Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 6. juni 2011

Køkultur og valutahandel

Finansforbundet har varsla plassoppseing for 15000 tilsette i 129 banker frå i morgon av. Slikt gir travle dagar for norske journalistar. Nå lar dei E. coli-bakteriene få leva sitt eige liv for nokre timar, mens dei hausar opp omkring problemstillinga: Korleis overleva under ei bankstreik med tom pung. Når ikkje debet- og kredittkorta virkar lenger, når kjøle- og fryseskapa er tomme, når naboen bankar på døra og ber om å få låne eit stykke brød, kva gjer du då? spør dei. Deler du dine siste smular med eit medmenneske eller spring du i banken idag og skaffar det kontanter, slik at du kan handla ny mat under ei eventuell streik og? Stilt framføre slike etiske dilemma, må det takast kvalifiserte valg. Eg skjøna etter fintenkinga i natt, at dagen måtte nyttast til køståing. Og slik blei det. 
Å stå i kø i moderne tider, gir ikkje dei same utfordringane som før. Iallfall ikkje om ein skal inn i ein bank eller eit apotek, eit post- eller eit passkontor.   Då  touchar ein skjermen og vips sprett det ut ein kølapp med kønummer, dato, klokkeslett, kor mange som er framføre deg i køen og ei hyggeleg velkomsthelsing. Det var situasjonen for meg idag. 
Eg er autodidakt innanfor køkunsten.  Dei empiriske erfaringane livet gav meg i kinokøen på Håndverkeren i Haugesund på 1950-talet, kvalifiserer for ei heilt anna menneskleg åtferd enn den som høver seg i dagens køar. 

  • Sniking er heilt utelukka. Dette å koma seg nokre plassar lengre fram utan å verta hukka korkje av kinovakta eller av medkøarar, var eit kunststykke. Og det gav eit enormt egoløft. Men skrekk og gru om ein vart hukka. 
  • Å pirka på jentene, anten nappa dei i krøllene eller dunka dei i ryggen, vert heller ikkje akseptert lenger. Ikkje skjønar eg korleis det motsette kjønn kjem saman lenger når desse fine arenaene for slikt er borte.
Idag måtte eg stå roleg å sjå vekselvis frå kølappen min til den lysande nummertavla som skifta tal så seint at eg trudde streiken alt var igang. Men til slutt vart det min tur. Og eg fekk pengesetlar av både innanlands og utanlandsk valør, som eg ikkje har sett sidan korta kom i pengeboka. "Å er det slik dei ser ut nå", sa eg. "Ja, ver snill og kvitter her", sa den potesielle streikaren og skauv eit elektronisk brett mot meg. Eg greip ein av pennane som flaut rundt på skrivebordet hennar, og signerte. "Nei og nei", ropa ho. "Kva då", ville eg vita. "Ikkje med den pennen, nå får eg ein forbaska rensejobb å gjera", meinte ho.
Så lærte eg noko, også idag. Det er ikkje berre å tru at ein penn er ein penn. Eg må visst gå oftare i banken, for å hugsa dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar