Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 1. juni 2011

Straumsparing

I mai månad plar eg bruka mykje straum. Det har fleire årsakar, men fyring i drivhuset og oppvarming av bassengvatnet dreg vel flest kWh. I tillegg har eg ofte starta terrassesesongen, der dei infraraude varmarane putra og går, for å halda varme i gamle skrottar ut i maikveldane.
Den første dagen i månaden skal Kvinnherad energi ha forbrukstala mine. Det er difor alltid med bevrande hjarta eg den dagen går til sikringskapet, les av og noterer alle tal framføre komma som eg finn på wattmeteret der. Eg loggar meg på pc-en, tastar inn tala og får straks forbruk og avrekning på skjermen.
I dag var energiselskapet i godlune. Månadsforbruket mitt såg slik ut:

Mai månad i år ligg rundt 50% av forbruket i fjoråret. Eg måtte tenkja meg om då eg såg det. Kva er det med mai i år? Det har jo vore så svina kaldt mest heile månaden.
Så rann det i meg. Bassenget ligg jo framleis uoppvarma og i drivhuset har tomatene og agurkene måtta nøya seg med dei varmemengdene som huset har fanga frå sola. Det er ikkje mykje. Agurkene gav seg hin dagen. Dei ville ikkje vera med på det eksperimentet lenger.
I tillegg har eg jo og vore lite i heimen. Nåre ein reiser i hytt og ver, sparer ein straum.
Det er viktig å spara på straumen. Nå skal jo og Tyskland stenga ned sine atomkraftverk, og då kan det bli gufse her.
Mine 4 enkle råd for straumsparing er difor:

  • Reis mest mogleg vekk frå heimen
  • La agurkene daua i drivhuset, og kjøp heller inn spanske
  • Om du har basseng, la heller meitemakkane og piggsvina glede seg der i det kalde vatnet
  • Kle deg i superundertøy, bobleklær, øyrklaffhua og goretex hanskar i mai kvelden, når du nyt ein  avkjøla raudvin på terrassen.
Dette er grundig utprøva verkemiddel, som viser seg å ha effekt. Det skulle grafen ovanfor syne med all tydlegheit. Alle andre tiltak synes eg er nytteslause.

1 kommentar:

  1. Er enig i mye av det du skriver. Men tror nok det kan bli ennå mer gufse både her og der hvis Tyskland ikke stenger ned atomkraften. Da blir det skikkelig kaldt.

    SvarSlett