Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 4. mai 2026

Bussen. Ein kulturarena

hits

Dei seier du lærer mest om verda ved å reise. Eg er heilt einig, men då meiner eg ikkje dei store katedralane, solnedgangane over havet eller restaurantane der kelnaren legg servietten i fanget ditt. Eg meiner å sitje på bussen.


Få stader på jorda er dei kulturelle skilnadene så nakne og ufiltrerte.

Ta til dømes det enkle spørsmålet: Kor sit du?

Ein forskar frå Yale brukte tre år og tusenvis av kilometer på å studere akkurat dette. Den største uskrivne regelen på bussen er å ikkje setje seg ved sidan av nokon om det finst ledige sete andre stader. Bryt du denne regelen, er du med ein gong den rare.

Men kva er "rare" eigentleg? Det kjem heilt an på kor du kjem frå.

På ein buss frå Husnes til  Bergen set folk seg lengst mogleg unna kvarandre, helst med to tomme seterader mellom, og unngår augekontakt som om det var ein smittsam sjukdom. Ein mann i 40-åra set seg ned, opnar telefonen, og stirrar ned i skjermen. Ei eldre dame med handlepose set seg heilt fremst og ser rett fram. Ingen snakkar. Nokon les. Ein hostar forsiktig og ser nesten ut som han vil orsake seg til heile bussen.

På ein busstur i Malaga set ein framand seg rett ved sida av deg, smiler breitt og spør kvar du er på veg. Innan tre minutt veit du kva ho hadde til middag i går og at dottera hennar giftar seg til sommaren. Ho viser deg bilete på telefonen. Du ler. Ho ler. Ingen av dei to variantane er gal, men møtet mellom dei kan bli litt klossete.

Det er sjeldan servering ombord. Iallfall ikkje hos Skyss. Folk har med seg næringa sjølv, og ho kjem i ulike utgåver.

Eg har sete ved sida av nokon som et reker med majones. Dei knekk skala roleg og systematisk, ein etter ein, og legg restane i ei lita pose. Eg har kjent lukta av  Roquefort og kvitløk spreie seg som ein stille katastrofe bakover i bussen, sete etter sete, til folk byrja å sjå seg diskret rundt. Eg har sett ein mann ete eit fullstendig, varmt tre-retters måltid med bestikk og det heile, roleg, oppreist, med blikket framover. Utan eitt glimt av skam. Men det var i Kina på vegen mellom Xian og Beijing. 

Ein del av meg beundra han.

For i mange kulturar er det å ete kor som helst og når som helst like naturleg som å puste. Mat er ikkje noko å gøyme vekk, det er noko å dele, noko å vise stolt fram. Den norske tradisjonen med å sitje og stirre ned i fanget og late som ein ikkje et nistepakken sin, er faktisk ganske merkeleg sett utanfrå. Sjølv har eg i all løyndom fått i meg ei skive med brunost og stundom eit hardkokt egg på akkurat den måten. Det var då eg humpa mellom Hatvik og Osøyro.

Det finst eit uoffisielt støykart over verda, og det kjem tydeleg fram på bussen.

I Skandinavia er det å vere stille ein dyd. Iallfall før i tida. Dei etnisk norske kviskriar ofte i telefonen, som om det å snakke med normal stemme er å forstyrre i ei gravferd. I allfall før i tida.

I andre delar av verda er bussen ein sosial arena. Musikk vert spela frå høgtalarar. Familiar ropar til kvarandre over fire seterader. Ein mann snur seg og held opp telefonen sin, han vil vise ein video til naboen sin, som han møtte for fem minutt sidan. Eg opplevde det på bussen i Nerja, på veg opp til Capistrano, og eg sat og flirte heile vegen.

Begge variantar har sine høgdepunkt. Den stille bussen kan vere fredeleg og deileg. Den høglydte kan, på ein god dag, kjennast som ein liten fest du ikkje visste du var invitert til.

Og så er det dei historiene som ikkje handlar om kultur i det heile, berre om menneske som er menneske.

Som dama på den raude ikoniske bussen i London, som brukte sitt eige hår som tanntråd. Stille, konsentrert, heilt i sin eigen verd. Eller den eldre herren som roleg tok fram ei eske med Viagra frå ein farmasipose, las bruksanvisninga grundig, side for side, og svelgde ein tablett med ein liten slurk vatn. Midt på bussen. Utan å sjå opp.

Ingen av desse er kulturelle misforståingar. Dei er berre livet, rart, uføreseieleg og aldri kjedelig.

Eg har floge business class frå Paris til Bangkok med varme handklede og champagne. Eg har teke taxi i København frå Nyhavn til Bartofs kafe  med varm kaffi og Gammel Dansk i handa. Men ingenting slår å sitje på bussen når det gjeld rein, ufiltrert menneskeleg mangfald.

På bussen møter du verda slik ho faktisk er, ikkje slik ho ser ut på Instagram. Du sit skulder ved skulder med nokon du aldri ville møtt elles. Du ser vanar, høyrer språk, kjenner lukter og ser reaksjonar som minner deg om at det finst tusenvis av måtar å vere menneske på.

Nokre av dei er litt annleis enn din eigen. Nokre er heilt uforståelege. Og nokre er så rare at du sit og flirer heilt til du er framme.

2 kommentarer: