Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 1. mai 2026

Frukost ved Karmsundet

hitsFrukostbuffeen låg der og glinsa meir velorganisert enn eg er van med heimanfrå. Eit lite løfte om ein god start på dagen. Speilegga hadde diverre allereie gjeve tapt for naturlovene. Dei låg der, litt tørre og stive i kantane, som om dei hadde venta for lenge på at nokon skulle forbarme seg over dei. Baconet, derimot, hadde forstått oppgåva si til fulle. Saftig, sprøtt, og med ei nesten arrogant sjølvtillit. Eg fylte tallerkenen og skauv vekk minnet om spegelbiletet mitt frå morgondusjen. Tyngdekrafta og tidas tann har gjort sitt, bevares, men det treng ein ikkje finrekne på før ein har fått i seg kaffi. Eg visste utmerkt godt kva eg dreiv med.

​Eg fann meg eit bord med utsikt. Karmsundet låg der, tilsynelatande roleg på overflata, men med dei kraftige straumane drivande under, akkurat som det alltid har gjort. På andre sida klamrar Storasund seg fast. Eit par standhaftige hobbybønder held liv i det grøne, som om dei på trass nektar å gi slepp på det som var. Eg sat der og trekte pusten djupt, nesten i von om å kjenne eit blaff av møkk. Berre for å kjenne att noko handgripeleg og ekte frå ei svunnen tid. Men lukta kom ikkje. Heller ikkje den stramme, tunge lukta frå sildoljefabrikkane som ein gong la seg som eit tjukt teppe over sundet og fortalde oss at det var liv og arbeid i sikte. No luktar det mest... ingenting. Reint. Kanskje litt for diesel nokre køyretøy som ennå ikkje har konvertert.

​Eg bur på Radisson, berre tre steinkast frå dei nøyaktige koordinatane der eg sleit ut skorne mine gjennom sju år på barneskulen. Den gongen var det jord her. Skikkeleg mold som la seg under neglene, og traktorar som tok seg god tid og følgde sine eigne, naturlege rytmar. No er heile fundamentet bytta ut. Asfalt, stål, glas og parkeringsplassar så langt auge rekk. Utvikling, kallar dei det visst. Eg får la det ligge til frukosten er fortært.

​Eg har familie i desse traktene. Folk eg deler genmateriale med, men sjeldan kvardagar. Reint statistisk treffest vi stort sett berre når nokon døyr. Det er ein litt upraktisk og dårleg vane, eigentleg. Så denne gongen fann eg ut at eg skulle introdusere ein ny variabel: å berre vere her, heilt utan svart dress og dempa stemmer. Berre sitje her og sjå kva som skjer når ein ikkje følgjer det faste mønsteret.

​Frukostmetten sig etter kvart på, tung og behageleg. Eg tek med meg lekamen ut i kaffisalongen – eller «lobbyen», som dei no seier sjølv her ute, som om det var eit naturleg norsk ord. Eg finn meg ein stol og let menneska passere. Prøver å unngå å setje krokfot på dei.

​Tvers over gata ligg Rikets sal. Det er stille der i dag. 1. mai er ikkje ein dag dei markerer med flagg og hornmusikk. Dei har visst andre sigrar å feire for tida, av den litt meir juridiske sorten. Høgsterett og det heile. No er det vel tilbake til vanleg drift. Eg dreg på smilebandet og ser føre meg at Vårherre òg lyt ha fått seg ein ergonomisk kontorstol og fast arbeidstid der inne ein stad.

​Eg nikkar litt for meg sjølv, tek ein slurk av kaffien og let blikket gli sørover.

​Der ligg Karmsund bru. Framleis den finaste i verda. Ein elegant, kompromisslaus bue i stål som har trassa både vêr og vind. Eg har meint det sidan den 22. oktober 1955. Då stod eg der, tolv år gammal, side om side med kronprins Olav då han klipte snora, medan eg og resten av klassen ropte hurra så lungene nesten brast. Eg var ganske sikker på at sjølve verda byrja akkurat der, på det brudekket.

​Olav er borte no. Det er mange andre òg.

​«Men merket det stend, um mannen han stuper.»

​Og eg sit her, mett av både bacon og minne, og tenkjer at stål, naturlover og nokre gode ord i grunnen held i massevis for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar