Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 29. juni 2026

Feltoppteikningar frå Kret

Chania-bussen var stappfull, eit rullande eksperiment i korleis ein kan pressa maksimal masse inn i eit avgrensa volum. Gjennom midtgangen trampa ein røsleg kar med lærveske over skuldra og ein bunke billettar i neven. Han hadde svær nase, var konduktør, men førte seg som ein hærførar på slagmarka. Det smalt for alvor då Magnhild fann det naturleg å vippa føtene oppå setet framfor seg. Det utløyste vrede. Konduktøren lyfte haka over nasen og smelte av ei salve på beinhard gresk, som fekk henne til å skvetta til og smella skosålane i dørken. Han reiv av billettar med eit skarpt rykk, nesten som å dra eit sverd frå slira, og stira nesten til medvitsløyse på dei som somla med å finna fram småmyntane. Hadde Ares, sjølvaste krigsguden, teke på seg jobben med å halda ro og orden i kollektivtrafikken, ville han ha operert nøyaktig slik.

Inne på supermarknaden leita eg etter salta smør. Usalta smør er noko svineri som ikkje høyrer heime på noka brødskive. Borte i kassen stod ein kjekk kar, slåande lik ein ung Apollon. Då han observerte vår feilslåtte leiting langs hyllene, forlot han stasjonen sin. Han tok beina på nakken, sprang butikken rundt og dukka inn bak reolar, men kom likevel tomhendt attende. Han rista på hovudet, peika ut døra og sende oss vidare nedover gata til neste såkalla supermarknad. Vellykka. Der fann vi endeleg ei pakke salta smør i eit gøymt kjøleskap. Demeter, fruktbarheitsgudinna, kravde tydelegvis at vi måtte ut på ei lita odyssé før ho ville dela meieriets grøde med oss.

Neste stopp var hos slaktaren. Vi måtte sikra råvarer til dagens kleftiko. Bak disken stod ein kar med forkle, ein moderne Hefaistos i sitt rette element. Han kasta ikkje bort tida på å finna ledda i kjøtet, men heva i staden ei massiv øks og lét henne falla over lammelåret. Eit kontant, brutalt hogg. Beinsplintrane flaug veggimellom. Han brukte ikkje finmotorikk, men demonstrerte ei rein, kalkulert overføring av rørslemengd. Kraft x tid som vi seier i fysikken. Eit par hogg etterpå slengde han dei kløyvde kjøtstykka på vekta med eit grynt. Perfekt oppdelt, reint fysisk sett.

På tallerkenen min seinare på dagen sat eg og plukka frå kvarandre kjøt og beinsplintar. Eg starta med å dela stykket i to, så i fire. Deretter brukte eg kniven for å skilja hinnene frå det stykkevis møyre kjøtet, splitta det heile i stadig mindre bestanddelar. Demokrit ville ha nikka gjenkjennande då eg studerte bitane inngåande, fullt oppteken med å isolera det aller siste, udelelege lammekjøtatomet. Demokrit atomlæra sin store tenkar.

Sola steikte  på stranda i Kolymbari. I vasskanten låg ein kar og vippa opp og ned i bølgjene. Han brydde seg døyten om verken parasollar eller solkrem. Han berre låg der og såg korleis vassnivået steig rundt magen kvar gong han trekte pusten, og korleis han sokk litt lenger ned når han pusta ut. Han flytta på armane i systematiske rørsler for å testa væska si fortrenging. Eg venta berre på at han skulle spretta naken opp av sjøen og ropa eit rungande «Heureka!», nett slik Arkimedes gjorde då han fann oppdriftslova i badekaret.

Returen på sundag gjekk med drosje frå Agia Marina til Tavronitis. Sjåføren hadde foten limt til gasspedalen. Han snakka rasande fott på fleire språk samstundes, ropa til ein mann på gata. Ein ven, sa han. Han tasta på telefonen, og kasta stundom eit blikk i bakspegelen, alt på brøkdelen av eit sekund. Tuppen av joggeskorne flaksa over pedalane med ei fart som trassa all fornuft, han hadde køyrd taxi i Aten sa han. Den gongen før Google maps kom til menneskeheten. Han hadde kartbok i hanskerommet. Hadde drosjeløyvet hans hatt eit emblem, ville det garantert ha vore Hermes sin stav omslynga av to slangar.

Ved Gonia-klosteret i Kolumbari traff vi to tyrkerar. Kona sa ho var frå Constantinople, mannen meinte dei kom frå Istanbul. Slik blei det til at vi fire danna eit lite kor og framførte den ikkje ukjende sangen. Dei fleste besøkande var opptekne av alteret og dei eldgamle ikona. Ein fyr stod derimot for seg sjølv ute på steinhella. Han stod og sikta langs søylene. Han drog hælen gjennom støvet og rissa opp eit perfekt rektangel, før han trekte ein diagonal over med peikefingeren. Han kikka på meg, peika på katetane i støvet og nikka roleg opp mot takkonstruksjonen. Pytagoras lever i beste velgåande. Overtru fekk vera for massane; her inne var det tydelegvis streng geometri som sytte for at taket ikkje datt i hovudet på oss.

Kreta er altså ikkje berre sol og tzatziki. Det er ein stad der gudane aldri eigentleg tok pensjon, dei berre søkte seg over i andre bransjar. Ares fann seg ein trygg jobb i kollektivtrafikken. Demeter held smøret gøymt bak i kjøleskapet berre for å sjå kor langt du er villig til å gå. Hefaistos slutta med å smi lyn og tok til med lam i staden. Hermes køyrer drosje og har bytta ut gullsandalar med joggesko.

Og Pytagoras? Han er framleis på jobb, på kne i klosterstøvet, og sjekkar at vinklane stemmer.

Ein stad må jo nokon passa på at alt heng i hop.

hits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar