Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 8. juni 2011

Maskulin husvask

Eg er oppvaksen på 50-talet. På landet der bondesamfunnet med sitt arbeidsfellesskap var med å forma tenkemåten og fordommane mine. For dettte arbeidsfelleskapet var eit felleskap der ikkje alt arbeid var like høgt rangert. "Kvar må gjera det dei er best til", blei eitslags mannsjåvinistisk omkvede. Per definisjon var ikkje menn gode på innearbeid. Dei mangla både reinsemdgenet og meistra ikkje fillevridinga. Det var mor som deltok i arbeidsfellesskapet - ute. Inne styra ho aleine. Laga felles måltid, baka brød og boller, vaska kler og vaska hus. 
Då eg vart gift, sneik etterkvart radikalfeministane seg inn på banen, og øydela denne gode arbeidsdelinga med sine likestillingsideal. Kvinnene som oftare enn før gjekk i løna arbeid, tvang fram eit paradigmeskifte på dette feltet, og dreiv mennene frå skanse til skanse. Eller frå bilvask til husvask for å konkretisera. Eg, oppvaksen i eit mannsdominert bondesamfunn på 50-talet, har aldri heilt internalisert desse nye normene.
Men nå er det slik at det finns mange slag husvask. Også slikt slag som menn kan utføra utan å missa kjønnsidentiteten sin. Inne i huset dreier det seg om avanserte reingjeringsjobbar som krev til dømes bruk av høgtrykks dampvaskar, eller å setja igang robotstøvsugaran. Utomhus ferdast ein i tryggare farvatn, så der er husvask for menn heilt greitt. Ein kan nytta høgtrykkspylar eller sprøyta kjemikalier oppetter veggane. Då må ein og stå i stige, og sjeldan får ein meir merksemd enn då.
I morgon tek eg til på den jobben. Eg set opp stigen, fyller kraftvask i hagesprøyta mi, og lar det stå til. Så har eg ein avtale med Vår Herre om at nedspylinga av skit og renseveske, tek han seg av. 
Denne jobben trur eg kan gjennomførast på ein maskulin måte som tek vare på våre beste tradisjonar frå oppveksten min. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar