Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 5. juni 2026

Den gongen våren lukta Jurosan og hestefis

hits

Eg kan ennå kjenna koss sola klistra skjorta til ryggen, og me berre kasta ho av oss. Det var far som opna det gildet. Han hadde hår over heile brystkassen, noko eg alltid hadde beundra. Mor var ikkje sein om å henta krukka med Jurosan i fjosglaset og smurde det utover alle våre bleike vinterkroppar, bortsett frå på far som hadde pels. Så var me klare. For i min barndom merka eg aldri at det regna om våren. Sola skein alltid over tørre bakkar som venta på det årlege gullet: kuskiten.

Vipa skreik over hovuda på oss, eit tydeleg varsel om at gauken snart sat bak løa og venta på tur. Men me hadde ikkje tid til å fylgja med på fuglane. Heile familien stod klar med kvar si møkkagreip. Det var ikkje om å gjera å bli fyrst ferdig; nei, den verkelege kampen stod om kven som fekk klyva opp og pinnhalda i hestetaumane.

Å måka skiten av kjerra og spreia han, var ein jobb for fotfolket. Å stå rakrygga i front og styra hesten, det var høgstatus. Så fekk det heller våga seg at den varme vårlufta vart ein solid lapskaus av ram møkkalukt og tette, lune hestefisar kvar gong gampen tok i opp dei brattaste kneikane. Me pusta med munnen og kjempa vidare.

Når middagstida kom, gjekk me ikkje inn. Me kasta oss ned i graset under open himmel. Mor bar ut skåler med kjølig rabarbrasuppe og surmelk med sprø kavring. Me fekk og ein pølsesnabb å bita i. Det knaste mellom tennene, kjølte ned ein sveitt hals, og smakte av ingenting anna enn rein, evig vår.

Når kveldsskuggane strekte seg lange over nyspreidde bakkar, leita me fram skjortene igjen. Rista av dei kuskiten som var komen på avvegar, og dekte oss til. Sola hadde gjort sitt, og huda på skuldrene stramma og brann mildt, eit tydeleg teikn på at Jurosan-krukka frå fjosglaset kanskje hadde passert «best-før-datoen» for lengst, og at den neppe kunne skryte på seg nokon solfaktor. Omgrepet var ikkje oppfunne.

Inne på kjøkenet stod sinkbalja klar med lunka vatn. Me skrubba og gnei med ei slags heimelaga såpe, men den særprega eimen av ram kuskit og spenesalve sat som limt i huda. Han flytta med meg inn i stova, opp trappa og heilt inn under dyna. Ein lukta ikkje reint; ein lukta vår.

Det var den intense, tunge Trøyttleiken med stor T, som nå tok overhand. Det var ikkje den keisame trøyttleiken ein får av å kjeda seg, men den djupe, salige dvalen som berre svingande møkkagreiper og tung motbakke kan gi ein ti år gammal skrott. Armane var som bly, dei seig tungt ned i halmmadrassen. Før augeloka fann kvarandre, rakk ein akkurat å registrera den faste rytmen frå hjerteslaga i brystet, før ein slokna fullstendig. Lukkeleg uvitande om morgondagen, men med ei urokkeleg vissheit om at sola ville skine like varmt då.

Det er lenge sidan eg har hatt spenesalve på skuldrene. Men av og til, når våren kjem snikande, tek eg meg i å lytte etter vipa, medan eg lurer på kvar det vart av den djupe, salige trøyttleiken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar