Eg trykkjer éin gong, to gonger, heilt til verda fell mjukare rundt øyra mine. Høyreapparatet klikkar på plass i den innstillinga eg ganske enkelt har døypt «Pub». Det blir ikkje heilt stille, berre rimelegare å ha med å gjere. Berre nok til at ekkoet og etterklangen legg seg litt.
På andre sida av bordet sit sonen min. Han snakkar med heile seg, smilande og medrivande, og brukar hendene vel så mykje som munnen. Eg ser smilet før eg fangar orda. Ser at han er nøgd med at vi fekk dette til. Eg nikkar tilbake, nett som om eg fekk med meg kvar einaste staving.
Ein treng trass alt ikkje høyre alt for å kjenne seg med. Ein treng strengt tatt ikkje sjå alt heller.
Det er ikkje konseptet pub i seg sjølv som er nytt for meg. Eg har sanneleg frekventert min del av dei opp gjennom åra, truleg fleire enn kva fastlegen ville tilrådd. Eg hugsar den gamle puben her på Husnes. Den gongen sigarettrøyken låg som eit ullteppe under taket, og latteren sat laust i dei slitne veggane. Då køen strakte seg langt ut i Opsangervegen, og folk song skeivt, men meinte det uendeleg godt. Det var fest og eit rabalder utan like. Høglydt, kaotisk men kanskje ikkje ein stad for folk som hadde tenkt å bli vaksne.
Men dette er noko anna. Dette er Støyperiet. Eg søkk ned i ein Chesterfield-stol og kjenner at eg ikkje har tenkt å reise meg på ei god stund.
Ny pub, nye lydar, nye folk. Dette er ein folkepub, reist på ei dugnadsånd som openbert nektar å døy ut her i bygda. Det er mange år sidan Husnes kjendest slik for meg. Kanskje fordi verda mi naturleg nok har vorte litt trongare med tida. Kanskje fordi kroppen ikkje lenger lystrar kvar einaste ordre frå hovudet, og ein blir gradvis meir varsam med åra.
Likevel er det han som limer kvelden saman. Sonen min held praten i gang, syt for at alt flyt lett og gjer heile kvelden uanstrengt og triveleg. Det handlar ikkje om at han skal ta faren sin med ut på byen, men heller om at vi i lag tek tilbake ein fast plass ved bordet.
Og akkurat det var vi nok modne for begge to.
Eg reiser meg, seint men sikkert. Tyngdekrafta gjer seg framleis gjeldande. Golvet her inne lever tilsynelatande sitt eige liv. Det bølgjer svakt under skosolane mine, eller kanskje det berre er eg som har dårlege sjøbein. Etter éin Brooklyn IPA blir uansett verda litt rundare i kantane. Etter to går eg beint fram småelegant. Eg humrar litt for meg sjølv på veg til toalettet, for det er ikkje lenger berre eit ærend. Det er ein ekspedisjon. Frå bordet til tappen, inn på toalettet, og kanskje ein ørliten omveg tilbake, og eg er ganske sikker på at eg har tilbakelagt same distanse som dei som skryt av trimtur langs vatnet.
Kroppen har ikkje godt av å vite skilnaden uansett.
Bartendaren har skjønt teikninga no. Glaset står klart før eg i det heile rekk å kremte. Fingrane mine manglar finmotorikken dei ein gong hadde, og når ubalansen min får ølet til å skvalpe litt over kanten, spelar det absolutt inga rolle. Det framstår berre som eit litt uvørent, sjarmerande forsøk på å skåle.
Eg lèt meg søkke ned att i Chesterfield-stolen, med Brooklyn-ølen i neven og varmen frå lokalet slåande mot meg. Rundt meg sit folk i mange aldrar, karar og kvinner med forsiktige steg og lange, levde liv bak seg. Andleta vender seg mot lyset, mot kvarandre og mot det pulserande livet her inne. Vi stabba oss kanskje inn, og vi kjem heilt sikkert til å stabbe oss ut att. Men det er fullstendig uvesentleg.
Det einaste som betyr noko, er tida mellom inngangsdøra og den siste slurken.
Og der, midt i hjartet av Husnes, djupt nede i ein raus Chesterfield-stol med sonen min smilande over bordet, slår det meg: Livet er slett ikkje det verste ein har. Særleg ikkje om våren, i godt selskap. På pub

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar