
– Vi mangler 3,3 millioner egg. Vil landbruksministeren senke tollvernet i den perioden norske produsenter ikke klarer å skaffe nok, spurte Hedstrøm.
Visepresident Inge Lønning (H) været straks en anledning til å vri av seg en vittighet der han tronet over ordskiftet i salen. – Har landbruksministeren et gullegg som svar på dette, spurte han. Salen humret.
– Ja, president, det kunne være fristende å si hver mann sin høne, repliserte Sponheim. Høylytt latter blant folkevalgte, pressefolk og betjenter". 
Men klart at Sponheim hadde eit poeng. Kven kunne ikkje tenke seg nylagt egg i eggekokaren til frukost.

Egg frå frittgåande høns kom. Dobbel så dyre, men så mykje sunnare og etisk riktigare å eta egga frå slike lukkelege kaklerar. Burhøns vart ein styggedom, og naturvernarane oppfordra til boikott av egg frå høns i fangenskap. Som den opportunisten eg er, speida eg etter frittgåande hønsmerket i eggebutikken, og oppnådde på nytt avslappa indre  harmoni og nirvanatilstandar saman med frukostegget.
Men akk, kor lenge var Adam i Paris, som ein seier. Egg frå frittgåande høns er blitt skumle.  
"Free-range eggs 'contain five times as much pollution as those from caged birds"., seier forskarane her. 
Så nå er eg heilt forvirra. Trur eg gir blaffen i heila greia. Ja ikkje i egga då. For du veit eg og egg...

mandag 14. juni 2010

Med lønn inn i himmel

Lønn er så mangt. Assosiasjonane går oftast til pengesummen som nå og då dukkar opp på plussida i nettbanken til folk flest.  Denne etterlengta transaksjonen, som kan endra raude saldotal til svarte. Desse imaginære pengane, som ikkje kling som mynt eller knitrar som setlar lenger, men som er like stuttvarige og ryre som lommepengane på 50-talet var. Denne summen som ein må klara seg med heilt til neste gong. Laun, som dei sa om dette i Norge i middelalderen. Laun som fortent.
Eg tenkjer ikkje på slik lønn. Ikkje berre avdi eg ikkje får slik lønn lenger, men avdi lønn for meg på denne årstida er det dei i Norge i middelalderen kalla hlynr. Altså  lønn i Acer familien. Frittvoksande norsk spisslønn. Hos meg er ikkje denne frittvoksande. Eg har sjølv planta nær 100m lønnehekk rundt tomta, med 4 planter per meter. Det gjorde eg i 1979. Tilgangen til planter var tilnærma uendeleg heime på garden til foreldra mine. Det var berre å nappa småplantene opp or bakken, pakka buntane i fuktige sekker, transportera dette til Husnes og trakka dei ned i bakken. Og simsalabim, så hadde eg ein hekk som eg har slite ut eit ukjend tal med hekksakser på, både manuelle og elektriske med og utan leidning.
Kvart år klipper eg hekken to gonger, og kvar gong er tilveksten opp mot ein halvmeter. Med avfallet har eg planert ut det meste av friområdet aust for tomta mi, noko som eg hadde stor glede av inntil kommunen sette ein stoppar for det.
Ein meter klippa av kvar år i 31 år frå rundt 400 planter. Det er ikkje småtteri. Men så gale som naboen vil ha det til, er det likevel ikkje.
Skal du ikkje klippa hekken snart, spør han i tide og utide. Han veks jo inn i himmel no, seier han og.
Ja dei i himmelen skal og ha lønn, seier eg. Nei nå får det vera nok, seier naboen.
I morgon må eg visst finna fram saksa..

fredag 11. juni 2010

Ei god investering

I hagen vår veks mangt og mykje. Blåbær, rognebær, jordbær, bringebær, tomat, agurk og mykje anna. Sortimentet vekslar eindel frå år til år, men det er alltid noko for barnebarna å springa rundt å leita etter og å plukka. Nå er som sagt jorbærsesongen igang - såvidt. Jordbæråkeren er ganske stor, men når barnebarn med vener inntek den, vert det aldri noko til overs til å ha i frysaren. Jordbæra skal etast ferske, spør du meg.
Dei ulike plukkeobjekta har ulike sesongar. Jordbær i juni - juli, blåbær i juli - august osb. Men nå er det dukka opp eit plukkeobjekt som har sesong frå tidleg april til langt ut i oktober. Og det har vore store mengder å ta av. Rett nok merkar eg at ungane sin iver i plukkinga har gjort eit kraftig innhogg i førekomsten. Etter eg utlova dusør på 1 krone per eksemplar, har brunsneglebestanden minka eksonentielt med tida. Å tena seg nokre slantar på å plukka brunsnegel, er nå mest gjevare enn å gå i jordbæråkeren.
Så ved dette knepet har eg oppnådd tre ting:
  1. Skadedyret er ikkje lenger noko stort problem
  2. Eg får stundom smaka litt av eigne bær
  3. Kona klagar seg mindre over utyske i hagen
Det kostar meg jo eindel å oppretthalda avtalen, men det har vore ei god investering. Det smakar meir enn det kostar, syns eg.

onsdag 9. juni 2010

Sesongstart

Den 7 juni skreiv TV 2 nyheter:

"SkålaBær fra Nesje i Molde kommune er alltid tidlig ute med de første bærene. Likevel er årets første jordbær to uker senere på markedet enn i fjor. Årsaken er det kalde været. Det er også rapportert om at de første bærene allerede er klare fra produsenter i Sparbu i Nord-Trøndelag og i Rogaland, også der dyrket i såkalte drivhustunneler med bruk av kunstig lys og varme. Ifølge en jordbærkunde i Molde smakte bærene fortreffelig, til tross for at de er dyrket på kunstig vis"

Så dei slo meg i år med to dagar. Som biletet syner, starta eg haustinga idag. Men så har eg då heller ikkje nytta kunstig lys og varme. Likevel er eg litt skuffa, for i fjor var eg to dagar før dei.Men også eg må seia at jordbæret smakte fortreffeleg, og det utan både sukker og fløyte. Så nå er sesongen igang. Mykje gjevt i vente

fredag 4. juni 2010

Sol i nakken, frost i bakken

Å vakne til blendande sollys i ei høgd på 900 moh, er spesielt. Å
ligga å kjenna at uroen i kroppen vil ha deg ut av køya, slik at
ikkje du misser ei einaste solstrime, er spennande. Eg svingar meg opp
og glyttar i gardinsprekken. Steikje for ein dag.
Om litt er kaffien klar. Eg tek den herlege drykken i hyttekruset
mitt, og skrir utanfor. Gjøken skrattar mot meg med sin kokokoko.
Haren får fart på ræva, og forsvinn i busk og kratt. Det luktar fjell
og vidde. Sjølv luktar eg nattesvette, solkrem og myggolje. Ikkje rart
at haren stakk.
Eg går over myra. Jammen er ho hard av frost. Og når eg seinare på
dagen skal grava ned eit par pelar, kjem eg 10 cm før eg møter tela.
Og eg som skulle 60 cm ned. Eg gir meg på det. Prosjektet blir
utsett., i staden blir det sol og pils på terrassen. Slett ikkje noko
dårleg alterativ

--
Sendt fra min mobile enhet

onsdag 2. juni 2010

Kor e hammaren, Edvard

Eg har bygd ut Samlebu, hytta vår på Stokketjønn, ialt 4 gonger.  Den siste gongen var i 2003. Etter fullføringa då, skreiv eg følgjande i hytteboka: "Nå er siste utbygging på Samlebu fullførd. Til hausten vert eg 60 år, og synes difor det er på tide å slutta å klyva på hyttetak og slita på bjelkar, bord og shingel".
Dette var ord og tankar som eg hadde soge av eige bryst, og som eg såleis støtta 100%. Eg har ikkje teke i ein hammar i 900 meters høgd på 7 år. Det har vore greitt nok.
Men ein song dukka oppatt i hovudet mitt i påsken. Ein lett omskriven versjon av den distriktspolitiske pamfletten, "Bygdevise", som  Jahn-Arill Skogholt skreiv i 1977, då han skulle avstad for å jobba i industrien i byen. "Kor er hammaren, Edvard, eg treng han jo no" , var min versjon. Eg nynna på den alle dei gongene eg leitte etter den ofte bortkomne hammaren under  tidlegare hytteutbyggingar.
Hadde vore kjekt å putla litt her igjen, tenkte eg der eg sat nyoperert og difor passiv i snøfonna utanfor hytteveggen. Planleggingsfasen vart såleis unnagjort i einsemd, medan resten av påskefolket surfa rundt i fjell og på vidde.
Så i morgon dreg eg til fjells for å småstarta. Det er ikkje store greiene eg skal til med. Eg skal ikkje klatra så høgt og slita så tungt. Men gøy skal det bli.