Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 16. juni 2011

Hos frisøren

Eg har klipt håret idag. Det gjer eg oftast hos Tango på Husnes Storsenter. Når eg entrar desse lokala, opplever eg å vera på ein arena, der eg aldeles ikkje kjenner meg vel. Ei av kvinnene som arbeider der er herrefrisør, alle dei andre er opptekne av kvinner. Slik er det blandt kundane og. Dette er ikkje ein stad der mange menn ferdast. Eigentleg rart at det er slik. I eit samfunn som Husnes er det ikkje flust med stader der menn og kvinner kan møtast. Sjekkestader meiner eg då.
På ein frisør-/beautysalong ligg tilhøva svært godt tilrette for litt sjekk og flørt. Her kan ein både direkte og gjennom eit utal av speglar, inngåande få observera og vurdera kroppane til det andre. Iallfall den delen av kroppen som stikk over frisørkappen. Ein får studert korleis kvinnene ser ut med både vått og tørt hår. Med og utan hårfarge, med og utan krøllklemmer og ikkje minst det ferdige produktet. Eg må vedgå at kvinna ikkje synes like atraktiv i alle desse tilstandane.
Og så er det alle dei gode samtalane ein kan overhøyra og eventuelt ta del i på salongen. For oss menn tek diverre klippinga berre eit kvarter, i motsetnad til kvinnene som sit der i timesvis. Dei kan verkeleg gå inn i grundige og uttømande konversasjonar. Eg får likevel høyra meir nytt på eit kvarter der, enn eg får med meg i løpet av fleire veker andre stader.
Det er dyrt å klippa seg på Husnes. 340 kroner for å bli saksa litt på toppen, er mykje. For å få mest mogleg att for pengane, har eg byrja bed om ekstratjenester, så som klipping av augebryn, nasehår og hår i  øyregangane. Det er jo på slike stader veksten er på sitt beste i min aldar. Eg prøver å strekkje desse ekstratenestene lengst mogleg, utan at det til nå har påvirka prisen. Eg undrast på kor grensene går her.
Ein gong for nokre års sidan reiste eg til Bergen og klipte meg hos ein innvandrarfrisør. Som senior tilbaud Tide båtreise til byen for kr 100 kvar veg, og innvandraren skulle ha 100 kr for jobben. Det vart rimlegare for meg enn å klippa seg her på Husnes. I tillegg fekk eg klassisk fiolinmusikk av innvandraren sin bror under heile klippetida. Og når eg var ferdigklipt fekk eg sjå bilete av dei nyfødde tvillingane som frisøren var blitt bestefar til. Det vart ei skikkeleg kosestund, som eg godt kunne tenkt meg å repetera.
Men det blei ikkje meir av det. Eg turde ikkje utsetja meg for slikt, fordi når eg kom attende til Tangosalongen på Husnes, sperra frisøren min augene opp og utbraut "Men Sandvik, har du vore trulaus"?
Dette var nok knask for alle papilottutstyrde fruentimmer på salongen. Eg såg tørkehetter som vart bøygd til sides og blikk som vandra kvilelause rundt i salangen. I Tangotakt. Frisøren såg straks endringa i hårsveisen min, og skjøna at eg hadde vore hos andre. Dei nyheitshungrande kundene visste at trulaus i nynorskland tyder utru. Dei skjøna såleis også på sitt vis at eg hadde vore hos andre.

2 kommentarer:

  1. Du har så ven ein farge på håret ditt at dei burde ha betalt deg for å få klyppe det. Kva gjer dei med tustane dine, mon? sel dei som angoraull?

    SvarSlett
  2. Det var voldsomt til komplimentar. Takketakk.
    Men såvidt eg såg gjekk dei rett i dunken.

    SvarSlett