Men eg likar ennå mindre denne ekstraturen til augelegen. Etter nærast å ha blitt lobotomert på fredag, reiser eg over Klosterfjorden med eit auge som er blodraudt der det kvite skal vera. Slik ville ikkje augelegen min at eg skulle ha det, sa han i telefonen. Auga mitt har nok å stri med frå før.
Dette einaste brukbare av dei to, har nok av dimme flekker rundt omkring. Vindauga mitt mot verda gir fragmenterte bilete.
Slik vert det når ein kolliderer med alt mogleg i kvardagen. Denne gongen var det antennestanga på reiseradioen som kilte seg inn i augeropa.
Eg må visst begynna å bruka sjørøvarlappar. På begge augo. Eller skylappar.
Published with Blogger-droid v1.7.1
Ja, d'æ mykje stykkt å syndikt i radio'n. Hald deg langt unna både radio og fjernsyn, så sparer du augo og øyro for sterke påkjenningar.
SvarSlettTrur du treng gode verne-briller for å redda deg fra alle farene.
SvarSlett